Hopp til innhold

Ny måneferd skal avsløre månens mørke hemmeligheit

NASAs nye romsonde skal samle støv på månen for å finne svar på mystisk atmosfærefenomen observert av astronautar.

NASAs måneferd LADEE

Romsonden LADEE som blir skoten opp i september skal samle støv frå månens atmosfære.

Foto: NASA Ames / Dana Berry

Sjølv om månen er den kloden i solsystemet vi har utforska aller mest, er det enno mykje vi ikkje veit om vår næraste følgjesvein i rommet.

NASAs nye måneferd Lunar Atmosphere and Dust Environment Explorer (LADEE) har som mål å avdekke fleire av klodens hemmelegheiter.

LADEE-sonden som etter planen blir skoten opp 6. september, skal blant anna undersøke om støvkorn kan forklare eit underleg lysfenomen observert av månefararar.

Månen

Den støvkledde overflata er medverkande til at månen er ein av klodane som reflekterer minst lys av alle større klodar i solsystemet.

Foto: AURELIEN LAUDY / PHOTOPQR/L'UNION DE REIMS

Klistra seg til månedrakter

Utan ei beskyttande atmosfære som jorda har, har bombardement av måneoverflata gjennom 4 milliardar år har knust all opphavleg stein til eit grovt støv som dekker heile kloden.

Neil Armstrong har nettopp satt sine ben på månen 21. juli 1969.

Neil Armstrong på månens støvete overflate 21. juli 1969.

Foto: SCANPIX Sverige / SCANPIX

Den støvkledde overflata er medverkande til at månen er eitt av dei mørkaste større objekta i solsystemet, berre slått av Merkur. Månen sender berre tilbake 12 prosent av lyset som treffer han frå sola.

Månestøvet er skildra som fint som mjøl og grovt som sandpapir, og Apollo-astronautane som besøkte månen oppdaga fort støvets irriterande eigenskapar.

Støvet klistra seg til romdraktene og huda og gav astronautane månehøysnue. Attpåtil førte det medbrakte støvet til veritable støvstormar om bord då romfararane returnerte til rommet.

Irriterande eller ei, forskarar trur at dette støvet også kan vere opphav til ein mystisk glød i månehorisonten før soloppgang.

LADEE

LADEE-romsonden skal gå i bane omkring månen i 100 dagar.

Foto: NASA Ames / Dana Berry

Statisk elektrisitet

Trass i at måneatmosfæren er for tynn til å gi atmosfærefenomen som morgonraude, har astronautar på fleire måneferder observert eit lysfenomen av lysstrålar i horisonten, like før soloppgang.

Forskarane trur at UV-stråling frå sola gjer at elektriske ladningar byggjer seg opp i grenseområdet der månens nattside møter dagsida.

Desse ladningane kan vere nok til å løfte støvet høgt opp i atmosfæren, der det kan vere ansvarleg for lysfenomenet ved å spreie innkommande lysstrålar, trur NASA-forskarane.

Utstyrt med sin eigen variant av ein høgteknologisk støvkost, kan LADEE kanskje finne svaret på dette spørsmålet ein gong for alle.