Hopp til innhold

Ingvi vart buande på bygda då han fekk draumejobben i departementet

Ingvi Hrannar Ómarsson likar å vere tett på dei folka han jobbar for. 34-åringen er ein av stadig fleire islendingar med stadsuavhengige jobbar.

Ingvi Hrannar Ómarsson på møte utanfor barndomsbyen Saudarkrokur i Nord-Island

Han likar aller best å gå tur om møtene stort sett består av prating. Ingvi Hrannar Ómarsson jobbar for kunnskapsdepartementet frå sin heimby på Island.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

– Hei. Korleis går det med deg?

Ingvi Hrannar Ómarsson har sett seg ned favorittbenken, ved ein liten foss, like utanfor den vesle byen Sauðárkrókur. Dette er heimbyen hans, innerst i ein fjord, nord på Island.

Han har putta øyreproppane i øyra, og er klar for nok eit digitalt jobbmøte.

– Eg likar å gå på skogstur når eg har små møte på mobilen.

– Poenget er å bu ute blant folk

Han er tilsett i Kunnskapsdepartementet på øya, og styrer store delar av dagen sjølv. Nokre dagar er det møtemaraton, andre dagar har han tid til å lese på forsking.

Jobben hans er å følge opp skulereforma på øya. Ein draumejobb for han som har jobba som lærar, og som har ein master i digital pedagogikk frå eit amerikansk eliteuniversitet.

Men det følgde ein ekstra gulrot med departementsjobben. Jobben kan gjerast frå kor som helst.

Ingvi Hrannar Ómarsson vart buande i den vesle heimbyen, langt unna kontoret, då han fekk seg jobb i eit departement

Ingvi Hrannar Ómarsson vart buande i den vesle heimbyen, langt unna kontoret, då han fekk seg jobb i eit departement

Ómarsson er ein av stadig fleire islendingar som har fått seg ein jobb i staten, utan at han er tvungen til å møte opp ein spesiell stad.

Målet er å spreie dei statlege tilsette meir, utanfor det ein i Noreg ville kalla «ring 3», og inititativet starta allereie før pandemien gjorde heimekontor vanleg.

Han kan bu kor han vil på Island, og Ómarsson har valt å bli buande i heimbyen sin.

– Poenget med desse jobbane bør vere å bu ute blant folk, der dei fleste jobbar uansett er. Om desse jobbane blir utført i ein heim berre 100 meter frå departementet, så hjelper det ikkje nokon. Det bør gjerast slik at ein kan bu utanfor hovudstaden, seier Ómarsson.

Ingvi Hrannar Ómarsson framfor barndomsbyen Saudarkrokur i Nord-Island

Ingvi Hrannar Ómarsson er glad i den vesle heimbyen sin, kor det bur knappe 2.500 menneske.

Foto: Alem Zebic / NRK

Jobbar for skulen, har kontor på ein skule

Rundt 60 prosent av folk på Island bur i området rundt Reykjavík. Akkurat som i Noreg er det mange islandske bygdeungdommar som flytter heimanfrå når dei skal utdanne seg.

Regjeringa på Island har laga ein omfattande plan for å hindre sentralisering. Eit av måla er at 10 prosent av alle statlege jobbar skal bli lyst ut utan fast plassering. Tanken er at dette kan føre til at fleire vil busette seg utanfor Reykjavík.

Ómarsson har budd i Reykjavík, Sverige, Danmark og USA. Men han har alltid venda nasen heim att til Sauðárkrókur. No har han eit kontor i kjellarboden sin, og eit anna kontor på den lokale skulen.

– Det gjev meg god kontakt med lærarar og elevar, som er dei me jobbar for i departementet. Eg trur det gjev meg ein fordel framfor andre tilsette som har vore i institusjonen lenge, og er ein fordel over tid, seier Ómarsson.

Ingvi Hrannar Ómarsson har laga seg heimekontor og jobbar frå barndomsbyen Saudarkrokur i Nord-Island

Ómarsson har også rigga seg eit heimekontor. Det er naudsynt med gode arbeidsforhold, og noko av utstyret har han måtte ordne sjølv.

Foto: Alem Zebic / NRK

– Innbyggarane sin rett

– Det er mange pluss ved dette. Først, så har du fleire kandidatar å velje mellom for statlege jobbar. Og for det andre ser me det som innbyggarane sin rett å få jobb i staten, uavhengig av kor ein bur. Så lenge det er bra internettilgang, og teknisk mogleg å gjere det, seier Aðalsteinn Þorsteinsson.

Han er direktør ved Byggðastofnun som er eit statleg føretak som skal følge opp landets distriktspolitikk. Han kan fortelje om ein øystat der fibernettet er godt utbygd, men kor det også står ledige kontorlokale rundt om på øya.

– Å skape positiv utvikling for samfunnet er å skape gode jobbar. Ikkje berre for ein, men for to. Ein familie, seier Þorsteinsson.

Koronapandemien har sett fart på arbeidet med å få fleire jobbar utan fast plassering. For det har gått litt tregt på grunn av ein del sjefar som ikkje har vore like begeistra.

– Eg trur uroa deira var at dei skulle miste kontroll, og ikkje ha stabil kontakt og kunne følge med på kva folk gjer. Og også at det kostar pengar. Men alle dei utfordringane kan ein løyse, meiner direktøren.

Fryktar han kan bli einsam

Ingvi Hrannar Ómarsson har hatt jobben i nokre månader, og han kjenner allereie på at det også følger med ein del utfordringar. Mellom anna er han redd for å få dårlegare kontakt med kollegaer, enn det han elles ville hatt.

– Eg er ikkje der ved kaffimaskinen og vasskjølaren, eller et lunsj med dei kvar dag. Så difor prioriterer eg av og til å reise dit. Så å vere innom kontoret to-tre gonger i månaden er bra.

Han kjenner også at det har blitt litt rart etter at pandemien tok slutt, og dei fleste andre var inne på kontoret. Då vart han den einaste på storskjerm, mens dei andre sat rundt eit bord.

– Det å vere i møte med meir enn fire stykk, og eg er den einaste som er med digitalt, det er vanskeleg. Difor har me bestemt at når ein er med digitalt, så er alle med digitalt. Så dei andre går inn på kontoret sitt, og er med digitalt dei også, fortel Ómarsson.

Ingvi Hrannar Ómarsson spelar frisbeegolf med venene i barndomsbyen Saudarkrokur i Nord-Island

Frisbeegolf med vener er noko av det Ingvi Hrannar Ómarsson likar å drive på med. Venene er einige om at det er deilig å sleppe bilkøen i Reykjavík.

Foto: Alem Zebic / NRK

Kollegaer og arbeidsplassen har måtte tilpasse seg Ómarsson. Det er ulemper som følger med fordelane ved å kunne bu kor ein vil. For 34-åringen i Sauðárkrókur er det aller viktigaste at han blir vist tillit, og det seier han at departementet gjev han.

– Eg blir ikkje utsett for detaljstyring der dei spør meg heile tida om kva eg gjer. Det er eigentleg viktigare at sjefane sjekkar at eg får nok trening, mat og pausar.

Ómarsson har kjæraste som bur i USA. Kanskje kan fleksibiliteten i jobben gjere det lettare med eit avstandsforhold. Men planen er uansett at han stadig skal vende tilbake til heimbyen, der han har vener og familie

– Eit tre kan blåse fram og tilbake. Du kan reise til andre stader, og du kan reise tilbake. Men røtene mine er sterke, så eg kjem stadig tilbake att hit.

Også den norske regjeringa har starta arbeidet med å legge til rette for at nordmenn kan bu kor som helst, men likevel jobbe i staten. Les meir om det her:

Hei!

Har du noko på hjartet etter å ha lest denne saka? Send meg gjerne dine innspel.

Denne saka er ein del av «Den store folkevandringa», eit samarbeidsprosjekt mellom lokalaviser organisert i Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK

Saman lager vi saker om korleis folk i Noreg flytter på seg, kva det gjer med samfunnet vårt og kva framtida vil bringe.

Me blir glade for å høyre frå andre som synest dette er spennande og meiningsfulle tema.

AKTUELT NÅ