Hopp til innhold

Milepælstudie avslører kreftmutasjonar

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Forskarar har funne 21 mutasjonar som er årsaka til dei vanlegaste kreftformene. – Viktig resultat, seier norsk professor som trur dette kan vere til hjelp i kreftbehandling.

I ein milepælstudie innan kreftforsking, publisert i Nature, har britiske forskarar kartlagt 21 mutasjonar som står bak den store majoriteten av krefttilfelle. Dette skriv BBC News.

Mutasjonane det er snakk om står bak 97 prosent av dei 30 mest vanlege kreftformene hos menneske, blant anna lungekreft, brystkreft og prostatakreft.

Professor Hans Krokan, NTNU

Professor Hans Krokan, NTNU.

Foto: NRK

– Dette er eit viktig resultat, seier professor Hans Krokan ved Institutt for kreftforsking og molekylærmedisin ved NTNU til NRK.no.

Blant dei millionar av mutasjonar som er kjent i kreft, har det til no vore ukjent kva for nokre av desse som driv fram kreftsjukdommen, og kva for nokre som berre er uskuldige passasjerar, fortel Krokan.

Nye og effektive verktøy for gensekvensering og avansert bioinformatikk har no gjort det mogleg å finne ut kva for mutasjonar som går igjen.

–Ein er no på sporet av dei mutasjonane som er dei viktigaste bidragsytarane til kreftutviklinga, seier Krokan.

Funnet kan ha betydning for djuptgåande diagnose av kreft, og også gi informasjon om prognose og kva behandling kreftforma kan respondere på, seier Krokan.

Genetisk graffiti

Kreft skuldast at noko går feil i kroppens eigne celler, slik at det fører til ukontrollert vekst. Feilen skuldast mutasjonar som cellene kan plukke opp gjennom eit langt liv, eller ved ytre påverknadar som røyking og stråling. Virus er også kjent som årsak til nokre mutasjonar, til dømes i livmorhalskreft.

Men som forskarane skriv i Nature-artikkelen har vi enno påfallande lite kunnskap om korleis desse mutasjonsprosessane går føre seg.

Forskarar leia av the Wellcome Trust Sanger Institute i England leita etter årsakene til desse mutasjonane i over 7000 prøvar frå pasientar med dei 30 vanlegaste kreftformene.

Frå 4,9 millionar studerte mutasjonar kunne forskarane trekkje ut 21 ulike genkjenneteikn som forklarte årsaka til heile 97 prosent av desse vanlegaste kreftformene.

–Gøymt inne i kreftgenomet ligg dette mønsteret, desse signaturane, som kan fortelje oss kva som forårsaka kreft. Dette er viktig kunnskap å ha, seier professor Mike Stratton, leiar av Sanger Institute til BBC.

– Eg synest dette er ein stor milepæl, seier Stratton.

Tviegga sverd

I tillegg til tobakk og UV-stråling, var alderdom og kroppens immunsystem årsak til mange av dei 21 mutasjonane.

Som del av kroppens forsvar mot virus svarer celler på virusinfeksjonar med å aktivere ei gruppe enzym som muterer virusa til dei ikkje lenger kan fungere.

Forskarane trur at denne forsvarsmekanismen er som eit tviegga sverd for kroppen, då det også skadar cellas eige arvemateriale, slik at ho lettare kan bli ei kreftcelle.

Men for heile 12 av mutasjonane har forskarane enno ingen forklaring.

Håpet er at ein kan avsløre årsaka til desse i miljøet, noko som bli viktig for å førebygge kreftsjukdom.