Hopp til innhold

Eksplosjonen som gav Rune ein støkk

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Dynamittdosen blir for stor då Ikke gjør dette hjemme-gjengen skal flytte pianoet frå ein etasje til ein annan. – Vi letta i stolen, fortel Rune.

I kveldens episode av «Ikke gjør dette hjemme» flyttar Per Olav og Rune eit piano med hjelp av ein diger dose dynamitt.

Men skytebasen er for raus med dosen, og smellet blir hakket større enn gjengen hadde rekna med (sjå video i ingressen).

Effekten viser at sjølv om pianoflytting på denne måten sparar ryggen din, er dette noko du absolutt ikkje bør gjere heime.

– Kva faen er det vi held på med?

Rune Nilson og Per Olav Alvestad

Programleiarane Rune Nilson og Per Olav Alvestad i Ikke gjør dette hjemme.

Foto: NRK

– Det rista noko så heilt forjævlig. Vi letta i stolen, seier Rune.

– Alle vindauga i den etasjen der pianoet stod blåste ut med karmen og alt, og vart kasta 20–30 meter ned i skråninga. Og vi sit jo like innanfor, fortel Rune.

Sjølv om han ikkje var redd der og då, gav hendinga han ein ordentleg støkk.

– Eg tenkte kva faen er det vi held på med eigentleg, driv og leiker med dynamitt på jobben, seier Rune.

Dagen etter blir ikkje Rune med ut på opptaket der poenget er å vente på ein varmtvasstank som skal gå i lufta.

– Eg hadde ikkje nervar til det, seier Rune.

Varmtvasstank-eksplosjonen blir likevel gjennomført med Per Olav. Du får sjå korleis det går i episode 4 som blir sendt neste veke.

Forsvarleg

Prosjektleiar for «Ikke gjør dette hjemme», Njord Røv, meiner at dynamittsprengingane i sesong 2 er forsvarlege.

– Sjølv om eit par av sprengingane vart kraftigare enn forventa, hadde vi tatt høgde for at det kunne skje ved å ta ut ekstra sikkerheitsavstand. Alle eksperiment er grundig gjennomgått på førehand, med ei eiga sikkerheitsvurdering som også blir gjennomgått før kvart opptak, seier Røv.

– Men når det er sagt, opplevinga av å sitje nært eit så kraftig smell må nesten opplevast. Det er ein ganske skremmande kjensle, seier NRK-prosjektleiaren.

Lagar peis med dynamitt

Dynamitten kjem også fram fleire gongar i kveldens episode, og teken i bruk når duoen vil bytte ut den gamle vedomnen med ein moderne peis.

Men eksperimentet viser klart at det kan vere verdt det å betale fagfolk for å gjere i jobben i staden for å ta i bruk eksplosiv.

– Slapp av no Rune, vi sit jo i ein heilt annan del av huset når dette sprengjast, seier Per Olav.

– Ja det er akkurat det, vi skal ikkje ut, vi skal berre i ein annan del av huset, seier Rune.

Sjå videoen der pipa gå i fillebitar:

Skyt opp TV-en

Dagens episode byr også på meir enn dynamitt. I rakettserien der diverse gjenstandar blir skote til himmels med rakett, er tida komme for å gi TV-en ein luftetur.

Per Olav testar også ut motocross i stova, mens kampfisken Sveinung møter Bjørnar til ein kamp i gullfiskbollen.

Sjå TV-en gå til himmels:

Sjå episode 1 av «Ikke gjør dette hjemme» (sesong 2)

Sjå episode 2 av I«kke gjør dette hjemme» (sesong 2)

Sjå «Ikke gjør dette hjemme» i kveld, kl. 19.45 på NRK1.