Hopp til innhold

Slik bør du ikkje kvitte deg med juletreet

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Per Olav og Rune ryddar jula ut ved å skyte juletreet til himmels i første episode av Ikke gjør dette hjemme sesong 2.

Duoen Per Olav Alvestad og Rune Nilson er tilbake på skjermen i kveld med fleire ville aktivitetar som du ikkje bør finne på å gjere heime.

I tillegg til å skyte opp juletreet (sjå video i ingressen) sjekkar dei også ut blant anna ut kva som skjer dersom du skulle vere så uheldig å gløyme igjen smårusk som klinkekuler, hamrar, bowlingkuler og digre steinar i vaskemaskina.

– Ser du det, det spruter ut , det er livsfarlig, konkluderer Rune etter å ha testa effekten av ein neve klinkekuler i sentrifugeringa.

Per Olav insisterer likevel på å sjekke ut kva som skjer viss du også tilfeldigvis har gløymt igjen ein hammar, ei bowlingkule og ein stor stein i buksene før vask.

Sjå sjølv kvifor du ikkje bør gløyme å tømme lommene dine før du vaskar kleda dine, og få ein liten leksjon i skilnaden på sentrifugalkraft og sentripetalkraft på kjøpet:

Feller tre med dynamitt

Dynamitten må sjølvsagt fram også i årets sesong, og programleiarane lovar at det blir av den sorten i dei neste episodane.

Dei eksplosjonsglade programleiarane bestemmer seg for å felle tre ved hjelp av såkalla detonerande lunte, som er sprengstoff pakka som ein lang tråd.

Effekten er formidabel - sjå videoen:

Tomatkanon

Den gode gamle potetkanonen blir også testa ut i heimen til stor forlysting, og blir testa med andre grønsaker som ammunisjon. Sjå video av favoritt-ammunsjonen under her.

Programleiarane nøyar seg heller ikkje med komprimert luft som sprengkraft, men satsar i staden på sprengkrafta frå propangass som blir sett fyr på.

Sjå tomatkanonen i aksjon (NB dette innslaget fekk du ikkje sjå på TV):

Video Ikke gjør dette hjemme - sesong 2

Kakerlakkreir og dynamitt

Programleiarane set også i gang eit gigantisk skadedyreksperiment i huset.

Under kjøkenbenken lagar karane eit riktig triveleg mini-Bangkok med det ideelle fuktige og varme klimaet som skal få thailandske kakerlakkar til å trivst og bli mange.

Om vi vil det eller ei, vil vi få gjensyn med desse ufyselege krypa seinare i sesongen. Det skal vel ikkje så mykje fantasi til å tippe at dei då vil ha blitt atskillig fleire. Grøss.

Sesong to av «Ikke gjør dette hjemme» har premiere i kveld, kl. 19.45 på NRK1.