Hopp til innhold

Slik endrar lesing hjernen din

Når vi lærer å lese og skrive blir hjernen vår aldri den same igjen. Her er ein guide til lesehjernen.

Førsteklassingen Jenny på Eberg skole.

I løpet av første skuleår har Jenny og dei fleste andre norske skulebarn knekt lese- og skrivekoden. Det medfører ei varig endring av hjernen.

Foto: Unni Eikeseth, NRK

På arket framfor Jenny på 6,5 år står det SOL med store bokstavar. Kva tenker ho når ho ser dei tre bokstavane? – Då ser eg for meg ei sol med ein gong, seier ho.

Jenny har nemleg knekt koden for samanhengen mellom skriftleg og munnleg språk i likskap med dei andre i trinnet hennar på Eberg skole i Trondheim.

Ho har fått ein lese- og skrivehjerne.

Alle vi som har lært å lese har endra hjernen vår for alltid. Hjernen vår er annleis enn hjernen til ein person som aldri har lært å lese.

Alt i løpet av det første året vi går på skulen, har det hos dei fleste av oss nemleg oppstått nye koplingar i hjernen som ikkje var der før, og hjernen har blitt ommøblert. Dette kjem fram i ein ny oversikt over korleis lesing endrar hjernen som er publisert i Nature.

Det er hovudsakleg på tre måtar hjernen har blitt endra hos lese- og skrivekyndige. Her er ein guide til din endra hjerne:

Områda i hjernen som blir endra når vi lærer å lese

Når vi lærer å lese medfører det auka aktivitet og spesialisering i områda i hjernen som er merka med raudt. I tillegg skjer det ei omorganisering av koplingar mellom synsområda og områda som har med språklege lydar å gjere. Som eit resultat av desse endringane får vi tilgang til det munnlege språksystemet gjennom synet. Voilà!

Foto: Illustrasjon: Marco Vaglieri.

Visuelt system blir kopla til språksystem

Noko av det viktigaste som skjer når vi lærer å lese er at den delen av hjernen som har med munnleg språk å gjere, må bli kopla til syn.

– Når vi lærer å lese legg vi til heilt nye nevrale kretsar som koplar seg på det gamle språklege systemet i hjernen, fortel professor Mila Vulchanova til NRK.

Ho er professor er ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU, og forskar på dei nevrologiske sidene ved språklæring. Vulchanova er også leiar for Language Acquisition Processing Lab ved NTNU.

– System i hjernen som primært skal bearbeide visuell informasjon, begynner i staden å bli spesialisert til å bearbeide bokstavar. Desse endringane blir lagt til det gamle språksystemet, fortel ho.

Runestein fra vikingtid

I motsetning til munnleg språk, er skriftspråket ei forholdsvis ny oppfinning. Her er skriftspråk representert ved runeskrift.

Foto: NRK

Mens mennesket sannsynlegvis har hatt eit munnleg språk i rundt 200.000 år, er skriftspråket ei forholdsvis ny oppfinning som dukka opp for om lag 4000 år sidan. Skriftspråket har altså berre vore med oss i ein svært liten del av menneskets historie.

Evolusjonært har ikkje menneskehjernen forandra seg noko særleg i løpet av denne tida, dermed måtte vi altså bruke om att det vi alt hadde på plass i hjernen når vi skulle tileigne oss skriftspråk.

Det er svært interessant, og det har skjedd i vår utvikling som art. Men det skjer også hos kvart einaste individ som begynner å lese, fortel Vulchanova.

Vi snakkar altså her om ei endring av hjernen som ikkje går i arv til neste generasjon, men må lærast av kvar enkelt av oss. Det er ei kulturell endring av hjernen vår.

Professor Mila Vulchanova

Professor Mila Vulchanova.

Foto: Unni Eikeseth, NRK

Ansiktsgjenkjenning blir flytta

Ein annan ting som skjer når vi lærer å lese er at hjernen blir ommøblert litt. Eit område i den venstre hjernehalvdelen som er spesialisert på ansiktsgjenkjenning går i staden over til å kjenne igjen bokstavar.

Dette er Skritteikn-området, eller Visual Word Form Area som forskarane kallar det.

– Ansiktsgjenkjenning er ein evolusjonært viktig eigenskap, det handlar om overlevingsinstinktet vårt, fortel Vulchanova.

Det er lett å sjå for seg at det er viktig for eit spedbarn å kunne kjenne igjen ansikt og ansiktsuttrykk.

Etter at vi har blitt lesarar skjer ansiktsgjenkjenning stort sett berre i den høgre hjernehalvdelen, i motsetning til begge halvdelar.

Vulchanova fortel at dette likevel ikkje betyr at vi blir dårlegare til å kjenne att ansikt, fordi vi i utgangspunktet hadde «for mykje» av det.

– Det held at vi prosesserer det i den eine hjernehalvdelen, seier Vulchanova.

Bokstaven Æ

Høyrer du lyden av denne vokalen når du ser bokstaven? Lese- og skrivekyndige har lært å kople bokstavar til lyd.

Foto: NRK

Skårar betre på munnleg språk

Ein tredje måte hjernen endrar seg på etter at vi har lært å lese, er koplinga til lyd. Når ein lesekyndig ser eit ord skrive, høyrer personen automatisk også korleis ordet blir uttalt.

Forskarar har skanna hjernen til analfabetar og lese-og-skrivekyndige og fann då at ein del av språksystemet (det perisylvanske språknettverket) hos dei lesekyndige reagerte like godt på skriftlege setningar som munnleg språk.

Språksystemet hos analfabetar vart derimot ikkje trigga av å sjå skriftlege ord.

Overraskande nok fann forskarane at lese- og skrivekyndige faktisk også skåra betre enn analfabetar på munnlege språk.

I eit område i hjernen kalla planum temporale lagrar vi representasjonar for alle konsonantar og vokalar for morsmålet vårt.

Forskarar har funne at dette området blir dobbelt så sterkt aktivert hos lesekyndige som hos analfabetar.

– Det fonologiske medvitet vårt blir betre, seier Vulchanova.

Ho fortel at dersom ein for eksempel spør eit barn om kva for lyd som er først i ordet «best» (be), så vil ikkje små barn kunne gi eit svar på dette.

– Om vi spør om enkeltlydar, så er det vanskeleg. Det er først etter at vi har lært å lese at vi begynner å bli gode på dette, seier ho.

Førsteklassingane Ole og Jenny frå Eberg skole.

Å lære å lese og skrive er ikkje heilt lett. Ikkje så rart, når hjernen skal ommøblerast om omkoplast før alt er på plass. Biletet viser Ole og Jenny i første trinn ved Eberg skole.

Foto: Unni Eikeseth, NRK

Engelsk vanskelegast

Kor raskt samankoplinga av språksystemet og det visuelle systemet skjer, avheng likevel av kva for språk du skal lære.

Mens dei fleste norske barn er ferdig-kopla i løpet av det første året dei lærer å lese, er leseferdigheitene hos blant anna franske, portugisiske og danske barn langt dårlegare i løpet av same tid.

Desse språka er rett og slett vanskelegare å lære å lese.

Why

Kvifor må engelsk vere så vanskeleg? For eit barn som lærer å lese er det ikkje lett å vite verken korleis ein skal uttale eller skrive det engelske ordet Why.

Foto: Colourbox

Engelsk kjem likevel i ei særklasse.

Forsking viser at engelskspråklege barn berre klarar å lese om lag ein tredel av orda riktig etter eitt år med leseopplæring.

– Det er fordi det engelske språket er veldig lite føreseieleg. Det er lite korrelasjon mellom lyd og bokstav, og det er umogleg å føreseie korleis engelske ord skal skrivast, seier Vulchanova.

– Ikkje så vanskeleg

Jenny og klassekameraten Ole i første klasse ved Eberg skole skriv av eit 17. mai-dikt i arbeidsboka si. Det går leikande lett. I løpet av dette første året på skulen har dei nyleg gått gjennom desse endringane av hjernen. Korleis har dei opplevd å lære å lese og skrive?

Ole, 7 år.

Førsteklassingen Ole.

Foto: Unni Eikeseth, NRK

– No er det ikkje så vanskeleg, men i starten var det litt vanskeleg, seier Jenny.

Ole synest også det var vanskeleg i starten.

– Eg syntest det kjendest litt sånn at plutseleg begynte eg å tenke på noko heilt anna i hovudet, seier Ole.

Begge syntest det er heilt ok å vite at hjernen deira har forandra seg undervegs.

Jenny synest også at ho har merka at hjernen har jobba.

– Eg merker det nesten kvar gong. Eg tenker noko, og så skriv eg det opp, seier ho.