Hopp til innhold

–Forventar mot og leiarskap frå Noreg i vern av Antarktis

Noreg bør medverke aktivt til å etablere verdas største marine verneområde i Antarktis, krev WWF.

Vågekval i Sørishavet

Vern av omfattande havområde i Antarktis er tema på eit internasjonalt møte i Hobart. På biletet ser vi vågekval i Sørishavet.

Foto: MATT LOW / NTB Scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Noreg har tidlegare fått kritikk for å ikkje ha gjort nok for å få på plass eit vern i Antarktis. Denne veka håper WWF at Noreg går inn for vernesonar i Antarktis.

Møtet i Kommisjonen for bevaring av Antarktis’ marine levende ressurser (CCAMLR) som opna i Hobart i Australia i dag, skal i løpet av dei neste åtte dagane ta stilling til eit svært omfattande vern på til saman 2,85 millionar kvadratkilometer i Rosshavet og Aust-Antarktis.

CCAMLR er ein internasjonal organisasjon som har som føremål å forvalte marine levande ressursar i Sørishavet gjennom vern og berekraftig ressursbruk.

I det ekstraordinære møtet i CCAMLR i juli, vart partane ikkje einige om totalvern av Antarktis.

– Noreg har eit særskilt ansvar i forvaltinga av havområda våre. WWF forventar at Noreg viser mot og leiarskap og medverkar aktivt til å etablere verdas største marine verneområde i eit unikt og sårbart Antarktis, seier Karoline Andaur til NRK.no. Andaur deltek på møtet i Hobart som leiar av WWF Noreg sitt havmiljøprogram.

– Begge desse marine områda er kjent for sitt utrulege naturmangfald, er svært viktig for vitskapen, og er nokre av dei mest uberørte havområda på jorda, seier Andaur.

–Må vere basert på vitskapleg grunnlag

Sørishavet er rikt på både blekksprut og krill, som er nøkkelarten for mange av dei større pattedyrartane og sjøfuglane. Det er registrert rundt 200 fiskeartar i området, der mange av artane er særeigne for Antarktis. I havområda rundt Antarktis finn ein også fleire selartar, spermkval, spekkhoggar, finnkval, vågekval og knølkval.

The Guardian skreiv i helga at Noreg er venta å ha store reservasjonar mot desse vernesonene, då dei kan avgrense landets fiskeflåte som fangar store mengder krill utanfor kysten av Antarktis til laksefarmane heime.

Dette avviser Kristin Enstad i Utanriksdepartementet i ein e-post til NRK.no.

– Noreg har ingen reservasjonar mot vern. Tvert i mot arbeider vi aktivt for at medlemslanda skal komme til semje om gode vernetiltak. Dette er ein dynamisk prosess der vi er avhengige av å få alle medlemmene med på laget for å oppnå konkrete resultat, seier Enstad.

– Den norske innvendinga mot forslaget som gjeld Aust-Antarktis er knytt til det vitskaplege grunnlaget og ikkje fiskeriinteresser. Vårt inntrykk er at den norske fiskerinæringa er positiv til arbeidet som blir gjort i CCAMLR for å opprette marine vernesoner.

– Noreg er oppteken av at vernetiltaka skal vere basert på eit tilstrekkeleg vitskapleg grunnlag, og at tiltaka som veljast støttast opp om føremålet med verneplanen. I tillegg ønsker vi at det blir utarbeidd ein realistisk plan for vitskapleg oppfølging og overvaking, seier Enstad.

Noreg krev derfor at forslaga må justerast i tråd med råda som vart presentert av CCAMLRs Vitskapskomité under det ekstraordinære kommisjonsmøtet i Bremerhaven i juli.

–Vi veit nok

WWF er på si side meir utolmodige etter å få på plass eit vern.

–Dei fleste gløymer at forsking tar både lang tid og er svært dyrt i Antarktis på grunn av vêrforholda og dei lange avstandane. Nokre gongar må vi seie at vi veit nok, og ikkje minst ut frå eit føre-var-perspektiv så må ein kunne beskytte særleg verdifulle marine verneområde, seier Andaur.

WWF peiker på at introduksjon av framande artar, konsekvensar av auka turisme og klimaendringar alle er viktige problemstillingar som krev ein føre-var-forvalting for å sikre miljøet.

–I tillegg ønsker fleire og fleire land å fiske i Sørishavet sjølv om vi ikkje har nok kunnskap om fiskebestandane. Alt dette gir grunnlag for at ein no må bli einige på møtet i Hobart om vern av Sørishavet, seier Andaur.