Hopp til innhold

Norsk mikrofotograf blant verdas beste - sjå bileta

Flaggermusembryo og blod-hjernebarrieren under lupen i mikroskopisk fotokonkurranse. – Kjempegøy, seier norsk mikrofotograf som er blant dei ti beste.

Mikrofotografar over heile verda har sett gjennom mikroskopet og sendt inn sine aller beste motiv til konkurransen 2012 Photomicrography competition.

Bileta viser alt frå skjulte kroppslige strukturar til personlege nærportrett av mygg og edderkoppar.

Gaupeedderkoppar og beinkreft

Årets vinnarbilete viser eit spektakulært bilete av blod-hjernebarrieren hos eit sebrafisk-embryo.

1934837h Nikon Small World photomicrography competition, Britain - Oct 2012

Denne vakre strukturen er blod-hjernebarrieren hos embryoet til ein sebrafisk.

Foto: Dr J. Peters/Dr M. Taylor / Rex Feature/All Over Press

Blod-hjernebarrieren er svært viktig for funksjonen av nervesystemet, og i utvikling av enkelte sjukdommar.

Forskarane Jennifer L. Peters og Michael R. Taylor ved St Jude Children’s Research Hospital i USA utvikla ein genetisk modifisert sebrafisk for å visualisere utviklinga av denne viktige strukturen i ein levande sebrafisk.

Les om teknikken som ligg bak biletet her.

1934837w Nikon Small World photomicrography competition, Britain - Oct 2012

Nyklekte gaupeedderkoppar.

Foto: Walter Piorkowski / Rex Feature/All Over Press

Andreplassen gjekk til Walter Piorkowski for biletet av to heilt unge gaupeedderkoppar, mens nok eit vitskapleg bilete stakk av med tredjeplassen i motivet av beinkreft hos menneske tatt med hjelp av Structured Illumination Microscopy (SIM). Dette biletet er tatt av Dylan Burnette ved National Institute of Health i USA.

1934837v Nikon Small World photomicrography competition, Britain - Oct 2012

3.plass i mikrofotokonkurransen gjekk til dette biletet av beinkreft under mikroskopet.

Foto: Dr. Dylan Burnette / Rex Feature/All Over Press

Den norske amatørmikrofotografen Geir Drange nådde også opp blant vinnarane i konkurransen der det var over 2000 påmeldte bilete frå 70 land.

– Maur er spennande fotoobjekt

Dranges biletet av ein vanleg norsk skogsmaur med larve fekk 9. plass i kåringa.

– Kjempegøy, seier Drange om å ha eit bilete blant dei ti beste. – Eg har berre drive med denne teknikken i to år, så eg reknar meg som nybegynner.

Fotografering av maur er berre ein hobby for Drange, som slett ikkje er maurforskar, men er ingeniør av yrke.

– Maur er spennande fotoobjekt. Dei har ei anatomisk avansert overflate og spennande detaljar som berre blir synlege under mikroskop, seier mikrofotgrafen.

Puttar maur i fryseboksen

Geir Drange fortel at han fanger maurane rett utanfor huset, og puttar dei i frysaren for å avlive dei.

– Når eg tiner dei opp igjen har dei akkurat same utsjånad og kvalitet som levande maur, seier han.

Han brukar eit heimelaga oppsett for å lage mikroskopibileta. Han nyttar eit standard mikroskopobjektiv og koplar kamera på med ein adapter.

Konkurransen som har halde på sidan 1974 er ifølgje Nikon Small World blitt den viktigaste staden for mikrofotografar å vise fram bileta sine.

Du kan sjå fleire bilete frå konkurransen her.

Sjå fleire lekre biletgalleri frå NRK Vitskap og teknologi her:

Småkryp i stort format

Insekt overraska av regnet

På dypt vann

Insekt og blekksprutar para i kunstnars framstilling