Kommunen flytta Ida vekk frå ektemannen

Dei hadde levd eit heilt liv saman, så plasserte kommunen ekteparet 60 kilometer unna kvarandre.

Jan Per og Ida Josefine Løken

MØTE: Ida Josefine og Jan Per Løken har levd eit langt liv saman.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Fram til i vår hadde Jan Per (82) og Ida Josefine Løken (81) budd saman på eit lite småbruk i bygda Haugen i Stad kommune.

Men demens-sjukdomen til Ida vart stadig verre, og Jan Per streva med si eiga helse.

I vår var tida komen for at dei måtte flytte heimanfrå.

Men så kom den overraskande meldinga. Han skulle få plass i omsorgsbustad på Nordfjordeid, berre eit steinkast frå sjukeheimen.

Men kommunen ville ikkje plassere kona på denne sjukeheimen. I staden vart ho sendt til eit omsorgssenter 60 kilometer unna.

Og når ektemannen ikkje kan køyre bil så langt, og den næraste familien bur i Trøndelag, er det vanskeleg å sjå kvarandre.

– Dei sa det skulle berre vere mellombels. Så eg trudde det berre skulle vare ei kort tid, seier Jan Per.

Her i bygda Haugen budde ekteparet.
Kommunen tildelte Jan Per omsorgsbustad ved omsorgssenteret på Nordfjordeid.
Ektefellen Ida Josefine vart plassert her, på omsorgssenteret i Selje. 60 kilometer unna.
Visualisering Anders Nøkling

No har det gått eit halvt år utan at noko har skjedd.

På denne tida har han berre besøkt kona ein gong. NRK tar han med til sjukeheimen i Selje.

Jan Per veit ikkje heilt korleis han blir motteken, kona er blitt meir og meir prega av sjukdomen. Vil ho kjenne han att? Vil ho klandre han for at han ikkje er der med ho?

Jan-Per Løken

NÆRT: Frå døra til omsorgsleilegheita ligg sjukeheimen Hogatunet berre eit steinkast vekke. Men der får ikkje kona bu.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Skal få møte ho igjen

Selje og Eid slo seg saman til Stad kommune frå 1. januar 2020. Derfor har kommunen no to sjukeheimar. Hogatunet på Nordfjordeid, og Seljetunet i Selje sentrum.

83-åringen har skrive fleire brev og notat til kommunen.

– Eg har spurt om korleis køordninga verkar, alt mogleg slik.

Vel framme ved Seljetunet hjelper dei tilsette til med å finne vegen til rommet til kona, så går dei for å hente Ida Josefine.

Så kjem ho, lett på foten, pynta og glad.

Jan Per Løken og Ida Josefine Løken

KLEM: Det er gått lenge sidan sist dei fekk sjå kvarandre.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ida Josefine Løken har Alzheimer, men kroppen er frisk og gleda over å sjå mannen er stor.

– Det var jo ikkje meininga at eg skulle vere så lenge vekke, seier ho til han.

Ho spring raskt av stad og hentar eit kaffikrus til mannen, som har med seg ein pose Twist.

– Du er så fine atte, seier Jan Per til kona si.

Jan Per og Ida Josefine Løken

HJARTELEG: Sjølv om minnet er uklart, går samtalen lett.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Politikarane lova «kjærleiksgaranti» alt i 2018

Talet menneske med demens her til lands vil auke i takt med at vi blir stadig fleire eldre.

I dag har litt over 100.000 menneske demens i Noreg, om 20 år er talet truleg 200.000.

I fjor bestemte regjeringa å innføre ei ny forskrift for ei verdig eldreomsorg, den såkalla verdigheitsgarantien, som seier at par som ynskjer det skal kunne bu saman.

– Kommunane har stor fridom til å finne løysingar. Dei bør strekke seg langt for å oppfylle ynskjer frå eldre om å bu i nærleik til kvarandre eller saman den siste tida, så lenge dei tek imot eit forsvarleg tenestetilbod, seier statssekretær Maria Jahrmann Bjerke (H).

Stad kommune svarer at dei strekk seg og gjer kva dei kan.

– Så er det ikkje alltid vi klarar å innfri. I alle fall kanskje ikkje med det same. Vi har ei liste der vi veit at nokon vil flytte på seg, seier kommunalsjef for helse i Stad kommune, Barbro Longva.

Vond avskjed

Etter to timar åleine saman, er det tid for å ta avskjed.

Han skal heim til omsorgsbustaden på Nordfjordeid, ho skal vere igjen i Selje.

Men det er tungt å seie farvel. Ida Josefine er lei seg over at ho ikkje kan få vere med.

Ein pleiar trer til og trøyster ho.

– Ha det Ida, seier Jan Per spakt, medan han bit tennene saman og går sakte av stad.

Jan Per og Ida Josefine Løken
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg har ikkje lyst å oppleve ho slik. Den einaste trøysta eg har, er at ho kjem til å gløyme avskjeden fort, seier han.

Han ser at kona har det godt ved Selje omsorgssenter, sjukeheimen er lys og triveleg. Og Ida skryt av maten, og dei tilsette.

Reisa har difor reist nye spørsmål. Vågar han å rive ho ut av det som no er blitt kjende omgjevnadar?

– Nett no er kanskje dette den beste plassen ho kan vere. Kanskje får eg kome hit om eg også treng sjukeheimsplass?

Ekteparet Jan Per og Ida Løken har levd et langt liv sammen. Men da de på grunn av sykdom måtte flytte fra hjemme sitt, plasserte kommunen de 60 kilometer fra hverandre.

SJÅ REPORTASJE: TV-reportasjen om ekteparet kan du sjå her.