NRK Meny
Normal

Insekt og blekksprutar para i kunstnars framstilling

Finsk kunstnar har skapt ein ny fantasiorden i dyreriket. – Kunne ha eksistert, kommenterer norsk biolog. Sjå animerte bilete i saka.

I ei serie vakre animerte GIF-illustrasjonar har den serbiskfødde finske kunstnaren Vladimir Stankovic latt seg inspirere av dei vakre formene hos to svært ulike dyregrupper, skriv Huffington post.

Sjå animerte GIF-bilete med blinkande mønster lenger nede i saka.

– Lever i grotter under havet

Kunstnaren har skapt sin eigen hybridorden av fantasidyr innan dyreriket som han har kalla Cephalodoptera.

Første halvdel av namnet skriv seg frå namnet på blautdyrklassen blekksprutar (Cephalopoda), mens endinga optera kjem frå namnet på fleire insektordenar.

Bileta er presentert på kunstnarens eiga side på nettstaden Behance, og her skriv forklarar Stankovic også korleis ei så mangfaldig og omfattande dyregruppe har klart å unngå blikket til verdas vitskapsfolk.

Dyra lever nemleg i dei djupaste undervassgrotter i alle verdas hav. Med eigenskapane og intelligensen til møll, biller, åttearma og tiarma blekksprutar har desse dyra klart å gøyme seg for vitskapen i århundrar, ifølgje Stankovic.

Kunstnaren skriv også at det i denne augneblinken blir utført eksperiment og testar for å finne ut meir om desse mystiske skapningane.

– Kunne ha eksistert her

Zoolog Torfinn Ørmen ved Høgskolen i Oslo og Akershus synest Stankovic sine bilete er morosame, og skulle gjerne ønska at Cephalodoptera var ein verkeleg dyreorden.

– Dei kunne godt ha eksistert her på jorda viss berre livets historie hadde vore litt annleis. I forhold til alle dei forunderlege vesena som allereie lever på denne planeten er ikkje desse veldig sære, seier Ørmen, og legg til:

– Dei kunne i teorien eksistere på alle planetar som har tilhøve som liknar på jorda.

På spørsmål om han trur fantasidyra til Stankovic ville fly eller symje, seier han at det ville komme an på storleiken på vengjene.

– Veldig korte vengjer er gode til å symje med, men ubrukelege til å fly med, og tilsvarande er det omvendt for svært lange vengjer. Vengjer som er litt korte kan brukast til begge deler, så det er absolutt ei moglegheit for at nokre av dyra kan begge deler.

Kan biologar bruke slike gale kunstariske idear til noko?

– Det er litt vanskeleg å bruke det direkte, men dei er morosame til å samanlikne med ting som faktisk eksisterer. Og dei kan nyttast som inspirasjon for å tenke over om for eksempel slike følehorn ville fungere bra under vatn, seier Ørmen.

Her ser du GIF-bileta med levande rørsler:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.