Forslag til verning av havområder - Dei to store havområde som er foreslått verna i Sørishavet.NRK

Dei to store havområde som er foreslått verna i Sørishavet.

Foto: NRK

Kan blokkere for verneområde i Antarktis

Neste veke kan verdas største maritime verneområde bli vedtatt. Kritiske røyster meiner Noreg har gjort for lite for å påverke prosessen.

Dersom EU-landa og 24 andre land skulle seie ja, blir dette dei største marine verneområda i verda – til saman 10 gonger større enn Tyskland.

Russland og Ukraina kan komme til å blokkere ei avgjerd om å opprette dei to store verneområda.

Meir enn 10.000 ulike artar lever i Sørishavet i Antarktis – blant anna pingvinar, sjøfugl, kval, sel, fisk, plankton, blekksprut på opp til 14 meters lengde – og ikkje minst er det eit yrande liv på havbotnen.

Målet er å verne nesten fire millionar kvadratkilometer mot kommersielt fiske og annan industriell aktivitet.

Saka skal avgjerast på eit møte i den tyske byen Bremerhaven måndag og tysdag. Då møtest CCAMLR – Kommisjonen for bevaring av marine, levande ressursar i Antarktis – til ekstraordinært møte. CCAMLR er ein del av samarbeidet under Antarktis-traktaten.

Artikkelen fortset under biletet.

Keiserpingviner - 26 prosent av verdas keiserpingvinar lever i området i Rosshavet som USA og New Zealand vil verne. - Foto: Martin Passingham / Reuters

26 prosent av verdas keiserpingvinar lever i området i Rosshavet som USA og New Zealand vil verne.

Foto: Martin Passingham / Reuters

Russland og Ukraina skeptiske

Møtet skal leiast av fagdirektør i Fiskeridirektoratet, Terje Løbach, som inntil i fjor hadde leiarvervet i CCAMLR.

To forslag ligg på bordet – eitt frå Australia, Frankrike og EU, som vil ha verneområde i Aust-Antarktis (1,6 millionar kvadratkilometer). New Zealand og USA har foreslått tilsvarande i Rosshavet (2,3 millionar kvadratkilometer).

Mange trur no at Russland og Ukraina kan komme til å blokkere ei avgjerd på møtet i Bremerhaven.

– Det er spesielt Russland og Ukraina som har stilt spørsmål ved den vitskaplege grunngjevinga for forslaga, seier Terje Løbach til NRK.

– Særleg gjeld dette storleiken på dei foreslåtte verneområda.

– Kva er årsaka til det?

– Det kan ha samanheng med fiskeriinteressene, seier han, utan at han vil gå nærare inn på det.

– Noreg på sidelinja

Forutan at Noreg skal leie møtet, har Noreg ei rolle som vanleg medlemsland i CCAMLR. Ikkje alle nøgde med den norske innsatsen i arbeidet med å få etablert dei nye verneområda.

James Barnes - James Barnes, leiar for Antarctic and Southern Ocean Coalition.Privat

James Barnes, leiar for Antarctic and Southern Ocean Coalition.

Foto: Privat

– Noreg sit meir eller mindre på sidelinja, og det trengst eit sterkare engasjement for at møtet skal få eit positivt utfall, seier James Barnes, leiar for miljøorganisasjonen Antarctic and Southern Ocean Coalition (ASOC).

- Noreg er eit svært viktig land i Antarktis-samarbeidet, og er kjent for å handtere spørsmåla som gjeld havrett og fiskeri på ein god måte i sine eigne havområde. Så vi hadde nok forventa eit langt sterkare leiarskap frå Noreg i arbeidet med å få etablert desse to verneområda i Sørishavet. Noreg kunne gjort mykje meir, seier James Barnes til NRK. – Til dømes kunne Noreg vore med på å påverke Russland, Ukraina, Kina og andre land som jo er skeptiske til forslaga, seier han.

– Det er forholdsvis stilt frå Noreg i denne saka, vi veit faktisk ikkje kvar Noreg står når det gjeld dei to forslaga, seier Barnes.

Artikkelen fortset under biletet.

John Bennett med kjempeblekksprut - Kaptein John Bennet viser fram det første intakte eksemplaret av ein kjempeblekksprut (Mesonychoteuthis hamiltoni) som nokon har fisket. Hans båt «San Aspiring» drog den opp 22. februar 2007. Blekkspruten var omtrent 10 meter lang, og veide 450 kilo, ein ny rekord. Rosshavet er sannsynlegvis eit viktig område for kjempeblekkspruten. - Foto: NZ Ministry of Fisheries/HO / AFP

Kaptein John Bennet viser fram det første intakte eksemplaret av ein kjempeblekksprut (Mesonychoteuthis hamiltoni) som nokon har fisket. Hans båt «San Aspiring» drog den opp 22. februar 2007. Blekkspruten var omtrent 10 meter lang, og veide 450 kilo, ein ny rekord. Rosshavet er sannsynlegvis eit viktig område for kjempeblekkspruten.

Foto: NZ Ministry of Fisheries/HO / AFP

Internasjonal kampanje

ASOC er ein av mange organisasjonar som har gått saman i The Antarctic Ocean Alliance for å kjempe for at verneområda i Sørishavet skal bli oppretta. Greenpeace, WWF og The Pew Charitable Trusts er blant dei andre.

Odd Gunnar Skagestad - Fagdirektør Odd Gunnar Skagestad i Utanriksdepartementet er leiar for den norske delegasjonen på CCAMLR-møtet i Bremerhaven. - Foto: Eivind Molde / NRK

Fagdirektør Odd Gunnar Skagestad i Utanriksdepartementet er leiar for den norske delegasjonen på CCAMLR-møtet i Bremerhaven.

Foto: Eivind Molde / NRK

Også skodespelaren Leonardo DiCaprio og forretningsmannen Richard Branson er med på laget. Meir enn ein million menneske har slutta opp om ein kampanje for å få oppretta desse verneområda, ifølgje Barnes.

Fagdirektør Odd Gunnar Skagestad i Utenriksdepartementet er leiar for den norske delegasjonen på møtet i Bremerhaven. Han tilbakeviser kritikken frå Barnes.

– Dette stemmer ikkje. Noreg er tvert imot ein pådrivar både i forskingsarbeidet og i det internasjonale politiske samarbeidet, seier Skagestad. – Noreg er ein sentral og viktig aktør på alle internasjonale arenaer der polare spørsmål og havrett blir diskutert, så vi treng ikkje heve stemma for å bli lytta til.

Tilbakeviser kritikk

– Men kva har Noreg gjort konkret, har det for eksempel vore dialog med Russland, Ukraina og andre land?

– Vi har hatt samtalar med ei rekkje av medlemslanda, utan at eg kan gå i detalj om kva land det gjeld, eller kva som har komme ut av det. Frå norsk side vil vi no, som tidlegare, arbeide for å bidra til at kommisjonen kan ta gode avgjerder som er bygde på fakta og kunnskap basert på forsking. Men dette er noko som sjølvsagt ikkje Noreg kan få til åleine, seier Skagestad.

– Kva er det norske synet?

– Vårt syn byggjer på det faktum at Noreg både er polarnasjon og fiskerinasjon. Norske styresmakter stiller dei same krava til ansvarleg forvaltning i Sørishavet som i andre havområde der norske aktørar haustar av ressursane.

Artikkelen fortset under biletet.

Keiserpingviner - Keiserpingvinar fotograferte under overflata i Rosshavet. Fotografiet vann 1. premie i kategorien naturhistorier i National Geographics fotokonkurranse i 2013. - Foto: Paul Nicklen, National Geographic magazine / AP

Keiserpingvinar fotograferte under overflata i Rosshavet. Fotografiet vann 1. premie i kategorien naturhistorier i National Geographics fotokonkurranse i 2013.

Foto: Paul Nicklen, National Geographic magazine / AP

– Må byggje på vitskapen

Når det gjeld dei konkrete forslaga som Bremerhaven-møtet skal ta stilling til, så er vår haldning at dei vitskaplege råda vil ha mykje å seie. CCAMLR har ein eigen vitskapskomite der også norske forskarar deltek. Dei møtest no i dagane før sjølve kommisjonsmøtet. Vi vil leggje stor vekt på kva vurderingar og råd dei kjem med.

– Kva skulle vere negativt med å verne desse havområde?

– I utgangspunktet er det ikkje negativt å verne, men spørsmålet er kva slags vern det er snakk om. Skal områda avstengjast heilt frå all verksemd eller er det snakk om meir målretta vern mot bestemte truslar, ut frå kor sårbare dei er? Det er på dette planet diskusjonen går, seier Skagestad.

I utgangspunktet er Noreg som fiskerinasjon tilhengjar av at ein tek omsyn både til vern av naturmiljø og at forholda blir lagde til rette for berekraftig fiskeriaktivitet.

Norske interesser

– No driv jo Kjell Inge Røkke sine selskap omfattande krillfiske i Sørishavet, om enn ikkje i dei spesifikke område som er foreslått verna. Er det omsynet til norske kommersielle interesser som talar imot?

– Eg vil ikkje gå inn på dette så konkret, men omsynet til norsk næringsverksemd vil alltid vere ein del av grunnlaget for våre vurderingar. Dette er ein del av det norske engasjementet i desse havområda, vi er engasjert både som forvaltar, som forskarnasjon og som næringsaktør. I tillegg har vi jo også norske område her, som Dronning Maud Land, Bouvetøya og Peter 1.s øy.

Den norske delegasjonen til møtet i Bremerhaven er samansett av folk frå Utanriksdepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet, Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet og Norsk Polarinstitutt.

Artikkelen fortset under biletet.

Spekkhogger - Ein spekkhoggar fotografert i Rosshavet. Det finst tre ulike typar spekkhoggarar i Rosshavet. - Foto: /Bob Pitman/NOAA Southwest Fisheries Science Center/Handout / Reuters

Ein spekkhoggar fotografert i Rosshavet. Det finst tre ulike typar spekkhoggarar i Rosshavet.

Foto: /Bob Pitman/NOAA Southwest Fisheries Science Center/Handout / Reuters

Prestisje før ekstraordinært møte

CCAMLR har arbeidd med planar om verneområde i Sørishavet i over ti år. I fjor prøvde dei å konkludere, men blei ikkje samde.

No prøver dei altså igjen – på det som er det andre ekstraordinært møtet i løpet av organisasjonen si 32-årige historie.

Terje Løbach, som altså skal leie møtet, understrekar at mykje står på spel.

– Det handlar om kor truverdig CCAMLR er som organisasjon, seier han. – Så lenge arbeidet i CCAMLR er lagt opp slik at alle må vere samde, ligg det i korta at minst eitt land kan blokkere ei avgjerd.

– Det blir krevjande. Det er ein del prestisje knytt til møtet, sidan det altså er eit ekstraordinært møte.

– Er dette ei viktig sak for mange land?

– Ja, spesielt på den sørlege halvkula. Det er sterkt politisk trykk frå land som Australia og New Zealand. Men også USA er ein sterk aktør her. Eg veit at bl.a.
USA og New Zealand har sendt folk til Moskva og Beijing for å samle støtte for forslaga.

Utvalgte dokumentarer

Amerikansk dokumentar. Etter at de amerikanske styrkene trakk seg ut av Irak i 2011, har situasjonen i landet forverret seg. Nå regjerer et utbredt kaos, og USA blir på ny trukket inn i konflikten. Denne dokumentaren ser nærmere på USA sin rolle, fra invasjonen i 2003 til dagens desperate situasjon. (2014)
Britisk dokumentar fra 2014. Oppfølger til "Min bror, islamisten" hvor Robb følger sin halvbror Rich, for å forstå hvorfor han ble en radikal islamist og til slutt endte i fengsel for å ha planlagt terrorhandlinger. I kveld oppsøker Robb blant andre sin brors tidligere trosfeller, "Brødrene". Kan de gi en forklaring på hvorfor Rich gikk fra å være ekstremist til å bli terrorist? (My Brother: The Terrorist)
Br. dokumentar. På busstasjonen i Peshawar skjer det som skjer over heile Pakistan. Unge gutar blir utnytta og mishandla av vaksne menn. I ei undersøking svarte 95 prosent av sjåførane at å ha sex med smågutar, var det dei helst dreiv med i pausane sine. 13 år gamle Naeem blei gjeng-valdteken av fire menn då han var 10 år gamal. No er han prostituert og ønsker enkelte dagar at han aldri blei fødd. "Alle" veit om det, men få gjer noko for å beskytte gutane. (Bad Things: The Rape of Pakistan's Boys)