Hopp til innhold

Dette er dei nominerte til Spellemann­prisen

Eurovision-Alessandra kan vinne pris for både årets gjennombrot og årets låt.

Alessandra Mele

Alessandra Mele nådde opp til ein femteplass i Eurovision Song Contest 2023. No er statuettar frå Noreg sin største musikkpris innan rekkevidde.

Foto: NTB

Sjå heile lista over dei nominerte nedst i saka.

Alessandra Mele song seg inn i hus og heim med songen «Queen of Kings» i 2023. Som det norske bidraget i Eurovision Song Contest fenga norsk-italienaren publikum over heile Europa.

Det heldt til ein femteplass i den internasjonale musikktevlinga.

Takka vere musikken som har gjeve ho stor suksess, kan Alessandra i år vinne pris for både årets låt og årets gjennombrot.

Cezinando

Cezinando er nominert i heile tre kategoriar.

Foto: Fabian Fjeldvik / Fabian Fjeldvik

Med allereie seks Spellemann-prisar kan artisten Kristoffer Cezinando Karlsen måtte rydde plass på peishylla etter årets utdeling – med nominasjonar i heile tre kategoriar.

Les også Spellemann ferdig på NRK

Karpe, Spellemann 2023

I år kan han vinne pris for årets låtskrivar, årets tekstforfattar og kategorien pop.

Takketale frå ungdomsskulen

Artist Emma Steinbakken er nominert i kategoriane årets låt og årets gjennombrot.

Til NRK fortel ho at draumen om ein spellemannpris har vore med ho sidan ho var barn.

– Eg hugsar eg gjekk til og frå ungdomsskulen og øvde på takketalen min, og lata som om eg hadde vunne. Dette er veldig stas, seier Steinbakken.

Hver gang vi møtes

Emma Steinbakken kan vinne pris for tolkinga av «Floden», ei låt skriven av Bjørn Eidsvåg.

Foto: Jan-Petter Dahl / TV 2

Årets Spellemann går av stabelen torsdag 4. april. Steinbakken vedgår at talen ho allereie har øvd på må endrast.

– Den talen er ganske gamal, så han treng nok ei oppdatering. Men om eg vinn vil eg så klart takke dei som høyrer på musikken min, støttar meg, og har vore med meg heile vegen, seier Steinbakken.

Slutt på TV-utdeling

Tysdag blei det kjent at Spellemann for fyrste gong sidan 1972 ikkje skal bli sendt på lineær-TV.

I staden skal utdelinga streamast av Nettavisen og Amedia sine kanalar.

I tillegg skal ho streamast på det sosiale mediet TikTok, med håp om å nå eit anna publikum.

NRK-scenen Isah

Isah likar at folk set pris på musikken han lagar. Han er nominert i kategorien RnB/Soul.

Foto: Paal Ritter Schjerven

– TikTok er allereie med og bestemmer mykje av kva musikk som når opp. Om det er éin plattform ein skulle gå til, må TikTok vere den rette, seier Isah.

Artisten frå Stavanger har sjølv mange fylgjarar på det sosiale mediet, og er nominert i kategorien RnB/Soul.

– Det er alltid digg å sjå at folk set pris på det eg lagar. Då innser ein at folk fylgjer med og gidd å høyre på musikken. Det blir meir aktivitet frå meg framover, seier Isah.

Nær tretti prisar

I dag blei det kjent kven som er nominert til årets 26 kategoriar i Noreg sin største musikkpris.

I fjor gjekk den høgthengande heidersprisen til Lillebjørn Nilsen, som døydde 27. januar i år.

Spellemannprisen 2022

Lillebjørn Falk Nilsen fekk sin fyrste spellemann i 1973. Det var andre gong prisutdelinga fann stad.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

I tillegg skal nokon tildelast Årets Spellemann, som i 2023 gjekk til Karpe.

Desse er nominerte:

Årets låt

  • Alessandra – Queen of Kings
  • Undergrunn – Michelin stjerner
  • Kudos, Golfklubb – Haien kommer
  • Emma Steinbakken – Floden
  • DJ MØMØ ft. Kjartan Lauritzen – Badebussen
  • Bausa – Turné

Årets utgjeving

  • Undergrunn – Egoland
  • Kvelertak – Endling
  • SKAAR – Mad Woman
  • Delara – Shahrazad
Skaar

SKAAR er nominert i kategorien årets utgjeving.

Foto: Kim Erlandsen

Årets internasjonale suksess

  • Caroline Ailin Furuøyen
  • Kristine Tjøgersen
  • Marius Neset
  • Girl in red
  • Lise Davidsen
  • Erik Smaaland
Jul med Lise Davidsen - NRK TV

Operasongar Lise Davidsen er nominert i kategorien Årets internasjonale suksess.

Foto: NRK

Årets gjennombrot

  • Rambow – Mager Men Metter Mager [BONUS]
  • Alessandra – Alessandra 2023
  • Emma Steinbakken – Emma Steinbakken 2023
  • HILLARI – How Is Your Soul?
  • Aden Foyer – The Ballet Girl EP
  • Bausa – Bausa 2023

Bak utdelinga står organisasjonane Fono og Ifpi.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters