Hopp til innhold

Dette nanopulveret kan lagre klimagassar

Eit uvanleg pulver viser lovande eigenskapar for å lagre klimagassar, i følgje engelske forskarar.

dry water
Foto: Ben Carter/ University of Liverpool

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

- 1 ml av pulveret kan binde 150 ml CO2, seier forskar Ben Carter ved University of Liverpool til NRK.no.

Pulveret som kallast "Dry water" er eit uvanleg kvitt pulver som minner om sukker, men som frigjer vatn om du klemmer på det .

Tilnamnet tørt vatn har det fått fordi det oppfører seg som ein tørt pulver, men består av 95% vatn.

sand

Fine sandkorn på ei strand består av silikat. 'Tørt vatn' er laga av ørsmå silikatpartiklar på 50 nanometer.

Foto: Bobanny

Pulveret består av nanopartiklar av silisiumdioksid, eller silikat, som er det mest vanlege mineralet i jordskorpa. Silikat førekjem i naturen blant anna som sand og kvarts.

Kvar partikkel i pulveret inneheld ein drope vatn som er omgitt av silikatpartiklar, omtrent som når du slepp ein vassdrope ned i fin sand. På overflata av kvar vassdrope sit det bittesmå hydrofobe silikatpartiklar som hindrar vassdropane i å smelte saman og bli til rennande vatn.

Tørt vatn vart oppdaga første gong i 1968, og vart den gongen spådd ei framtid i kosmetiske produkt.

I 2006 vart pulveret gjenoppdaga av forskarar ved University of Hull som ville studere strukturen til pulveret.

Professor Andy Coopers forskingsgruppe ved University of Liverpool har sidan forska på bruksområda til tørt vatn.

Gasshydrat

Dei har funne stadig nye bruksområde for silikatpulveret, blant anna som eit potensielt lagringsmedium for metan .

Dei meiner at pulveret også viser lovande eigenskapar for å binde klimagassen karbondioksid.

Saman utgjer silikatpulveret og vatnet ei blanding som kan reagere med gassar og forme såkalla gasshydratar . Gasshydratar finst naturleg på store havdjup og i område med permafrost.

Reint vitskapleg sett er dette interessant, men det er for tidleg å seie at dette kan føre til eit teknologisk gjennombrot. seier professor Tor Grande ved Institutt for materialteknologi ved NTNU til NRK.no.

–Det kan muligens brukast til CO2-fanging, men ikkje til lagring, seier Grande, med tanke på kor store mengder CO2 som må lagrast, ville vi trenge enorme mengder av pulveret.

–Vi må forske meir på dette før vi kan seie at dette er løysinga på problemet med å lagre CO2, seier Carter.