Hopp til innhold

Frittflytande planetar utan solsystem oppdaga i vår galakse

Heimlause planetar utan stjerner er sannsynlegvis like vanlege som planetar i solsystem.

Vandrarplanet

Ein einsam planet på storleik med Jupiter flyt einsam i rommet utan selskap av ei sol. Berre i vår eigen galakse kan det vere fleire hundre milliardar slike planetar.

Foto: NASA/JPL-Caltech

Astrofysikarar har funne ein ny klasse av eksoplanetar som svever fritt omkring i verdsrommet, utan å krinse omkring ei stjerne.

I studien som er leia av Takashiro Sumi frå Osaka Universitetet i Japan, har forskarane oppdaga ti slike frittflytande planetar på storleik med Jupiter i galaksen vår.

Dei nyoppdaga planetane er funne i ein avstand på om lag 10 000 til 20 000 lysår frå Jorda.

Oppdaginga tyder på at det kan vere mange slike foreldrelause planetar i universet som vi ikkje ser.

– Sannsynlegvis svært vanlege

Jostein Riiser Kristiansen

Astrofysikar Jostein Riiser Kristiansen trur vi vil oppdage fleire loffar-planetar med framtidige observatorium.

Foto: Universitetet i Oslo

– Det har lenge vore antatt at det eksisterer slike "foreldrelause" planetar, men det har vore usikkerheit rundt kor vanlege dei er. No viser det seg at dei sannsynlegvis er svært vanlege, seier Jostein Riiser Kristiansen ved institutt for Teoretisk Astrofysikk ved Universitetet i Oslo til NRK.no.

Teamet bak studien anslår at det er omkring dobbelt så mange av desse einsame planetane, som det finst stjerner.

Dette vil gjere slike planetar minst like vanlege som planetar som går i bane omkring stjerner.

Dette betyr at berre i vår eigen galakse, Mjølkevegen, kan det vere mange hundre milliardar av desse einsame vandrarane.

– Sannsynlegvis vil det vere endå fleire av desse interstellare loffarane som er små steinplanetar som Jorda, seier Riiser Kristiansen.

– Foreldrelause planetar med jordstorleik vil vere mogleg å oppdage med framtidige observatorium, slik som ESAs føreslåtte romobservatorium Euclid som kanskje skal skytast opp rundt 2018.

Sjå ein NASA-video som forklarar korleis vi kan oppdage fjerne vandrarplanetar (artikkelen held fram etter videoen):

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Sparka ut av heimafrå

Sjølv om desse planetane er einsame loffarar i dag, har dei ikkje alltid vore foreldrelause. Astrofysikarane trur at desse planetane har blitt fødd rundt ei moderstjerne, men at dei på eit tidspunkt har blitt kasta ut frå solsystemfamilien sin.

– Planetar kan bli kasta ut av eit planetsystem ved at dei blir påverka av tyngdekrafta av store planetbrør. Dette skjer truleg oftast tidleg i historia til eit planetsystem, før alle planetane har hamna i stabile baner, slik som planetane i vårt solsystem i dag, seier Riiser Kristiansen.

– Viss for eksempel noko hadde dytta Jorda ut av si stabile bane, er det ikkje umogleg at ho ville blitt slynga ut av solsystemet av Jupiter, fortel Riiser Kristiansen.

Heldigvis gjekk det ikkje slik med Jorda vår, som enno går trygt i bane omkring sola.

Bøyer lys

Microlensing Observations in Astrophysics

Dei frittvandrande planetane er oppdaga med hjelp av MOA-teleskopet på Mount John i New Zealand.

Foto: Microlensing Observations in Astrophysics

Dei nyoppdaga loffarplanetane er altfor fjerne og mørke til at vi kan observere dei direkte. I staden har det japansk-new zealandske-samarbeidet The Microlensing Observations in Astrophysics oppdaga dei enorme vandrarplanetane ved hjelp av eit fenomen som aller først vart skildra av Albert Einstein.

I 1936 publiserte Einstein ein artikkel der han hevda at tyngdekrafta frå ei stjerne kan fungere som ei linse og kan bøye lyset frå ei bakanforliggande stjerne.
Einstein meinte sjølv at vi aldri kunne ha noko håp om å observere dette fenomenet direkte, men no er dette altså mogleg.

– Viss vi ser på ei fjern stjerne, og det kjem svevande inn ein planet midt mellom stjerna og oss, vil planeten fungere som ei linse slik at lyset frå stjerna ser kraftigare ut mens planeten passerer, forklarer Riiser Kristiansen.

– For planetar med jupiterstorleik vil dette skje på ein karakteristisk måte, og lyset frå stjerna vil vere forsterka i om lag eit døgn før planetlinsa har passert synslinja og lysstyrken går tilbake til det normale, fortel astrofysikaren frå Universitetet i Oslo.