Hopp til innhold

NASA krasjar suksessprosjekt på månen

Romsondane Flo og Fjøre avsluttar oppdraget i ein spektakulær krasj på månens overflate i dag.

Romsondane Flo og Fjøre

Tvillingsondane Flo og Fjøre vil styrte mot månens overflate i dag etter eitt års oppdrag.

Foto: NASA

Dei to amerikanske månesondane Ebb og Flow (Flo og Fjøre), vil i dag kl. 11.28 norsk tid gjere ein kontrollert krasj mot månens overflate. Med dette vil sondane få ei spektakulær avslutning på eit oppdrag som har vart om lag eit år.

Tvillingsondane vil bli styrt til å krasje i eit fjell nær Goldschmidt-krateret på månen med berre 20 sekunds mellomrom.

Sondane vil treffe måneoverflata i ein fart på om lag 6050 kilometer i timen.

Sjå romskipas siste reis i denne NASA-animasjonen:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Avslørte månens turbulente fortid

Dei to tvillingsondane har gått i bane omkring månen sidan januar 2012 for å måle himmellekamens tyngdefelt i stor detalj i eit prosjekt med namnet GRAIL (Gravity Recovery and Interior Laboratory).

– Det blir vanskeleg å seie ha det, sa GRAIL-leiar Maria Zuber. Vår små robot-tvillingar har vore eksemplariske medlem av GRAIL-familien, og planetærvitskap har gjort stor framgang takka vere deira bidrag.

GRAIL har gitt forskarane den mest detaljerte oversikta over tyngdefeltet for nokon planet i solsystemet vårt, inkludert jorda, ifølgje Zuber.

Blant oppdagingane som er gjort med GRAIL, er at månen må ha hatt ein svært turbulent fortid. Kjempemeteorar har knust måneskorpa til porøs pukk for milliardar av år sidan, då solsystemet var i sin barndom.

Ikkje synleg frå jorda

I første del av Flo og Fjøres oppdrag flaug sondane om lag 55 kilometer over måneoverflata, for så å gå ned til 23 kilometers høgde i neste del av måneopphaldet. I denne høgda har sondane vore berre nokre få kilometer over månens høgste fjell.

Måneoppdraget kan ikkje forlengast meir, fordi sondane no er nesten tomme for drivstoff.

Sidan tvillingane til sjuande og sist vil krasje i overflata uansett, nettopp på grunn av månens tyngdekraft som sondane har studert, vil GRAIL-teamet heller ta dei ned på ein kontrollert måte.

Slik kan dei blant anna unngå at sondane krasjar i bevaringsverdige landingsstadar for Apollon-fartøya.

Frå jorda vil vi sjå lite til det spektakulære krasjet.

– Flo og Fjøre er vaskemaskinstore romskip med tomme drivstofftankar, så vi forventar ikkje å sjå eit lysglimt som er synleg frå jorda, seier Zuber.