Hopp til innhold

Løpske planetar suser gjennom rommet i 50 millionar km/t

Forskarar har funne at planetar kan bli slyngt ut frå sentrum av galaksen med enorm fart.

Løpsk planet

Ein kunstnars illustrasjon av ein løpsk planet på vill ferd gjennom Mjølkevegen.

Foto: David A. Aguilar, Center for Astrophysics, Harvard-Smithsonian

Astrofysikarar ved Harvard-Smithsonian Center for Astrophysics i USA har funne at det finst løpske planetar som suser gjennom rommet med ein fart på opp mot 50 millionar kilometer i timen.

– Bortsett frå subatomiske partiklar veit eg ikkje om noko som beveger seg raskare i vår galakse enn desse løpske planetane, seier hovudforfattar av studien, Idan Ginsburg ved Dartmouth College, i ei pressemelding.

Astrofysikarane har enno ikkje sett slike løpske planetar direkte, men baserer seg på teoretiske studiar som viser at dei eksisterer.

– Vi kan aldri seie noko sikkert om verkelegheita før vi har sett det. Sjølv om det er rimeleg å trur at dei finst, skulle vi gjerne sett dei, fortel astrofysikar Jostein Riiser Kristiansen ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

Men det kan bli svært vanskeleg.

Per i dag har vi ikkje instrument som kan fange opp einsame hyperraske planetar sidan dei er svært sjeldne samtidig som dei også er mørke og langt borte.

Beveger seg med nokre prosent av lysfarten

For sju år sidan fann astronomar til si store overrasking ei stjerne som rasa ut av vår galakse, Mjølkevegen, med ein fart på 2,5 millionar kilometer i timen.

Dette fekk teoretiske astrofysikarar til å spekulere på om også planetar kunne bli slyngt av garde med slik ekstrem fart.

No viser altså datasimuleringar at slike løpske planetar faktisk eksisterer.

Medan dei fleste av desse løpske planetane vil ha ein fart på om lag 11–16 millionar kilometer i timen, kan enkelte også oppnå hastigheiter på opp mot 50 millionar kilometer i timen, noko som svarar til nokre prosent av lysfarten.

Svart hol riv planetar laus

Løpske planetar kan blir skapt når eit tostjernesystem med planetar nærmar seg galaksesentrumets supermassive svarte hol.

Enorme tyngdekrefter i det svarte holet i sentrum av galaksen vil kunne slite dei to stjernene med tilhøyrande planetsystem frå kvarandre.

Planetane kan då bli slyngt einsame eller saman med stjerna si ut frå sentrum av galaksen.

Einsam planet i mørket

Vandrarplanet

Løpske planetar er ein sjeldan underklasse av einsame vandrarplanetar som forskarar har funne at er like vanlege i vår galakse som planetar som krinsar rundt ei stjerne.

Foto: NASA/JPL-Caltech

Om vi kunne opplevd å vere på løpsk planet ville vi likevel ikkje ha merka så mykje til farten, ifølgje astrofysikar Jostein Riiser Kristiansen.

Jorda vår er nemleg også i fart, og beveger seg med om lag 900 000 kilometer i timen i ei sirkulær bane rundt sentrum av Mjølkevegen.

– Dersom jorda bevegde seg med 50 millionar kilometer i timen ville det framleis tatt over to hundre år å reise til den næraste stjerna, seier Riiser Kristiansen.

Sidan avstandane i galaksen vår er så store, ville vi heller ikkje opplevd at stjernene suste forbi.

Men til sjuande og sist, etter om lag ein million år, vil den einsame, løpske planeten bli kasta heilt ut frå Mjølkevegen.

– Då vil stjernehimmelen bli veldig kjedeleg, mørk og utan stjerner, fortel Riiser Kristiansen.