Hopp til innhold

NTNU-professor åtvarar mot superintelligente robotar

Denne roboten er utvikla av maskiner. Forskarar fryktar at maskiner vil bli smartare enn oss.

Robot

Denne norske roboten er tenkt ut av robotar.

Foto: NRK

På Universitetet i Oslo utviklar maskiner nye og betre robotetterkommarar i dataprogram og sørgjer også for å «føde» nye generasjonar robotar ved hjelp av ein 3D-printar.

– Vi menneske må berre hjelpe til med å sette saman delane, fortel forskar Kyrre Glette ved Universitetet i Oslo til NRK.

  • Sjå video:
    Created by InfoDispatcher

Utviklinga innanfor robot-teknologi og kunstig intelligens skremmer no forskarar.

Professor Keith Downing ved NTNU

Professor Keith Downing ved NTNU

Foto: NRK

– Faren er at du ikkje kan føreseie ting lenger. Det er altfor mange ting som skjer i maskina, seier professor Keith Downing ved Institutt for datateknikk ved NTNU.

– Det skjer på det lågaste nivået, frå robotsvermar der kvar enkelt individ i utgangspunktet er «dumme», til dei kraftige systema for kunstig intelligens med masse kunnskap.

Downing er ikkje åleine om å meine dette. Dei siste åra har vitskapskjendisar som Stephen Hawking, samt bøker som «Superintelligence» og «Our final invention» åtvara om at vi er på veg til ei framtid der maskiner vil bli oss overlegne.

Superintelligens

Downing er redd for at så snart vi har komme opp med generell kunstig intelligens der datamaskinene er like smarte som oss sjølv, vil dei raskt nå eit nytt, og farlegare nivå:

– Vi kan raskt eskalere til kunstig superintelligens, der datamaskinene vil vere 1000 gongar smartare enn oss.

– I motsetning til oss lærer slike maskiner 24 timar i døgnet, dei blir ikkje slitne, og i takt med at teknologien blir betre vil dei lærer raskare og raskare, seier Downing.

– Datamaskinene er alt millionar gongar kjappare enn oss til å gjere berekningar. Viss dei også er langt smartare enn oss, då er vi i trøbbel.

Svermrobotar på NTNU

Desse svermrobotane på NTNU kan samanliknast med maur. Kvar enkelt er styrt av enkle reglar, men som koloni kan dei utrette store ting.

Foto: NRK

– Ikkje uroa

– Eg forstår at ein kan bli uroa om ein ser på dei forskjellige moglegheitene isolert sett, men eg er ikkje uroa sjølv, seier Kyrre Glette.

– Vi er ikkje i nærleiken av å knekke koden i dag, og det trur eg ikkje vil vere om 20 år heller.

Likevel meiner han at det er god grunn til å vere føre var og ha av-knappar og god kontroll med systema som blir utvikla.

– Eit anna, og meir filosofisk spørsmål er om vi er i stand til å forstå og konstruere noko som er like intelligent, eller meir intelligent enn oss sjølv.