Kristiane Sekkingstad Terum

HEILT TIL TOPPS: Den sommaren Kristiane fyller 12 år er ho med på Verdensungdomsspelen i friidrett. 1200 av dei beste unge friidrettstalenta frå 12 land, dei fleste frå Norden, var samla på stemnet. Kristiane tok gull på 200-meter, i tillegg til at ho vart nummer fire på 80-meter og 600-meter.

Foto: Olav Terum

Jenta med planken i ryggen

Som 12-åring er Kristiane raskast i Norden. Alt ho vil er å bli god nok for eit OL. Men då løpstalentet får sjå bilete av ryggen sin, blir alt svart.

Den solbrune jenta står med løpeskoa i handa. Ho er sliten og glad. Smiler til kamera. Det er pappa som tek bilete. Pappa og trenar Olav som igjen kan konstatere at dottera er rask. Veldig rask.

Det er juli 2012 og seks veker til Kristiane blir 12 år. På det store friidrettsstemnet Verdensungdomsspelen i Göteborg har ho slått alle dei andre 12-åringane i Norden på 200 meter. Pappa Olav får Kristiane til å gje tommelen opp på bileta han sender heim til lokal presse i Norge.

Same kveld skriv dei om jenta som kan bli eit stort namn for framtida. «Innsatsen i Göteborg tilseier at ho har eit stort talent for løp» kan folk lese på NRK sine nettsider.

– I den alderen handlar det mykje om talent. Men i tillegg trena Kristiane skikkeleg. Både med teknisk trening og løpstrening. Det var skikkeleg, utan at det var for hardt, fortel Olav Terum.

Noko av det første Kristiane Sekkingstad Terum hugsar frå barndommen er at ho elskar å springe. Allereie før ho byrjar på skulen blir ho med storebroren på trening på stadionanlegget i Aurland. Der kan Kristiane springe fram og tilbake på det raude banedekket. Av og til joggar ho to rundar rundt bana. Først ein 400-meter, så ein til.

– Ho hadde gode løpesteg og var liksom så lett på foten, fortel storebror Sander Sekkingstad Terum.

I starten er treninga berre for moro. Men etter kvart som Kristiane vert eldre, veit ho at det er friidretten ho vil satse på. Ti år gamal er Kristiane med på sitt første stemne. To år seinare vinn ho så å seie alle løpekonkurransane ho er med i.

Men den 12 år gamle jenta har merka at noko er gale. Når ho kastar seg ut i lengdegropa får ho ilt i ryggen. Det er ikkje så ofte ho får ilt, men når ho først får ilt kan det vere så vondt at ho byrjar å grine.

– Ofte kjende eg at det verka i ryggen då eg la meg om kveldane, minnast Kristiane.

Ho kvir seg for å gå til legen. Frå ho var heilt lita har ho sete bekymra i baksetet når mora og storebroren skal til sjukehuset i nabobygda for å ta blodprøver fordi dei har cøliaki. Ho likar ikkje sjukehus og legar.

Legen ser det same som foreldra har sett. At ryggen til Kristiane er skeiv. Men Kristiane får reise heim att. Legen seier at det er heilt normalt å vere litt skeiv i ryggen.

– Vi tenkte ikkje så mykje meir på det. Det var eigentleg sjeldan eg hadde vondt, og det var ikkje sånn at eg hadde store plager med ryggen, fortel Kristiane.

Sommaren året etter fyller Kristiane 13 år. Tenåringsjenta brukar stadig meir krefter på idretten. Som den einaste av jentene i venninnegjengen reiser ho på trening nesten kvar kveld. Ofte må ho sette trening og konkurransar før venene.

Den unge jenta veit at viss ho vil bli god, så må ho vere seriøs. Langt der framme har ho ein draum om å delta i OL, og då må ho bruke tida og kreftene rett.

– Ho har alltid hatt eit mål om å nå lengst mogleg. At ho skulle bli best har ho snakka om fleire gonger, fortel storebror Sander.

Kristiane Sekkingstad Terum på Verdensungdomsspelen i 2013

VRIKKA ANKELEN: Under 600-meteren i Verdensungdomsspelen i Göteborg 2013 trakkar Kristiane på lista. Ho vrikkar ankelen, men spring likevel i mål med den gode tida 1.38.34, som held til bronseplass. Resten av stemnet må ho stå over fordi ankelen hovnar opp.

Foto: Olav Terum

Den sesongen er Kristiane den raskaste jenta av alle 13-åringane i landet. Den langbeinte jenta spring inn til dei beste tidene på både 60 meter, 80 meter, 100 meter, 200 meter og 600 meter. På Verdensungdomsspelen dette året spring ho inn til bronsemedalje på 600 meter, i konkurranse med dei beste 13-åringane i dei nordiske landa.

Men foreldra blir stadig meir bekymra. På trening ser pappa Olav korleis den eine skuldra dett ned, og ryggen til tenåringsjenta vert skeivare og skeivare. Kristiane merkar at smertene i ryggen blir verre og kjem oftare.

Etter ein ny tur til legen blir Kristiane vist vidare til ein spesialist på Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

– Vi var jo litt skeptiske. Men ho var så sprek, så vi tok det ikkje heilt innover oss kor alvorleg det var, minnast pappa Olav.

Haukeland universitetssjukehus i Bergen, 29. november 2013: Kristiane og faren sit ved sidan av kvarandre på kontoret til overlege Thomas Natvik. Ingen av dei ser spesielt bekymra ut. Kristiane føler sjølv at ho ikkje har så store problem med ryggen. Ho ventar på at legen skal legge fram ein plan for kva treningsøvingar ho kan gjere for at ryggen skal bli bra igjen.

Røntgenbileta av Kristiane sin rygg blir lagt fram på skrivebordet. Kristiane blir vettskremt. Bileta viser ei ryggsøyle som krummar seg som ein S. Ein rygg som er over 50 grader skeiv. Det er hennar rygg. Det er ho det er noko alvorleg gale med.

Orda som kjem ut av munnen på legen kjem som eit sjokk: Ryggen hennar er så skeiv at ho må operere.

Før operasjonen av ryggen til Kristiane Sekkingstad Terum, sett bakfrå

SLIK SÅG RYGGEN HENNAR UT: Dette røntgenbilete av ryggen til Kristiane er teke rundt ei veke før sjølve operasjonen. Ryggen har då ein skeivheit på 61 grader.

Kva som eigentleg blir sagt på kontoret kjem Kristiane aldri til å hugse. Det er litt som eit svart hol. Verken ho eller foreldra har tenkt tanken på at det var så ille at ho må operere.

– Det kom som eit slag i magen. Det vart eigentleg litt svart. Eg skjønte ikkje heilt kva som skjedde der inne, fortel Kristiane.

13-åringen vil berre grine, men held det inne. Ved sidan av ho sit faren Olav med kjensla av å ha fått eit stort hol i magen. Overlegen peikar og forklarar.

Den skeive ryggen til Kristiane skuldast det legane kallar idiopatisk skoliose. Ein veit ikkje kvifor nokre ungdomar får dette, men over tid har ryggen til Kristiane blitt stadig skeivare. Behandling med korsett nesten heile døgnet vil ikkje vere nok til å stoppe ryggen i å vekse seg endå skeivare.

Det er ein stor operasjon og Kristiane må bu seg på å vere vekke frå idretten i nesten eitt år. Men ho er ung og godt trent, og det vil vere til hjelp etterpå. Kristiane blir fortalt at ho kan drive med idrett, og leve heilt normalt etterpå.

– Men det er ikkje alltid like lett å formidle det, fordi beskjeden kjem som eit sjokk, fortel Natvik.

Når Kristiane let att døra i bilen utanfor sjukehuset kjem tårene. Gråtande ringer ho til mora for å fortelje kva legen har sagt.

Kristiane og foreldra får beskjed om at 13-åringen kan halde fram med treninga. Det er ikkje noko bråhast med å operere og treninga vil ikkje gjere ting verre.

Med dei tryggande orda frå legen i bakhovudet spring Kristiane sommaren etterpå inn til ny personleg rekord på 400 meter. Med tida 59,59 gjer ho seg fortent til toppen av pallen på stemnet på Fana stadion. Denne tida er så god at den blir ståande som ei av dei beste tidene gjort av ei 14 år gamal jente i Norge nokon sinne.

Det gjer framleis ilt i ryggen av og til. Men no veit ho kvifor, og ho veit at det ikkje er farleg. At ho kan trene.

Trene og trene. Det ho veit må til om ho skal klare å springe endå fortare... Der ho står med gullmedaljen rundt halsen har ho allereie bestemt seg. Uansett kor tøff operasjonen og tida etterpå blir, så skal ho tilbake der ho står no. På toppen av pallen.

Operasjonsstova på Haukeland universitetssjukehus, 24. november 2014: Jenta på operasjonsbordet har det lange håret sitt i to fletter. Det er ikkje slik ho likar å ha det, men sjukepleiarane har sagt at ho må ha det slik for å unngå at det klistrar seg i dei store bandasjane ho vil få på ryggen.

Overlege Thomas Natvik og kirurgkollegaen har laga eit snitt ned langs ryggrada på Kristiane. Operasjonen dei skal gjere er blant dei lengste og mest krevjande kirurgiske inngrepa som blir gjort på barn. Kvart år blir det gjort rundt 150 slike operasjonar i Norge.

Kristiane sjølv har blitt skåna for det skumlaste, at det kan oppstå nerveskadar eller lammingar. Det er veldig sjeldan, men det kan skje, noko foreldra hennar er blitt informert om.

Med spesielt tilpassa utstyr festar legane skruar i ryggvirvlane, før dei bøyer til to 20 centimeter lange titanskjener som blir festa til skruane. Med rein handmakt roterer dei på skjenene slik at ryggen blir så rett som mogleg. Nesten fem timar tek det før dei kan avslutte.

Då Thomas opna opp ryggen til Kristiane hadde dei målt ryggen til å vere 61 grader skeiv. Når han syr att er ryggen 25 grader skeiv.

Det kan både han og Kristiane leve med.

Røntgenbileta av ryggen til Kristiane før og etter operasjonen

FØR OG ETTER: Biletet lengst til venstre er teke vel ei veke før operasjonen. Då var Kristiane sin rygg krumma 61 grader. Det midterste bilete viser korleis to 20 centimeter lange skjener er operert inn i ryggrada for å stive den av. Biletet lengst til høgre viser ryggen sett frå sida etter operasjonen.

Foto: Privat/Haukeland Universitetssjukehus

I dagane etterpå er overlegen innom til Kristiane kvar morgon. Ho ligg der og kjenner seg så utruleg hjelpelaus. Ho er hjelpelaus. Må ha hjelp av to sjukepleiarar for å klare å sette seg opp. Og det gjer veldig vondt.

Den første gongen ho set seg opp i senga blir ho livredd. Ho kjenner seg stiv som ein stokk. Det er som at ho har fått ein treplanke i ryggen. Ho får følelsen av ho aldri vil klare å bevege seg fritt igjen.

Tusen tankar rasar gjennom hovudet hennar. Korleis skal dette gå? Ei stund er ho overtydd om at ho aldri meir vil klare å bøye ryggen. At ho aldri meir skal klare å springe att.

Men legen og sjukepleiarane lovar ho at det skal ho klare. Men det vil ta tid.

Kristiane Sekkingstad Terum etter operasjonen

VANSKELEG: I starten var det umogleg for Kristiane å sette seg opp for eiga hjelp. Her får ho hjelp av to sjukepleiarar på sjukehuset.

Litt over ei veke etter operasjonen skriv Kristiane i treningsdagboka si: «Kjem heim med ambulanse. Går trapper m.m.»

Slik har ho ført inn alt av treningar i mange år, og akkurat no er det å gå i trapper trening. Faktisk tøff trening.

Dagen etterpå motar ho seg opp til å gå bort til besteforeldra i nabohuset. Ein tur på rundt 100 meter. Ein distanse ho for nokre månadar sidan sprang på litt over 13 sekund. No er ho så sliten når ho kjem fram at ho må legge seg på sofaen. Søv i ein halv time før ho orkar å gå heim att.

14-åringen må ha hjelp til å få på seg både klede og sko når ho skal ut, men når ho først er komen ut blir turane lengre og lengre. Alt blir ført inn i treningsdagboka.

Utdrag frå Kristiane Sekkingstad Terum si treningsdagbok

TRENINGSDAGBOK: Vanlege gåturar på rundt ein halvtime vart førte inn som trening i treningsdagboka til Kristiane i tida rett etter operasjonen.

Foto: Privat

Det vanlege etter ein skolioseoperasjon er å ta det roleg i opptil eitt år. Men åtte månader etter operasjonen klarar ikkje Kristiane å vente meir. Saknet etter å stå på startstreken er blitt for stort. Ho blir med til Stord for å springe konkurranse. Veit at ho ikkje er i god form, men veit at kroppen er frisk nok. Først spring ho 200 meter, dagen etterpå 100 meter. Tidene er ikkje spesielt gode.

Storebror Torkil Sekkingstad Terum meiner Kristiane seinare vil tene på å ha kjent på motgang.

– Ho har godt av å ikkje vinne heile tida. Det må ikkje gå for enkelt, men ho må trene jamt og trutt.

Kristiane Sekkingstad Terum og mamma Dorthea Sekkingstad på Haukeland

MÅTTE HA HJELP TIL ALT: Mamma Dorthea Sekkingstad var hos Kristiane på sjukehuset etter operasjonen. I starten klarte ikkje dottera å gjere nokon ting på eiga hand.

Foto: Privat

Halvanna år etter operasjonen er Kristiane tilbake i Göteborg. Treningsopplegget pappa Olav har laga ser ut til å funke. Kristiane har nettopp sett ny personleg rekord på 400 meter med tida 59,10. For ho er dette ein siger, eit steg i rett retning.

Men det er eit stykke opp til dei aller beste. For ein månad sidan klokka jamgamle Josefine Tomine Eriksen inn til tida 54,45 på same distanse.

Likevel, Kristiane er ung og har mange år på seg til å bli betre. Amalie Iuel, som er Norge sitt medaljehåp på distansen under sommar OL i Rio de Janeiro seinare denne sommaren, sprang som 16-åring 400 meter på 59,9.

Med andre ord er Kristiane raskare enn OL-håpet i 16-årsklassen.

– Talentet har ho. Men når ho blir eldre så er det vanskeleg å seie korleis friidrettskarrieren vil utvikle seg. Det er vanskeleg å seie kor god ho eigentleg kan bli, seier pappa Olav Terum.

Kristiane veit kva ho vil – ho vil satse. 16 år gamal flyttar ho til Sogndal på hybel for å gå idrettsfag på vidaregåande. Som den einaste i klassen har ho friidrett i faget toppidrett, og ofte må ho trene åleine.

På e-post får ho instruksjonar frå pappa. Oversikt over korleis ho skal trene, og kor hardt ho bør presse seg. Men Kristiane kjenner på at det er vanskeleg.

Spesielt økter med intervall, der pappa har skrive at ho skal gjennomføre mange seriar med sprint etter kvarandre, er tunge når ho trenar åleine. Men Kristiane bit tennene saman. I helgene reiser ho heim for å trene med pappa. Det gir motivasjon.

Amalie Iuel

NORSK REKORD: Amalie Iuel er akkurat no den beste norske 400-meterløparen på kvinnesida. I mars knuste ho den gamle norske rekorden.

Foto: Mads Nyborg Støstad / NRK

Den 18. mars i år knuser Amalie Iuel den norske rekorden for kvinner på 400 meter. Ein månad før ho fyller 23 år spring Iuel inn til tida 51,81. Dei siste åra har ho forbetra sin eigen personlege rekord med sekund for sekund.

Akkurat slik håpar Kristiane også å gjere det. Forbetre tida si – litt og litt. Og det må ho gjere skal ho kome på radaren til toppidrettssjef Håvard Tjørhom og kollegaene hans i friidrettsforbundet. Dei held eit godt auge med kva som rører seg på friidrettsstemner rundt omkring i landet.

Kristiane er ikkje ein heit kandidat for dei no, men det kan endre seg.

– 59,10 på 400 meter i 16-årsklassen er eit OK resultat, og det kan vere starten på ei fin utvikling, seier Tjørhom.

Håvard Tjørhom

KAN VERE STARTEN: Seier toppidrettssjef Håvard Tjørhom om resultata Kristiane Sekkingstad Terum har levert til no.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Når Kristiane spring sitt første løp for sesongen 4. juni i år er det regn i lufta og motvind på oppløpssida på Fana Stadion. Kristiane kastar seg over målstreken til gull på 400-meter, men pappa Olav er ikkje heilt nøgd. Med tida 1.01,11 er Kristiane to sekund bak sin personlege rekord. Med eit heilt år med god trening hadde pappa sett føre seg noko anna.

– Ho har flata litt ut føler eg, og ser ut til å vere på same nivå som i fjor. Men det er vanskeleg. Ein utøvar kan jo flate ut både eitt, to og tre år, før dei plutseleg får ei stigning att...

Kristiane Sekkingstad Terum

FÅR DET IKKJE TIL: På det første stemnet i år fungerer det ikkje heilt for Kristiane. Etter eit år på hybel leverer ho ikkje slik ho og faren hadde forventa.

Foto: Olav Terum

Kristiane er minst like skuffa. Ho kjenner på presset. Det er tre år sidan første gong ho sprang ein 400-meter på 59-talet. Ho skulle helst ha flytta sin eigen personlege rekord no. Samtidig kjenner ho på at ho har meir inne.

Dei neste vekene har Kristiane droppa sommarjobben for å kunne bruke all energi på trening. Men tilbake i Aurland kjenner 16-åringen seg elendig. Slapp og energilaus. Under oppvarminga på Tyrvingleikane i Oslo helga etterpå må ho avbryte. Ho har ingenting å gje.

Kristiane Sekkingstad Terum med ryggen til, arret etter operasjonen viser så vidt

ARR: Det lange arret etter operasjonen er nesten ikkje synleg lenger.

Foto: Olav Terum

Kristiane blir frustrert. Ho har sjølvsagt fått høyre at motgang kan gjere ho sterkare, men akkurat no klarar ho ikkje å sjå noko positivt i at kroppen streikar. Det går nok ei veke og ho og pappa blir einige. Det er ikkje vits å reise til Lillehammer på konkurranse. I staden går turen til legen. Fleire i klassen til Kristiane har hatt kyssesjuka dei siste månadane, så legen vil sjekke ho for det. I tillegg blir ho sjekka for cøliaki, diabetes og låge jernlager.

– Men heldigvis, legen trur det mest sannsynleg er grasallergi som har slått meg ut, seier Kristiane.

Legen kan ikkje gje svar på dagen, og Kristiane begynner på allergimedisin for å sjå om det kan hjelpe. Om fem dagar skal ho etter planen konkurrere mot dei beste 17-åringane i Norden.

Verdensungdomsspelen, Göteborg, laurdag 1. juli: Kristiane er sveitt og andpusten. Ho er på veg tilbake til hotellet etter konkurransen. På oppvarminga kjende ho at forma ikkje var på topp. Men då ho og faren reiste frå Aurland for nokre dagar sidan, sa ho til seg sjølv at ho ikkje hadde noko val. Ho skulle springe, uansett korleis forma var.

No konstaterer ho at dagens tid, 1.01,80, er nær den ho hadde for tre veker sidan. Ny personleg rekord vart umogleg når kroppen ikkje spelar heilt på lag.

– Men det er ikkje noko alternativ å gje seg no. Dei aller fleste som har blitt gode, har møtt litt motgang, seier Kristiane.

No må ho først finne ut kva som feilar kroppen. Men ho vil meir. Ho veit at ho får nye sjansar på løpebana. For ho er ingenting betre enn den brusande følelsen når ho passerer målstreken etter eit godt løp.

Ein gong drøymer ho om å gjere det i eit OL. Og som mora hennar seier:

– Alt må starte med ein draum.

Kristiane Sekkingstad Terum på Verdensungdomsspelen i Gøteborg 2017

GIR IKKJE OPP: Kristiane enda som nummer 27 av dei 45 jentene i klassen 17 år på 400-meter under Verdensungdomsspelen i Göteborg. Men dette er ikkje jenta som gir seg så lett. – Eg får berre lyst til å gjere det endå betre.

Foto: Olav Terum