Hopp til innhold

Kunstig hud utvikla av forskarar

Ei kunstig hud som i framtida vil kunne gi følelse til robotar og proteser er utvikla av forskarar i USA.

GERMANY-AEROSPACE-ILA-MERKEL-ROBOT

Tynne stoff innebygd med ultratynne leidningar av halvleiande materiale kan i framtida gi robotar evne til å føle omgivnadene sine. Her helser roboten 'SpaceJustin' på Tysklands kansler Angela Merkel.

Foto: JOHANNES EISELE / Afp

Forskarar ved University of California i Berkeley har klart å trykke ultratynne nanoleidningar med breidde på berre ein titusendel av eit hårstrå på eit fleksibelt materiale. Stoffet har innebygde sensorar som gir stoffet evne til å registrere trykk.

Stoffet har fått namnet e-skin, og vil kanskje ein dag kunne utgjere huda til robotar.

–Ideen er å ha eit materiale som verkar som menneskeleg hud, som betyr at det også må kunne ha evna til å føle og ta på gjenstander, seier Ali Javey ved University of California i Berkeley til Telegraph.

–Menneske veit vanlegvis korleis ein skal halde eit skjørt egg utan å knuse det. Viss vi ville ha ein robot som kunne ta ut av oppvaskmaskina, for eksempel, ville vi forsikra oss om at den ikkje knuste vinglasa i prosessen. Men vi ville også at roboten skulle kunne gripe ei kasserolle utan å miste den, seier Javey.

Forskarane håper også at den kunstige huda kan gi følelse til protesar, slik at menneske kan få tilbake kjensle i kroppsdelen dei har mista.

Første gong i makroskala

Dei siste åra har det vore ei rivande utvikling med å trykke halvleiande nanoleidningar på fleksible underlag. Dette har blant anna ført til utvikling av bøyelege transistorar og sensorar.

Til no har desse følande materiala hatt ei avgrensa storleik på 1 kvadratcentimeter.

Javey og hans kollegaer ved University of California har klart å lage det første makroskalastoffet med innebygde nanoleidningar.

AUSTRIA/

Tankestyrt handprotese laga av protesemaker Otto Brock i Østerrike.

Foto: HEINZ-PETER BADER / Reuters

Deira kunstige hud er opptil 7 x 7 cm2.

Arbeidet deira vart nyleg publisert i Nature Materials.

Ruller på nanoleidningane

Forskarane startar med å gro nanoleidningar av halvmetalla germanium og silisium på ein sylinder. Deretter rullar dei sylinderen over eit klistrete materiale slik at nanoleidningane festar seg på underlaget.

Slik kan forskarane bygge tynne, bøyelege lag av elektroniske stoff.

Supersensitve sensorar

Samtidig har forskarar ved Stanford university utvikla ein sensor som er så følsom at han kan registrere vekta av ein sommarfugl.

Innebygd i elektronisk hud, kan desse sensorane få ei mengde bruksområde innanfor medisin, deriblant robotkirurgi.

Sjå video: