Hopp til innhold

Byggjer iglo av vaniljeis

Alvestad og Nilson tar friluftslivet innandørs og byggjer iglo i stova. Sjå bakomfilmen som viser korleis det eigentleg gjekk.

Video Ikke gjør dette hjemme - Igloo bakomfilm

I kveldens episode tek Alvestad og Nilson blant anna friluftslivet innandørs, og ser kva for effektar dette har på heimen. Alt for at du skal sleppe å prøve det ut heime hos deg sjølv, så klart.

Andejakt i stova

Camping med telt og tilhøyrande opptenning av bål i stova er absolutt ikkje tilrådeleg, og må difor sjekkast ut av dei to.

Jakt og fiske treng heller ikkje vere reservert villmarka. Fisk har dei jo i gullfiskbollen, og så lenge ein har gevær kan ein jo skyte ender på flatskjermen:

Sjå video av innandørs andejakt med gevær:

Malar rom med dynamitt

Rune og Per Olav sjekkar også om det verkeleg går an å gjere unna malejobben raskare med hjelp av litt dynamitt – det velkjende Mr. Bean-trikset.

Dynamittkubben blir lagt i botnen av ein behaldar med femti liter irrgrønn maling. Under malingsbehaldaren er eit par steikeplater som skal verne golvet frå sprengladningen. Planen at dynamittladningen skal spreie malinga over vegger og tak.

Rommet blir riktig nok grønt, men dynamittladningen sender også malingsbøtta gjennom golvet til etasjen under – noko som absolutt ikkje var etter planen.

Sjå video av dynamittmaling:

– Alle stålplatene vart slått som ein U rett gjennom golvet. Det var ein del liter med maling som gjekk ned der, fortel Rune Nilson.

–Teknisk lager var under der. Der står alle vesker, kamera, stativ, kablar. Alt er grønt, avslører Nilson.

Med sin skeptiske natur var Rune den einaste som ytra ei viss bekymring på førehand for at nettopp dette kunne skje, men ingen andre trudde ladningen kunne gå gjennom golvet.

Tryggare i år?

Årets sesong speler meir på tøys og humor enn i fjor.

– Vi er litt varmare i trøya no, og veit meir kva vi går til, seier Rune Nilson.

Sjåarane vil kanskje også oppleve at årets sesong er hakket tryggare enn i fjor, fordi vi ser at brannfolk, politi og sprengingsekspertar er il stades når eksperimenta blir sett i gang.

Nilson synest likevel det er vel så skummelt som i fjor. Den einaste skilnaden er at ekspertane blir vist meir på TV enn dei vart i første sesong, meiner han.

I kveldens episode sjekkar duoen også ut om det verkeleg er så farleg å felle eit tre rett mot huset, kroppshysteriet (representert med utstillingsdokka Olga) blir sendt til himmels med rakett, og Per Olav tar golfsporten innandørs.

Sjå trefelling mot hus:

Sjå «Ikke gjør dette hjemme» i kveld, kl. 19.45 på NRK1.