Hopp til innhold

Regjeringa vil snu flukta frå bygdene

Regjeringa varslar «ny og forsterka distriktspolitikk». Eit av måla er at flukta frå bygdene skal snu.

Kandal

KANDAL, NORDFJORD: Kommunalministeren kom i dag med meldinga «Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida».

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

I tråd med tradisjonen om å reise ut i «kolonien» for å presentere ny distriktsmelding, kom kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik i dag til Sølvane gard i Kandal i Nordfjord.

I 2019 var kommunalminister Monica Mæland (H) i tilsvarande ærend i Finnsnes i Troms.

– Dei som trur at dette er ei melding med mange tiltak og millionar blir veldig skuffa, sa ho.

Fire år seinare inneheld den nye «Gjelsvik-meldinga» mange tiltak og mål, om ikkje så mange konkrete løyvingar.

Blant dei meir ambisiøse måla er at folketalet skal auke i distriktskommunar.

– Folk skal kunne leve eit godt liv uansett kor i Noreg dei bur. For å få til det, skal vi som styrer landet, ta omsyn til distrikta i all politikk vi lagar, seier Gjelsvik.

I 2020 åtvara Demografiutvalget om at Distrikts-Noreg kan bli «ein gamleheim i naturskjønne omgivnader».

Kandal 4

- Ingen skal få beskjed av storsamfunnet om at ein skal hengje kroken på døra og sløkkje lysa. Vi skal gje lokalsamfunna våre utvikling, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Meir fridom i arealpolitikken

Vidare legg meldinga opp til at kommunane skal få meir fridom i arealpolitikken. Tiltaket har brodd mot dei som meiner at meir sentralstyring er avgjerande for å halde lokale freistingar og næringsinteresser «i øyra».

– Mykje av arealpolitikken har vorte forma ut med bakgrunn i dei største byane. Mange stadar er det ikkje stort press som er utfordringa, men å få folk til å busetje seg og skape aktivitet, seier Gjelsvik.

Han legg til at meldinga byggjer vidare på «tidlegare sigrar» som gratis ferje til øysamfunn og halvert makspris på flybillettar på dei regionale FOT-rutene frå 2024.

Meldinga løftar problemet med auka flyprisar, men kjem ikkje konkrete forslag eller meir pengar.

Les også Ny rapport: mellomstore kommunar forsterkar naturkrisa

Her skulle dei bygge eit vindkraftanlegg på fast fjell. Det ingen hadde tenkt på var å undersøke grunnen på førehand.

Det vi kjenner mest på er behovet for større fridom i arealpolitikken. Eg ser fram til større fridom på dette området, seier Jenny Følling (Sp), som er ordførar i Sunnfjord kommune.

Ho legg til:

Og grønt industriløft ønskjer vi velkommen. Vi har kraftoverskott, og bør kunne satse på grøne industriarbeidsplassar.

Jenny Følling

– Det vi kjenner mest på behovet for større fridom i arealpolitikken. Eg ser fram til større fridom på dette området, seier Jenny Følling (Sp), som er ordførar i Sunnfjord kommune.

Foto: NTB

Alta blir verande i tiltakssona

Andre tiltak i distriktsmeldinga:

  • 362 millionar kroner for å sikre alle tilgang til høghastigheitsbreiband i løpet av 2025.
  • Tiltakssona for Nord-Troms og Finnmark skal prioriterast og sjåast under eitt som region, ikkje berre enkeltkommunar. Det same gjeld fjellregionane i Hedmark og Oppland og Setesdalen.
  • Tiltakssona blir verande som i dag. Alta blir ikkje teke ut, slik enkelte ønskjer.
  • Større satsing på bygdevekstavtalar, utover dagens prøveordningar. Meldinga nemner ingen eksakte beløp.
  • Auka låneramma til Husbanken for å bidra til meir bustadbygging i Bygde-Noreg. I budsjettforliket vart låneramma til Husbanken auka med 3 milliardar kroner.
  • Varsel om bustadmelding i 2024, som skal justere for marknadssvikt og tap ved nybygg.
Kandal 2

I tråd med tradisjonen om å reise ut i «kolonien» for å presentere ny distriktsmelding, kom kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik i dag til Sølvane gard i Gloppen i Nordfjord

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Dette er syltynt

Andre stikkord er grønt industriløft, desentralisert utdanningssystem og omfordeling gjennom inntektssystemet. Regjeringa vil «styrkje» denne, men er ikkje presise på korleis og i kor stor grad.

Dette er syltynt. Dette er ei regjering som ikkje heng med i si tid. Distrikts-Noreg fortener betre, seier Alfred Bjørlo (V).

– Eit levande næringsliv med sterkt lokalt eigarskap er berebjelke nummer éin for ein vellukka distriktspolitikk. Her sviktar regjeringa totalt, særleg i skattepolitikken, og næringspolitikk er beteiknande nok omtrent fråverande i meldinga.

I forarbeidet til meldinga er det gjennomført 14 innspelsmøte rundt om i landet og fire digitale møte der deltakarar frå offentlege og private verksemder har fått gi innspela sine.

Meldinga byggjer vidare på tre ulike distriktsretta utgreiingar som kom under Solberg-regjeringa.

Ein DistriktsmeldingLevande lokalsamfunn for framtida»), ei utgreiing frå Demografiutvalet og ei utgreiing frå Distriktsnæringsutvalget.

R5yIQJ3-sog

– Dette er syltynt. Dette er ei regjering som ikkje heng med i si tid. Distrikts-Noreg fortener betre, seier Alfred Bjørlo (V).

Foto: NTB