Hopp til innhold

Nyoppdaga pattedyrart har giftig bit

Forskarar fann ny art av den giftige dovenlorisen i jungelen på Borneo.

Kayan loris

Den nye pattedyrarten Kayan loris er lett å kjenne att på det maskeliknande mønsteret i ansiktet.

Foto: Ch'ien C. Lee/ Oxford Brookes University

Kayan loris

Dovenlorisen Kayan loris.

Foto: Ch'ien C. Lee/ Oxford Brookes University

Eit internasjonalt team av forskarar har oppdaga ein ny pattedyrart med maskeliknande ansikt og giftig bit i jungelen på Borneo.

Dyret er ein ny art av dovenloris (Nycticebus), eit sjeldan pattedyr som er i slekt med lemurar. Som namnet tilseier er dovenlorisen vanlegvis eit svært langsamt dyr.

Den nye arten har fått namnet Kayan loris etter elva Kayan i området i regionen på Borneo der han vart funne.

Giftkjertel på armen

Som ein av svært få pattedyrartar, kan dovenlorisen produsere eit giftstoff som gir han eit bit giftig nok til å drepe andre dyr. Det finst per i dag ingen kur mot gifta.

Gifta lagar dovenlorisen i ein giftkjertel på armen. Når lorisen sleikjer på kjertelen blir det laga eit giftssekret som blir aktivert av spyttet i munnen.

Forskarane er enno ikkje sikre på kvifor dyret har utvikla det livsfarlege bitet, men ei hypotesar går i retning av at spyttet nyttast som eit forsvar mot åtak frå andre dyr.

Lorisen nyttar blant anna gifta når dei steller pelsen babyane sine, noko som kan gi dei vern mot rovdyr.

Dovenloris

Dovenlorisen (Nycticebus) lever i Sør-Aust-Asia, frå Bangladesh til Borneo. Store auge hjelper det nattaktive dyret å sjå i mørket.

Foto: Oxford Brookes University

Framleis uoppdaga artar blant nattaktive dyr

Det er studiar av fargemønster på lorisartane på Borneo som har ført til oppdaginga av den nye arten.

Lorisen har vanlegvis eit karakteristisk mønster på kroppen og ansiktet som kan nyttast til å skilje mellom ulike artar. Men nattaktive lorisar har mindre oppsiktsvekkjande fargar, og har derfor færre ytre skilnader.

I tillegg til den nye arten, oppdaga forskarteamet at to artar som ein tidlegare trudde var underartar er to sjølvstendige artar av dovenloris.

Funna tyder på at det framleis finst ukjende artar som står att å oppdaga i jungelen i Borneo og omliggjande øyar, inkludert Filippinane.

Sjå nattleg videoopptak av dovenloris som klatrar i tretoppane:

– Teknologiske framsteg har auka vår kunnskap om mangfaldet av fleire nattaktive pattedyr, fortel Rachel Munds frå University of Missouri Columbia i ei pressemelding frå Oxford Brookes University.

– Tidlegare var mange artar uoppdaga fordi dei vart feilaktig samla under ein art. Mens talet på kjende primatartar har blitt dobla dei siste 25 åra, er det framleis nattaktive artar som er ukjent for vitskapen, seier ho.

Om det finst fleire artar av dovenloris i små og sårbare lommer av jungelen i desse områda, kan dei vere trua av menneskeleg aktivitet og handel med kjæledyr, fryktar forskarane.

– Dette funnet vil vere til hjelp med å bevare desse mystiske primatane, sjølv om undersøkingar frå Borneo tyder på at desse artane er enten svært vanskeleg å finne eller at det er svært få av dei, seier Munds.