Livfull renn Lærdalselvi forbi, men til å rekruttere sjukepleiarar er favorittelva til Kong Harald ikkje mykje til hjelp.
– Diverre ser det ut til at fagre fjell og naturen ikkje er nok, seier Arne Skjelten, HR-direktør for Helse Førde.
Trass trugslar om nedlegging, faktiske nedleggingar og kostnadskutt har sjukehuset i Lærdal blomstra og overlevd til dags dato.
Men operasjonssjukepleiarar er eit knapphetsgode, og no går helseføretaket nye vegar:
Dei tilbyr eit «rekrutteringstillegg» på 100.000 kroner, som kjem på toppen av lønna. Kvart år.
Og pengane kjem utan heftingar. Det er ingen bindingstid eller krav om å busette seg i kommunen.
Ein operasjonssjukepleiar er ein sjukepleiar med spesialistutdanning. Ifølge bedriftsundersøking til NVE manglar det i overkant av 2000 spesialsjukepleiarar i Noreg.
Nye vegar for å «bestikke» helsepersonell
For «vanlege sjukepleiarar» er talet 7000, og i ei ny undersøking svarer hundre norske kommunar at det er «svært vanskeleg» å få tak i nok sjukepleiarar.
Mange har difor tenkt utanfor boksen for å «bestikke» helsepersonell.
I Høyanger gav kommunen 150.000 kroner til sjukepleiarstudentar om dei lét vere å flytte etter studiane. Og i Vestvågøy kommune i Lofoten auka dei løna med 40.000 kroner over natta.
Ei undersøking frå 2018 viser at 165 kommunar har sett i verk ulike tiltak for å rekruttere nye sjukepleiarar.
– Når det manglar operasjonssjukepleiarar, er utfordringa at dei vert samla opp ved dei store sjukehusa. Då vert det vanskeleg å trekke folk til for eksempel Lærdal, seier Skjelten.
55 år eller eldre innan tre–fem år
Lill Sverresdatter Larsen er leiar i Norsk Sykepleierforbund.
– Situasjonen er særdeles alvorleg, seier ho.
Ho viser til at rundt halvparten av operasjonssjukepleiarane i landet vil vere 55 år eller eldre innan tre–fem år.
– Konsekvensen er at operasjonar vert utsett og at pasientar ikkje får nødvendig behandling.
Denne veka meldte Haukeland sjukehus at om lag 40 pasientar har fått utsett operasjonar.
Ved St. Olavs hospital i Trondheim har dei utsett 60 planlagde operasjonar ved ei avdeling.
(Kartet viser kor mange nordmenn som er eldre enn 70 år i høvevis 2020 og 2040.)
Slit med rekruttering
– Vi veit at fleire kommunar og helseføretak i distrikta slit med å rekruttere og behalde sjukepleiarar. Dette er ei utfordring vi jobbar med, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
I 2021 fekk dei ulike helseregionane i oppdrag å opprette 100 nye utdanningsstillingar for å få bukt med mangelen på kvalifisert helsepersonell.
– Regjeringa har starta arbeidet med ein helsepersonellkommisjon for å fremme tiltak for å utdanne, rekruttere og behalde kvalifisert helsepersonell over hele landet. Dette inkluderer spesialsjukepleiarar, seier Kjerkol.