NRK Meny
Normal

Oppdaga ny insektart på Flickr

Eit amatørbilete av eit uvanleg insekt viste seg å vere ny art. – Godt eksempel på samarbeid mellom forskarar og amatørar, seier norsk biolog.

Semachrysa jade

Arten Semachrysa jade vart oppdaga då ein amatør la ut eit biletet på Flickr.

Foto: Kurt (orionmystery), under Creative Commons Attribution License (CC-BY)

Eit uvanleg insekt fanga på film i Malaysia og lasta opp til fotonettstaden Flickr viste seg å vere ein heilt ny art som var ukjend for vitskapen, skriv The Picture Show.

– Eg lurte først på om dette var tull og at nokon hadde teikna på vengjene, seier insektforskar Kaare Aagaard til NRK.no om arten som nyleg er skildra i ein vitskapleg artikkel i ZooKeys.

Uvanleg flekk

Insektet knipsa av kameraet til amatørfotograf Guek Hock Ping med tilnamnet «Kurt (orionmystery) »er ein gullauge, ein insekttype som har fått namnet sitt på gullglansen i auget.

Men mens slike insekt vanlegvis har gjennomsiktige vengjer, har denne ein vakker og uvanleg flekk med svarte linjer og blå flekker.

Det ser nesten ut som ein bit av ein sommarfulgvengje er limt på dei elles gjennomsiktige vengjene.

Ved eit slumpehell oppdaga insektsforskar Shaun Winterton biletet mens han såg gjennom insektbilete på nettet. Witherton kjende godt til gullauge, men hadde aldri sett ein med slike flekker på vengjene.

Entomologen ved California Department of Food and Agriculture sende lenka til fleire kollegaer, som heller ikkje hadde sett noko liknande.

Insektforskaren kontakta fotografen for å høyre om han også hadde eit eksemplar av insektet, men dessverre var det for lengst flydd av garde etter å ha blitt fotografert.

Eit heil år etter vart Witherton kontakt igjen av fotografen. Han var tilbake på den same staden, og hadde komme over det særeigne insektet igjen.

Entomologen instruerte han i korleis han skulle fange insektet i ein boks. Deretter tok det ikkje lang tid før Witherton hadde insektet i hende og kunne slå fast at det verkeleg var ein ny art.

Det vakre insektet fekk namnet Semachrysa jade, som ikkje er etter den svakt grøne fargen på insektet, men er oppkalla etter Withertons dotter Jade.

Semachrysa jade

Gullauge er også utbreidt i Noreg, sjølv om vi ikkje har akkurat denne flekkvengja arten.

Foto: Kurt (orionmystery), Creative Commons Attribution License (CC-BY)

– Kjempegodt eksempel

Insektforskar Kaare Aagaard har sansen for at samarbeid mellom amatørar og forskarar fører til oppdaging av nye artar.

– Dette er eit kjempegodt eksempel på den moderne verda som vi forskarar må lære oss å bruke, seier Aagaard.

Han fortel at mens det tidlegare tok ei veke å få tilsendt eit eksemplar i posten, kan han no få ein MMS med artsbilete umiddelbart, og straks svare på om dette er ein kjent art eller noko nytt.

– Ulempa med det er at folk som regel trur at det dei har funne er meir spennande enn det er, seier Aagaard og fortel at det kan vere ei utfordring å overtyde folk om at dette faktisk er ein vanleg art.

Likevel er det slett ikkje så uvanleg at amatørar oppdagar nye insektartar, ifølgje insektforskaren.

– Men då er det gjerne snakk om fargerike sommarfuglar. Nye artar av små svarte fluger og mygg er det som oftast vi insektforskarar på musea som oppdagar, seier han.

Ventar på å bli oppdaga

Og det er enno mange uoppdaga insektartar som berre ventar på å bli sett, også i Noreg. Forskarane reknar med at verdas 830 000 kartlagde insektartar berre er ein brøkdel av artane som finst.

Aagaards heitaste tips til kvar vi amatørar kan finne ein ny art er i gruppa parasittveps.

– Dette er små slanke vepsar som ser ut som veldig slanke fluger. Dei har ofte ein lang brodd bak som folk ofte er redd fordi den ser ut som den kan stikke, men brodden er til egglegging. Her kan det nok vere titals uoppdaga artar, seierAagaard.

– Dei finst over alt, også i ein vanleg hage. Og dei flyg ofte mot vindauge som står oppe, seier Aagaard.

Om du drøymer om å finne ein ny art, kan du altså ha flaks og finne det i din eigen hage.