Hopp til innhold

– Truleg årets største kjemioppdaging

Ei kjemisk binding med helium har vore sett på som umogleg, men no har forskarar truleg klart å binde edelgassen med natrium.

Heliumbinding

Na2He: Slik er bindinga illustrert av ein av forskarane. Dei lilla sfærane illustrerer natriumatom inne i dei grøne kubane som representerer heliumatom. Dei raude elementa inne i holromma er elektronpar.

Foto: Artem R. Oganov

Helium er kjent som den minst reaktive grunnstoffet i det periodiske systemet. Dette er på grunn av helium sin elektronstruktur med lite spelerom og sitt fulle elektronskal. Som ei følgje har ei kjemisk binding med helium blitt sett som umogleg – inntil no.

Ei internasjonal gruppe av forskarar publiserte nyleg eit studium i Nature med nyhende om at dei har framstilt det som verkar å vere ei stabil kjemisk binding mellom helium og natrium.

– For meg verkar det sannsynleg at det forskarane påstår dei har funne er riktig. For kjemien er dette fullstendig nytt og verkeleg spanande. At helium skulle danne ei kjemisk binding er noko vi alle har sett på som umogleg, fortel Martin Ystenes, kjemiprofessor ved NTNU, som også omtalar det som «truleg året sin største kjemioppdaging».

Edelgassar er kjent for å vere lite reaktive, sjølv om bindingar med xenon og krypton har vore kjent i over 50 år.

Kjemi under press

Måten forskarane klarte å binde dei to grunnstoffa var ved hjelp av eit verktøy med namn DAC, diamond anvil cell. Med dette instrumentet plasserte forskarane heliumgass og natriumkrystallar under trykk mellom to diamantar.

Trykket svarte til 1,1 million gonger det atmosfæriske trykket vi opplever til dagleg på Jorda.

– Hadde vi blitt utsett for slikt trykk, ville vi nok ha blitt til diamantar, ymtar Ystenes.

Den resulterande bindinga var ein fast struktur der natriumatoma danna terningmønster og heliumatoma fylte opp holrommet i midten av terningen. Det heilt spesielle med strukturen var at den var eit elektrid. Det vil seie at den hadde frie elektron plassert på bestemte plassar.

Same framstillingsmetode har også blitt brukt til å presse hydrogengass til metall.

OK, kva betyr det?

– Den reine praktiske betydinga med denne forskinga er vanskeleg å peike på, men fagleg sett er dette uhyre interessant forsking som visar kva instrument og metodar som kan brukast i forsking, fortel Ystenes.

Forskingsrapporten peikar på at denne kjemien kan hjelpe oss med på å lære kva som går føre seg inst inne i planetar som Jupiter og Saturn. Studium som dette viser at kjemi ikkje oppfører seg tradisjonelt under ekstreme forhold, og kan dermed utfordre fagfeltet slik vi kjenner det.

– Det kjem nok til å vere moro i mange år før det blir nyttig, legg han til.