Hopp til innhold

Denne roboten brettar seg sjølv

Robot-forskarar har utvikla ein origami-robot som brettar sin eigen kropp. – Stilig eksempel på kva som er teknisk mogleg, seier norsk robot-ekspert.

Eit lite stykke flat plast som brettar seg sjølv i løpet av nokre sekund, og som kan gå og symje. Dette er den nye origamiroboten som er utvikla av forskarar ved Massachusetts Institute of Technology i USA og Technische Universität München i Tyskland.

Roboten vart nyleg presentert ved robotikk-konferansen ICRA 2015 i Seattle.

– Dette er eit kjempestilig eksempel på kva som er teknologisk mogleg, seier Øyvind Stavdahl til NRK. Stavdahl er førsteamanuensis ved Institutt for teknisk kybernetikk ved NTNU.

– Dette viser at det er mogleg å styre bitte små system frå avstand.

Stavdahl trur slike små "robotar" har potensial til å kunne nyttast inne i kroppen, der dei kan utføre små kirurgiske inngrep eller hente prøvar.

– Robotteknikk består av små og store skritt. Dette er kanskje eit lite skritt, men det er også eit fundamentalt viktig steg framover, og representerer noko heilt nytt, seier han.

Origami-robot

Så liten er origami-roboten.

Foto: Evan Ackerman/IEEE Spectrum

Motor i to delar

Arket i hardplast som roboten er laga av måler 1,7 centimeter langt på kvar side, og veg berre 0,31 gram. Når arket blir lagt på eit varmeelement, faldar det seg saman i løpet av nokre sekund langs snitt som er laga i materialet på førehand.

Motoren til roboten får likevel ikkje plass inne i den vesle plastbiten, men består av to delar:

Den eine delen er ein magnet som er bygd inn i plastarket, mens den andre delen er eit sett av fire elektromagnetiske spolar som ligg i underlaget som roboten beveger seg på.

Dei fire spolane set opp eit magnetisk felt som gjer at roboten beveger seg.

Elektromagnetisk spole-system

Figuren viser det elektromagnetiske spolesystemet som får origami-roboten til å bevege seg.

Foto: MIT

Utsletter seg sjølv

Når roboten er ferdig med oppgåvene sine, kan han også øydelegge seg sjølv. Det gjer han ved å køyre ned i eit bad med aceton, som løyser opp plasten. Det einaste som er att, er magneten.

Forskarane ser også for seg at roboten kan bli laga av eit materiale som kan løysast opp i vatn.

Dersom det er mogleg kan ein sjå for seg ein medisinsk robot som kan løyse seg opp av seg sjølv etter eit fullført oppdrag inne i kroppen.