Her får Signe prisen for kjærasten sitt ukjende arbeid

Bak ein av årets minst glamorøse Spellemann-priser ligg ei spesiell kjærleikshistorie.

Kjendisane sto på rad og rekke då Spellemannprisen for 2021 vart delt ut i år.

Men ein av prisvinnarane har du kanskje aldri høyrt om.

Spellemannprisen for Samtid er ikkje blant dei mest glamorøse. Og prisvinnaren Signe Bakke er ikkje blant dei som likar å stikke seg fram.

Bak prisen for albumet «Soccorsi» ligg ei historie om kjærleik, musikk og eit arbeid som starta oktober 2014.

Då døydde Signe sin sjelevenn Morten Eide Pedersen.

Han var komponist, og underviste komposisjonsstudentar på Griegakademiet, der ho er pianolærar.

Dei var også kjærastar, men det var det mange som ikkje visste.

Saman med vener var det også ho som fann lappen på skrivebordet til Morten etter at han døydde, berre 56 år gamal.

«Hugs å skrive testament» sto det der.

Det hadde ikkje Morten gjort. Og utan arvingar var det ikkje openbert kva som skulle skje med pengane og musikken han lét etter seg.

Signe Bakke, pianist, professor Griegakademiet

TILSETT I SAMME PERIODE: Signe Bakke har undervist og akkompagnert studentar på Griegakademiet sidan tidleg på nittitalet. Då var Morten Eide Pedersen også nytilsett.

Foto: Marion Hestholm / NRK

Soccorsi

Albumet Soccorsi kom ut i 2021. Dette er det første av to album som til saman skal presentere Morten Eide Pedersen sine samla verk. Initiativtakar og primus motor er Signe Bakke. Ho har samla og gått gjennom notematerialet, funne den siste versjonen av kvart stykke, gjort dei klare for utgiving. Og ho har urframført fleire av stykka, og spelar piano på albumet.

Soccorsi er italiensk og tyder «støttande», «hjelpande».

– Det var det Morten var, seier Signe Bakke.

Støttande er eit ord som også skildrar ho.

Som akkompagnatør, kammermusikar, solopianist og pedagog er ho ein kjent figur i miljøet.

Solid og raffinert musikar og fagleg idealist, men ikkje den som framhevar seg sjølv eller oppsøker rampelyset.

Det er veka før Spellemann-utdelinga.

Latteren sit laust hos Signe, også når vi snakkar om mannen fylte livet sitt over randa med musikk, kunst og poesi. Og ikkje minst: Undervisning.

Han som døydde så plutseleg, og så altfor tidleg.

Morten Eide Pedersen, juli 2014

SISTE SOMMAREN: Morten Eide Pedersen i juli, 2014

Foto: Ukjent / Privat

Såg folk

Historia om Signe og Morten starta tidleg på nittitalet.

Då møtte dei kvarandre som nytilsette ved Griegakademiet i Bergen. Akademiet tilbyr utdanning på master- og doktorgradsnivå innan ein rekke musikksjangrar. Her blir mellom anna framtidas komponistar utdanna.

Det er ikkje alltid så lett når to kunstnarsjeler skal få ting til å lande. Men dei vart etter kvart kvarandres næraste.

Dei hadde mykje felles, begge hadde gått reallinje på gymnas, same årskull, interesse for politikk, samfunn, andre kunstarter, og for undervisning.

Men det viktigaste var ei forståing mellom dei, ein felles måte sjå verda på. Når det hende noko, på arbeidsplassen, blant vener, eller på konsertar, la dei merke til dei same tinga, tenkte det samme. Det han sa gav gjenklang hos henne, og omvendt.

– Og så var han snill. Morten såg folk.

Morten Eide Pedersen

SOSIAL: Morten på restaurant med ein barndomskamerat

Foto: Morten Wangen / PRIVAT

Signe fortel om den gongen dei var på restaurant og Morten gav tilbakemelding til kokken. Det gjorde han på ein slik måte at han til slutt vart invitert inn på kjøkkenet for å smake på den siste retten kokken hadde komponert.

Eg hugsar at eg spurde han: «Kva er det du gjer, som får folk til å gjere sånt?» .

Det er jo berre å gi folk respons på det dei gjer, svarte Morten, og la til:

Det treng vi jo alle.

Med skråblikk, humor og glimt i auget fekk han folk til å slappe av og kjenne seg vel.

Men han var kvalitetsbevisst og kunne også vere kritisk, anten det gjaldt kokkekunst eller undervisning. Då var han tydeleg i tilbakemeldinga.

Musikken få kjente til

Morten bygde opp studiet ved Griegakademiet. Frå fireårige studium, etter kvart med Ph.d.-utdanning.

Mortens undervisning på Griegakademiet vert rekna som opphavet til det som har blitt kalla 'Bergensskolen' innan norsk samtidsmusikk, ein open, ofte stillfarande og lyrisk stil.

Men hans eigen musikk var det få som kjende.

Signe Bakke, pianist

PÅ KONTORET: Signe Bakke på kontoret der ho underviser. - Signe har ein djup respekt for den enkelte studenten sin personlegdom og potensiale, seier dekan ved Fakultet for Kunst, musikk og design, Frode Thorsen.

Foto: Marion Hestholm / NRK

– Det har vore viktig for meg å vise at det var komponist han var, sjølv om han er betre kjent som lærar og formidlar. Han var opptatt av at studentane skulle finne sitt særpreg, si eiga stemme.

– Han brukte jo altfor mykje tid på studentane!

Signe ler.

– Eg spurde han ein gong, kvifor han gjorde alt dette arbeidet med komponistutdanninga i Bergen. Han sa at han hadde ønskt at noko slikt eksisterte då han sjølv var ung. Eit komponiststudium som tok vare på det individuelle.

Morten Eide Pedersen og komponistklassen ved Griegakademiet 2013: Fv: Webjørn Sæther, Per Inge Hove (oppe) Tonje Hernes, Sigurd Fischer Olsen, Rebecka Ahvenniemi, Frederick Schjelderup (bakerst) Emil Børø, Eirin Nordvik (oppe) Anders T. Røshol, Nemanja Lakicevic (fremst), Ruben Sverre Gjertsen, Svein Henrik Giske og Morten Eide Pedersen

KLASSEBILETE: Morten Eide Pedersen og komponistklassen ved Griegakademiet 2013: Fv: Webjørn Sæther, Per Inge Hove (oppe) Tonje Hernes, Sigurd Fischer Olsen, Rebecka Ahvenniemi, Frederick Schjelderup (bakerst) Emil Børø, Eirin Nordvik (oppe) Anders T. Røshol, Nemanja Lakicevic (fremst), Ruben Sverre Gjertsen, Svein Henrik Giske og Morten Eide Pedersen

Foto: Ukjent / Griegakademiet

Den poetiske komponisten

– Då Morten skreiv eit stykke til meg i 2013, var T.S. Eliot sine dikt inspirasjonen. Det var noko veldig poetisk i musikken hans, men også i personlegdommen hans. Og T.S. Eliots dikt hadde brent seg fast i minnet hans.

Eliot var kjend som ein av dei fremste poetane på 1900-talet. I 2013 arbeider Morten Eide Pedersen med T.S. Eliot Impressions saman med Signe Bakke. Stykka er ein slags meditasjonar over Eliots dikt.

– Musikken er vakker og veldig utforskande. Han prøvde ut alt mogleg. Sånn var han i livet også, prøvde ut alt mogleg, stagnerte aldri på ein stad. Han likte å bruke historia i notida - element av gammal musikk i den nye.

– Han var nok den mest kunnskapsrike mannen eg har møtt. Og klok. Han gjorde koplingar mellom så mange typar kunnskap. «Alt heng saman», sa han.

Hendene til Signe Bakke, pianist, professor på Griegakademiet, på klaviatur

KLANGKUNSTNAR: - Signe har utvikla ei heilt særegen stemme og profil som kunstnar og pedagog. Som pianist er ho ganske unik som klangkunstnar. Ho har eit lyttande spel og skapar intensitet i uttrykket sitt, seier dekan ved Fakultet for Kunst, musikk og design, Frode Thorsen.

Foto: Marion Hestholm / NRK

Lappen på skrivebordet

Signe hugsar godt torsdagen i oktober då han gjekk bort. Kvelden før var dei saman.

Torsdagen og fredagen hadde dei travle planar på kvar sin kant, så ho reagerte ikkje større på det då han ikkje svarte på telefon.

Då ho laurdag morgon fann ut at han ikkje hadde dukka opp på jobb dagen før – og ikkje hadde gitt beskjed, skjønte Signe det: Noko var gale.

Politiet braut seg inn i huset til Morten, etter Signe si oppmoding.

– Det var forferdeleg å sitte og vente på å få høyre kva dei fann.

Når nokon døyr plutseleg, utan ektefelle eller barn, er det ikkje gitt at dei næraste venene å får tilgang til det vedkommande lèt etter seg.

I huset til Morten låg det igjen noko Signe visste burde bli tatt vare på: Musikken til Morten.

Etter dødsfallet jobba ho seg gjennom jussen for å få ut musikken som låg i husværet i form av notar.

Det var samtalar med tingretten, styrar av buet etter Morten og Universitetet i Bergen. Til slutt fekk pårørandegruppa som engasjerte seg for Morten, tilgang til å rydde og ta vare på åndsverdiane i buet.

Dei økonomiske verdiane var eit eige kapittel. Morten hadde ingen livsarvingar. Han hadde sjølv arva foreldra sine som begge nyleg hadde gått bort. Men han rakk ikkje å gjere det som sto på hugselappen: Å sjølv å skrive testament.

Morten Eide Pedersen

FOREDRAGSHOLDAREN: På ein av konsertane til BIT20 Ensemble

Foto: Ukjent / BIT20

7,7 millionar kroner

– Vi leitte og leitte, men fann ikkje noko. Men han hadde jo snakka med meg om kva som skulle stå der.

Signe tok sjølv opp pennen og skreiv til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Morten ville gi verdiane til Avgarde – ein konsertserie for ny musikk i Bergen – og til foreininga Ny Musikk.

Det vart eit fond på 7,7 millionar.

Avgarde-fondet skal stimulere til nyskaping og utvikling for komponistar og musikarar i og rundt Bergen. Det skal gi støtte til tingingsverk, realisering av prosjekt og framføringar.

Tiltak som gjer det enklare å etablere seg som komponist. I Morten si ånd.

Overraska med Spellemann

3. april i år held Signe Bakke konsert med sopran Mari Eriksmoen på Edvard Grieg Museum Troldhaugen.

Det er her ho blir overraska med den viktigaste prisen ho kan få i norsk musikkbransje.

Det musikalske hjartebarnet hennar, Soccorsi, blir plutseleg ein ekstra viktig del av kvelden.

Til ståande applaus frå full sal på Edvard Grieg Museum Troldhaugen, får ho tildelt sjølvaste Spellemansprisen.

Mange av dei som er her veit kven ho er og kva arbeid og historie som ligg bak prisen.

No skal også resten av Noreg kunne få høyre om det.

I 2022 kan Signe Bakke slå fast at arbeidet med Morten sin musikk blir sett ord – og pris – på.

– Har det å jobbe med dette prosjektet vore ein måte å halde Morten nær deg?

– Det er klart at han kjem nær når eg går inn i noko sånt. Men det var ikkje det som var min intensjon. Mitt liv må gå vidare. Men det har vore godt, samtidig som det har kravd ein del av meg.

– Eg har jo hatt mange hjelparar i dette og er kjempeglad for at vi har lukkast så godt, at vi faktisk har klart å ta vare på arven etter Morten og vise han fram. Sjølv om det har vore ein del bøygar, så har dørene opna seg når ein seier namnet hans og fortel kven han er.

No, åtte år etter han gjekk bort, kan Signe setje ord på kva Morten og musikken betydde for ho.

– Eg var veldig knytt til han, han betydde veldig mykje for meg, både menneskeleg og musikalsk.

Du betydde nok veldig mykje for han også?

– Håpar og trur jo det. Vi sto kvarandre veldig nært. Så eg saknar han framleis. Han er ein som blir med meg livet ut. Ja, han sette merke etter seg hos fleire, men vårt forhold var spesielt.

Høyr frå albumet Soccorsi i Spillerom Søndag

Morten Eide Pedersen, mann smiler, ser mot høyre, grønt sjal rundt halsen
Foto: Hans Knut Sveen