I generasjonar har norske anleggsfolk sprengt, knust og flytta fjell.

Fallande steinar, store maskiner og bratte stup har kosta liv.

Difor er den norske anleggsarbeidaren blant dei best sikra i verda.

Men berget her til lands skjuler andre farar.

Gutta i den farlege røyken

Gutta i den farlege røyken

Med tunge steg tok Christian fatt på trappa opp til blokka.

Etter lange tolvtimarsvakter på anlegget såg han fram til to veker fri.

Den spreke vestlendingen var knapt 30 år, men hadde alt blitt ein veteran i faget. Sterk, godt trent, glad i høgder.

Men kjendest ikkje trappa ekstra lang i dag? Han trekte pusten og glytta opp på fjelltoppen bak blokka.

Christian

Fjellet var det han jobba på og levde av. Utekontor med ope landskap. Han likte alt ved denne jobben.

Det meste, i alle fall. Som 20-åring hadde han jo stussa litt.

Han såg kollegaer som skar hol i ansiktsmaska for å kunne røyke medan dei drilla i fjell. Andre som stod inne i tronge betongrom, innhylla i støv, med bor i handa og sneipen i kjeften.

Vernemaske brukte dei knapt.

Han tok etter dei andre. Støvet festa seg i skjegget og la seg inntil huda, utan at han tenkte mykje over det. Blei det for ille, trekte han eit skjerf over munnen.

Christian Arstein Farsund hadde alltid likt seg i motbakkar. Denne dagen var det annleis.

På toppen av trappa gjekk han ned i kneståande. Med ein arm på rekkverket kjende han at det knytte seg i halsen. Han heiv etter pusten.

Så kasta han opp.

Steinlandet

Gravemaskin med mørk himmel
Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

Ingen bransjar har fleire arbeidsdødsfall og -ulukker enn bygg- og anleggsbransjen. Éin av ti norske menn jobbar i denne sektoren.

Dei som jobbar her, kan bli påkøyrde, få tunge maskiner over seg eller ramla ned frå store høgder.

I fjor døydde totalt 28 personar i Noreg i arbeidsulukker.

Åtte av desse jobba i bygg- og anleggsbransjen.

Dei siste seks åra har 46 arbeidarar mista livet i denne sektoren.

Alle var menn.

Dei som jobbar i bransjen veit det alt for godt:

I steinlandet Noreg kan små feil verta fatale.

Christian Arstein Farsund på E6-anlegg ved Kvænangsfjellet

Difor er sikkerheitstiltaka i denne bransjen ekstra strenge. Godt arbeid over tid har redusert talet på dødsfall.

Men kva med dei farane me ikkje ser?

I fjella rundt oss ligg ein snikande fare gøymt djupt inne.

Ein fare som EU har gitt merkelappen «kreftframkallande».

Som førte til at Nederland i fjor innførte forbod mot visse typar norsk stein.

Mineralet heiter kvarts. Det er så hardt at det kan ripa glas. Du kan finna det over alt i fjella her til lands.

Det skjer ikkje over natta. Men ved innpusting over tid, skal det lite til for å gjera stor skade.

Anleggsmaskiner med mørk bakgrunn

Sjå for deg at du kastar ein sukkerbit uti eit svømmebasseng av olympisk storleik. Femti meter langt.

Sukkerbiten løyser seg opp og blandar seg med bassengvatnet.

Sei at bassengvatnet i staden er lufta du arbeider i, og den utblanda sukkerbiten er kvartsstøv som flyr omkring.

Omtrent den sukkerbiten utgjorde kvartsmengda det var lov å utsetta anleggsarbeidarar for før 2022.

I fjor halverte helsestyresmaktene denne sukkerbiten. Bakgrunnen var ny kunnskap om helsefarane.

Då Arbeidstilsynet senka den såkalla grenseverdien, kom tilsynet med eit oppsiktsvekkande matematisk anslag:

Å stå i det som då var den lovlege mengda steinstøv, kvar dag gjennom eit heilt yrkesliv, vil gje stor helseskade. Kvar tjuande anleggsarbeidar som blir utsett for dette, vil pådra seg kols, kreft eller annan alvorleg lungesjukdom før dei går av med pensjon.

Kvar dag dei siste åra har drygt 35.000 maskinførarar og hjelpearbeidarar gått på jobb. Dei har ulike oppgåver, og blir i ulik grad utsette for støvet.

Men utifrå den teoretiske utrekninga over her: Kan alderdomen stå på spel for 1750 av dei?

Og kva med dei som alt har gått ut av yrket?

Anleggsmannen

helge

Det knasa i grus i det pensjonisten lukka grinda og la nedover vegen frå huset. Inn ein sti til venstre. Nokre hundre meter med traktorveg gjennom ulendt vestlandsterreng. Så starta han på stigninga.

Hostekulene slo som rekyl gjennom landskapet.

Éin. To. Tre gongar måtte han stansa opp. Med venstrearmen støtta han seg på låret. Brystkassen dirra.

Helge Haukeland hadde gått 150 meter.

Helge Haukeland
Helge Haukeland
Helge Haukeland

70-åringen har vakse opp her. Han kjenner alle toppane.

Heimen i Masfjorden var basen medan han i årevis reiste på anlegg og bygde vegar og krafttunnelar.

I timevis kunne han og kollegaene i Statens vegvesen stå med borekronene mot fjellveggen og ta imot vibrasjonane.

Helge Haukeland nærbilete ansikt

På solrike dagar kunne dei knapt sjå kvarandre, erindrar han, skulder ved skulder i fjellveggen. Støvskya svelgde alt og alle. Då arbeidslaget gjekk til lunsj, hugsar han det var dagar då berre halvparten orka eta maten.

Resten var «mette» av støv og stein.

Men fjellet var ikkje berre jobben hans. Det var også fritida, for han og kona.

Helge Haukeland og kona Liv i hagen i Masjorden

Som pensjonistar skulle dei gå langs vidda, bada i alle fjellvatn dei kom over, og gjera det dei hadde elska heile livet: Nyta fjellet.

Det kunne han berre gløyma no.

Med ei støttande hand på fjellknausen han skulle erobra, skotta Helge Haukeland rundt seg.

Det var fjellet som hadde gitt han eit yrkesliv.

Fjellet hadde gitt han naturopplevingar, hytteturar, lange dagsturar med dei tre sønene som aldri ville snu.

Helge Haukeland på tur bak huset på Nesjane i Masfjorden

No hadde han mista fjellet. Oppturen bak huset var det lengste han kom.

For fjellet hadde sete djupe, alvorlege spor.

Forskaren i tunnelen

forskeren

Namnet til ein av landets fremste forskarar innan steinstøv og lungehelse heng framleis på døra. Ho har eigentleg gått av med pensjon, men etter 40 år er det vanskeleg å forlata manesjen.

For tretti år sidan gjorde forskar Bente Ulvestad funn.

Alvorlege funn, som gjorde henne sikker på at bransjen ville ta umiddelbare grep for å unngå alvorleg sjukdom.

– Eg var grenselaust naiv. Slik er det kanskje å vere ung og dum, seier ho med eit skeivt smil.

STAMI-forsker Bente Ulvestad

Legen og forskaren fekk tidleg ein mistanke. Som lege og seinare bedriftshelselege møtte ho mange utslitne.

Men på 90-talet visste ein lite om korleis dei norske tunnelarbeidarane reagerte på støv, dieseleksos og eksplosjonsgassar.

Ulvestad fekk entreprenørbransjen med på laget og pengar til forsking. Ho utstyrte arbeidarane med måleutstyr på ryggen og vart med dei inn i tunnelane om natta. Sjekka kor mykje kvartsstøv dei pusta inn, og testa etterpå om lungene hadde blitt påverka.

Bit for bit, lungeprøve etter lungeprøve, viste at dei var i ferd med å bli sjuke.

Mange av tunnelarbeidarane var røykarar, men dette ramma også dei som ikkje røykte.

Veldig mange av dei hadde allereie utvikla kols, viste forskinga.

Det var vanskeleg å vita samanhengen med steinstøv. Tunnelane var også fylte av andre farlege gassar, som dieseleksos.

Men i tunnelar tok staten og entreprenørane grep.

Meir vatn og betre ventilasjon betra situasjonen for dei som arbeidde inst i tunnelane.

No var det arbeidarane ut i anleggsområda som bekymra Ulvestad. Bergborarar og fjellsikrarar som sto midt i støvskyene.

Riggoperatør utstyrt med måleapparat for å finne ut kor mykje støv han blei eksponert for

Ulvestad utstyrte riggoperatørar med måleapparat på ryggen. Det viste seg at mange var i ferd med å bli sjuke – sjølv om dei blei eksponert for støvmengder som låg godt under grenseverdiane.

Foto: Bente Ulvestad / STAMI

Bente Ulvestad og kollegaene sette i gang med eit nytt prosjekt.

I det andre prosjektet blei 136 arbeidarar undersøkte. Ulvestad testa lungefunksjonen deira, og i kor stor grad dei pusta inn steinstøv. I gjennomsnitt hadde arbeidarane som blei testa, vore i bransjen i ti år.

Også her såg ho nedslåande resultat. Nedsett lungefunksjon, teikn på kols.

Sjølv om dei i snitt hadde blitt utsett for kvartsmengder som var under det som Arbeidstilsynet til då hadde meint var låge nok grenseverdiar.

Forskaren understrekar at ting er betre i dag.

Bransjen har eit langt større fokus på å verna arbeidarane, meiner ho. Gamle utdaterte boreriggmodellar har hamna på skrothaugen.

Dei fleste riggoperatørar sit i dag inne i hytter, verna frå støvet.

Og som på alle røykpakkar i norske butikkhyller, er åtvaringa nådelaust tydeleg på alle norske riggar:

Borerigg med fareskilt

Likevel er det ein lang veg å gå, meiner Ulvestad:

Eg hadde jo tenkt at me skulle ha kome lenger enn det me har gjort.

Når ein først har fått ein slik kronisk sjukdom, held sjukdommen berre fram. Sjølv om ein sluttar i jobben og kjem seg vekk frå støvet.

Ulvestad si forsking er noko av bakgrunnen for at Arbeidstilsynet halverte grenseverdiane.

Men kor mange anleggsarbeidarar har pusta inn og blitt sjuke av kvartsstøvet?

Fjellsikraren som ikkje lenger tek sjansen

Christian

På toppen av ei 30 meter høg fjellskjæring ved foten av Kvænangsfjellet står Christian sikra med tau.

Han som spydde på toppen av trappa er framleis på jobb.

Christian gjer klar vernemaska. Maska har filter og overtrykk for å stenga ute støvet.

Han prøver å sikra seg, men veit at han allereie kan ha fått varige mén.

På toppen av skjeringa set han borekrona mot det frostkalde fjellet. Så brakar det i grunnen.

Christian Arstein Farsund på E6-anlegg ved Kvænangsfjellet

Om eit års tid skal bilar og vogntog køyra forbi på den nye E6-traseen like under her. Gods og varer skal fram.

Europavegen nær grensa mellom Troms og Finnmark deler Noreg i to når han er stengd. Omkøyringsvegen er 700 kilometer lang og går via Finland.

Dronefoto av fjellsikring ved ny E6 over Kvænangsfjellet

Sunnfjordingen flyttar seg vidare langs den høge skjeringa. Det er framleis hundrevis av hol som skal borast for å sikra fjellet.

For berre nokre år sidan hadde han nok ikkje tatt seg bryet. Maska er stor og keitete. Tungt arbeid blir endå tyngre.

Før pusta han berre inn støvet. Men ikkje no. No tar han ikkje lenger sjansen.

Christian Arstein Farsund

Christian kom inn i bransjen på midten av 2000-talet, som tunnelarbeidar.

Han fortel om kollegaer som hadde eit ukritisk og uansvarleg forhold til støvet.

Han har sjølv undervurdert faren.

– Det var eit haldningsproblem. Eg ser i langt større grad ei endring blant oss yngre.

Men Christian veit også at det kan ta lang tid:

Perioden frå lungene blir eksponerte til du faktisk blir alvorleg sjuk.

– Folk veit jo at støvet er farleg. Det er ikkje som med ein stein som dett ned og drep deg der og då. Støvet tek deg over tid.

Arbeidskameratane som forsvann

Sjå her. Eg fann eit bilete frå ein jobb me hadde.

Det er 15 år sidan Helge Haukeland gav seg i anleggsbransjen. Bileta viser ein ung sterk mann med fullskjegg.

Sidan tenåra var han ein av dei som bygde landet. No kan han ha betalt ein høg pris for innsatsen.

Helge Haukeland med håndholdt dieselbor under veibygging

HANDBORR: Helge Haukeland fotografert rundt 1990 på arbeid mellom kommunane Austrheim og Radøy, nord i tidlegare Hordaland fylke. Bensindrivne handbor som dette var ikkje maskinene dei brukte mest.

Foto: Privat

Helge fekk diagnosen lungefibrose, ein sjukdom som gir han tungpust, tørrhoste og ein sterkt redusert kapasitet. Lufta vil liksom ikkje inn – eller ut – av lungene.

Då han vart sjuk, slutta han med anleggslivet, gjekk inn i fagforeininga og var også ei periode ordførar i heimkommunen Masfjorden.

Lungelegane på Haukeland universitetssjukehus var snare med å plassera årsaka til diagnosen hans:

Det lange yrkeslivet i støv og stein.

Helge veit at han har jobba i eit risikabelt yrke. Anleggsfolk lever ikkje like lenge som resten av befolkninga.

Det har også Helge kjent på.

Helge

Mange av dei han bygde vegar og tunnelar saman med døydde kort tid etter pensjonsalder. Mellom 67 og 72, anslår 70-åringen.

Han er overtydd om at arbeidstilhøva var ein faktor som spelte inn.

Sjølv har han vore heldig, meiner han. Sjukdomen vart oppdaga tidleg.

Hadde han ikkje fått medisinar, kunne han ha vore kopla til oksygenmaske i dag. Viss han i det heile hadde vore i live. I dag blir han tett følgt opp av lungelegen.

helge

Men når han køyrer gjennom anleggsområde, blir han ofte provosert. Framleis ser han arbeidsfolk som står ubeskytta i støvet.

Forsking viser at dagens boremaskiner er endå meir effektive enn dei som vart brukt for tjue år sidan. Dei produserer meir fint støv.

– Eg ønskjer ikkje at nokon skal måtte kjenna på dette her. Ei slik avslutning på karrieren ... eller livet, då. Bransjen må ta dette skikkeleg på alvor. Og ikkje senda ungdom inn i den bana som eg har hatt.

Kvartspartikler tatt i mikroskop

KVARTS: Dette er respirabelt kvartsstøv fotografert gjennom eit mikroskop hos Stami. Dette er døme på så små partiklar som kan hamna så langt ned i lungene at dei kan gje skade på kroppen. Avstanden mellom strekane nede til høgre er fem mikrometer. Éin mikrometer er det same som ein milliondels meter.

Foto: STAMI

Spor etter støv

I 2019 rapporterte kvar fjerde yrkesaktive i Noreg at dei blir utsette for støv, røyk, gass, damp, eksos eller andre kjemikaliar på jobben.

Éin av tre anleggsarbeidarar oppgav at dei kan sjå eller lukta mineralstøv i lufta. Ingen yrkesgrupper rapporterer høgare.

Statens arbeidsmiljøinstitutt, Stami, skal overvaka utviklinga av og avdekka nye risikofaktorar i norsk arbeidsliv.

Forskarane, legane og arbeidsmedisinarane her veit at det er mykje å ta tak i.

Christian i steinstøvet

Når fastlegen din mistenker at du blir sjuk av jobben din, har hen plikt til å melda frå til Arbeidstilsynet.

Men mørketala er store. For norske fastlegar melder nesten ikkje inn mistanke om arbeidsrelatert sjukdom.

NRK har spurt Arbeidstilsynet: Kor mange i anleggsyrke har dei siste ti åra blitt lungesjuke?

Men svaret me får, er at tala neppe kan brukast til å forstå kor mange som blir sjuke.

På ti år har 28 anleggsarbeidarar fått registrert lungekreft.

55 har fått registrert kols som følgje av yrket sitt. Nokre få har også fått lungefibrose eller silikose.

Men dette er kanskje berre toppen av det kvartsfylte isfjellet.

Arbeidstilsynet anslår at under 7 prosent av det som finst av arbeidsrelatert sjukdom, blir meldt inn til deira register.

I verste fall kan altså om lag 1000 anleggsarbeidarar dei siste ti åra ha fått ein alvorleg og potensielt dødeleg lungesjukdom som følgje av jobben sin.

Men me veit ikkje.

Underrapporteringa er ulik frå bransje til bransje, og mellom ulike legar.

Ingen veit heller kor mykje støv anleggsarbeidarar som Christian faktisk blir utsette for. Stami har invitert bransjen til å registrera sine målingar hjå dei. På sikt ønsker dei å bygga ein nasjonal eksponeringsdatabase.

Men det er ei frivillig løysing. Og talet på målingar frå anleggsbransjen er få.

steinstøv, skytehull

Den aller største utbyggaren

Høgt oppe over Bergen sentrum held Kjell Inge Davik i Statens vegvesen til.

Han er utbyggingsdirektøren alle som vil bygga veg i Noreg vil snakka med.

Kvart år er budsjettet på 16 til 17 milliardar kroner.

Kjell Inge Davik, 14. november 2023

Davik starta sjølv karrieren i Vegvesenet inne i tunnelar på 80-talet.

I dag har dei ikkje lenger anleggsarbeidarar på lønslistene sine.

Rett etter tusenårsskiftet gjekk Statens vegvesen frå å vera ein utøvande entreprenør til å verta utbyggar (byggherre).

Kor mange som kan ha fått øydelagt helsa si i åra dei sjølve bygde vegar, har ikkje etaten oversikt over. I periodar hadde Vegvesenet 13.000 tilsette.

– Det er sjølvsagt beklageleg at folk har blitt sjuke. Men me må setta ting i kontekst, poengterer Davik.

Davik si forteljing er om eit land som starta å bygga tunnelar på 60-talet. Om rå kraft, dynamitt og store støvmengder. Tøffe og farlege arbeidsforhold. Men òg om ein bransje som seinare har tatt tak.

– Me gjer det mykje betre no enn me gjorde den gongen.

Statens vegvesen har dei siste åra delteke i forskingsprosjekt med mål om å utvikla nye løysingar for å redusera eksponeringa for støv.

Gjennom deltakinga i prosjektet forpliktar landets største byggherre seg til å følga opp dei tiltaka som blir foreslått.

Davik vedgår at heller ikkje dagens situasjon med støveksponering er god nok.

– Når det er snakk om arbeid i dagen, er det openbert at me i lag med bransjen treng å løfta oss.

Anleggsarbeid på Sotra i forbindelse med Sotra-sambandet

Og nettopp difor har me bransjesamarbeid i lag med IA-programmet, Stami og det svenske forskingsinstituttet RISE for å løfta kompetansen på området og koma fram til betre avbøtande tiltak enn dei me har i dag.

Frå 70-talet deltok Statens vegvesen i ei statleg lungeundersøking av sine arbeidarar, den såkalla «Støvlungeundersøkelsen».

NRK har spurt Folkehelseinstituttet (FHI) om kva desse undersøkingane synte om helseskadar på arbeidarane. Men FHI svarar at det ikkje finst statistiske oppsummeringar.

Trass grundige helseundersøkingar, inkludert røntgenbilete av mange tusen lunger, er det ingen som kan svara på kor mange veg- og tunnelarbeidarar som blei sjuke.

Arbeidstilsynet gjorde i si tid eit forsøk, men fann ut at det ikkje var mogleg å skaffa gode nok tal frå arkiva til helsestyresmaktene.

Davik meiner undersøkingane viser at Vegvesenet gjorde jobben sin med å følgja opp dei tilsette.

– Eg tenker at me har gjort veldig mykje i oppfølginga av dei.

Men når undersøkingane ikkje har blitt sett i system, og ein ikkje veit korleis det har gått med arbeidarane, kva verdi har dette i dag?

Det er eit interessant spørsmål. Her trengst også helsefagleg kunnskap for å kunne gjere gode analysar. Det er vanskeleg å seia om dette er noko som Statens vegvesen skal ta tak i, eller heile bransjen i fellesskap.

Kven passar på arbeidarane?

Christian var sikker på at han hadde fått korona den dagen han kasta opp i trappa. Men testen viste ikkje korona.

Christian visste frå før at lungene hans ikkje var hans sterkaste kort. I 2015, ni år etter at han starta i anleggsbransjen, fekk han astmadiagnosen.

Han hadde alltid sprunge frå stefaren på fjellturane heime i Sunnfjord. Kondisjonen hadde alltid vore god.

Christian

Sakte, men sikkert blei det tyngre å gå i motbakkar. Den første astmamedisinen tok han i 2015. Men det hjelpte liksom ikkje.

No var det stefaren som sprang frå han.

Då kroppen sokk saman på trappekanten for to år sidan, skreiv legen ut ein ny astmamedisin. Denne medisinen fungerte, og Christian fekk ny giv.

Men legen var også bekymra. Beskjeden var tydeleg:

Beskytt deg mot støvet. Vernemaska må på. Alltid.

Som verneombod og ein av fjellsikrarane med lengst erfaring i det statlege vegfirmaet Mesta, tar han ansvaret på alvor.

– Eg passar på at dei rundt meg brukar vernemaska. Eg opplever også at dei unge i større grad er obs på farane ved steinstøvet.

Astmadiagnosen kan vera arveleg.

Men forskarar veit at astma samstundes kan vera ein tidleg indikasjon på at lungene er i ferd med å bli påverka av mineralstøvet.

Bente Ulvestad har sjølv hatt ansvaret for å følge opp arbeidarar. I mange år var ho bedriftslege i nettopp Mesta.

Ho veit at arbeidarane ute på anlegg har så mykje dei skal passe seg for. Steinar som ramlar ned, udetonert sprengstoff, store anleggsmaskiner dei ikkje skal koma i vegen for.

På toppen av dette kjem støvet.

Bente Ulvestad, forsker ved STAMI

Bente Ulvestad er overlege ved avdeling for arbeidsmedisin og epidemiologi på Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI).

Tungt fysisk arbeid, som ikkje blir lettare med ei stram og varm pustemaske heile dagen.

– Arbeidarane har fokus på jobben, og dei har mykje å passa seg for. Dei må sjølvsagt verna seg, men dei er heilt avhengige av at HMS-arbeidet heile tida blir drive fram av HMS-folk og ei ansvarleg leiing.

Forskaren trur at grenseverdiane vil reduserast endå meir i framtida. Ho er overtydd om at me framleis veit for lite om korleis kvartsstøvet påverkar kroppen.

christian

Christian veit at lite gjennomtenkte val kan følga han livet ut.

Mannen i 30-åra skal stå i yrkeslivet i 30 år til. Langt der framme held han fast i det same glansbilete dei aller fleste av oss deler: Å få lov til å nyta livet som pensjonist.

– Eg håpar jo på at eg er frisk nok til å kunne nyta dagane når eg har slite meg gjennom eit arbeidsliv.

Hei!

Me har sett på korleis ein av dei farlegaste bransjane i landet handterer dei mindre synlege farane. Har du innspel etter å ha lese saka? Har du tips til andre saker me kan laga om dette temaet? Send oss ein epost!