Hopp til innhold

Zoomar inn på mikromonster

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Væpna med kamera og mikroskop har multimediakunstnar fanga ørsmå vesen i levande film. Sjå den utrulege videoen.

Mygglarvar, grønalgar og ørsmå skaldyr er blant vesena som er filma på kloss hald av 27-år gamle Clemens Wirth frå Innsbruck i Austerrike.

Hovudpersonane i Wirths film er alle vasslevande småkryp som er filma i sitt naturlege miljø i vatn frå innsjøar og dammar eller vatnet frå fisketankar.

Gjennom mikroskopet gir Wirth oss tilgang til ei mikroskopisk verd der ingen av skapningane er større enn eit par millimeter.

Vimeo-sida si fortel With at han er ein entusiast for små ting, og at han hadde eit ønske om å gå djupare enn makrouniverset.

– Det er verkeleg fascinerande kor detaljert denne ørsmå verda er, fortel han.

Grønalge

Grønalgar, Volvox aureus.

Foto: Clemens Wirth

– Mikroskopi ei utfordring

Videoen er laga med eit Canon 5D Mark II-kamera kopla til eit mononukulart mikroskop (med berre eit kikhol).

– Den verkelege utfordringa var definitivt det låge djupneskarpleiken i mikroskopi, fortel Wirth.

I mikroverd-videoen har Wirth nytta såkalla dark field-mikroskopi. Dette er ein metode der ein kan ekskludere alt anna lys enn det lyset som blir sendt tilbake frå sjølve objektet ein filmar.

Teknikken får dei små vasslevande vesena til å framstå som om dei svever omkring i mørke omgivnader.

Mikrodyr

Eitt av dei bittesmå vasslevande vesena filma av Clemens Wirth.

Foto: Clemens Wirth

– Heile prosessen med å lage videoen tok om lag eit halvt år, fortel Wirth til Huffington Post.

Om du skulle få motvilje mot å drikke vatn etter dette, er det ingen grunn til det.

– Slapp av, du finn ingen av desse livsformene i ferskvatn eller drikkevatn, seier Wirth.

Minidyr filma gjennom mikroskop

Eitt ørlite vasslevande insekt filma gjennom mikroskop.

Foto: Clemens Wirth