Det har lenge vore eit mysterium korleis hjernen kvittar seg med overflødig væske. Fram til no har ein nemleg trudd at hjernen manglar eit lymfesystem (sjå faktaboks), noko resten av kroppen har.
No har ei forskargrupppe oppdaga eit lymfesystem i hjernen for første gong.
– Lærebøkene må skrivast om, seier Kevin Lee til Neuroscience News. Lee er ein av forskarane bak studien som er publisert i Nature.
– Eg trudde ikkje at vi enno kunne finne strukturar i kroppen som vi ikkje visste om. Eg trudde vi hadde kartlagt kroppen, seier forskaren Jonathan Kipnis, som også er involvert i studien.
Ruta ut av hjernen
– Dette er ei spennande oppdaging, seier professor Erlend Nagelhus ved Institutt for medisinske basalfag til NRK.
Han meiner likevel det er litt upresist å seie at det nyoppdaga lymfesystemet sit i hjernen, då det eigentleg er lokalisert i hjernehinnene utanfor hjernen.
Det nye funnet passar godt saman med oppdagingar Nagelhus tidlegare har gjort:
I 2012 oppdaga Nagelhus og kollegaer vasskanalar som går langs blodårene i hjernen. Desse vasskanalane er hjernens erstatning for eit lymfesystem, og dei fører væske ut av hjernen.
- Les om Nagelhus si oppdaging hos Forskning.no: Vannkanaler renser hjernen
Siste steg av prosessen, korleis hjernen fekk lymfevæska ut av sjølve kranieholrommet, har vore ukjent fram til no.
– Dette utfyller dei funna og observasjonane vi alt har gjort. Dette er nok den siste del av ruta som fører lymfevæska ut av hjernen.
- Les også:
- Les også:
Alzheimer og MS
Forskarane har tru på at det nye funnet kan bli viktig for å forstå og behandle sjukdommar som oppstår i hjernen, som til dømes Alzheimer og multippel sklerose, MS.
– I Azheimers sjukdom er det opphopingar av store bitar protein i hjernen. Vi trur at grunnen til at dei hopar seg opp kan vere at lymfesystemet ikkje klarar å fjerne dei på ein effektiv måte, seier Kipnis.
Forskarane har også notert seg at lymfesystemet ser ut til å endre seg med alder, noko som kan vere ein viktig faktor for utvikling av sjukdom. Dette ønsker dei å sjå nærare på.
Ny metode
Grunnen til at hjernen kunne skjule eit lymfesystem for forskarane i så mange år, kan vere at det var nokså bortgøymt.
Det var forskaren Antoine Louveau i Kipnis si forskingsgruppe som først kom på sporet av lymfesystemet etter at han utvikla ein metode for å overføre hjernehinnene til ei mus i eit heilt stykke.
Då han studerte hinnene i mikroskopet oppdaga han åre-liknande mønster, som viste seg å vere lymfeårer.