Skoleklasse

Den store klassen var bygda si framtid.

Skoleklasse med bare seks elever igjen

Men no er det berre desse som er igjen i Hyllestad.

Skoleklasse med bare seks elever igjen

Den store folkevandringa

Den store folkevandringa

Noko alvorleg er i gjære i landet vårt.

I stadig fleire norske kommunar blir det nesten ikkje født barn lenger.

Sakte men sikkert reiser vi, vekk frå bygdene og inn til byar og tettstadar.

I 10 år hadde klassen ved Hyllestad skule gått saman. Denne varme sommardagen i 2013 var ein av dei siste før dei reiste vidare i livet.

Kvifor reiste Ingrid, Sandra og dei andre frå Hyllestad?

Tanja måtte forandre planane

Hyllestad ligg ute mot havet langs Sognefjorden i Vestland. Sentrum har ein barnehage, idrettshall, ein butikk og ein skule.

Allereie no er klasseromma på Hyllestad skule halvtomme. I fjor vart det berre født fem barn i kommunen. Kva skjer med lokalsamfunnet om utviklinga held fram?

Tanja Kvellestad Akse og sonen Conrad

FLYTTA TILBAKE: Tanja Kvellestad Akse og Conrad på 15 månadar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Då Tanja Kvellestad Akse gjekk ut av ungdomsskulen var dei eit kull som skapte optimisme, fordi dei var så mange.

Men dei måtte vekk for å ta utdanning. I dag er 23-åringen den einaste jenta på dette klassebiletet som har flytta heim igjen.

Tanja

Eigentleg skulle ho bli musikar. Bruke songstemma si. På musikklinja på vidaregåande stod ho fremst på scena i musikalane. Ho såg eigentleg ikkje for seg å flytte tilbake.

Men planane vi legg i tenåra vil alltid vere usikre.

Då Tanja studerte i Tromsø vart ho gravid, og kjærasten hadde jobb heime i Hyllestad.

No studerer ho frå huset deira, over 1000 kilometer unna Tromsø. Snart har ho bachelor i spesialpedagogikk.

– Men hadde det ikkje vore mogleg å studere heimanfrå hadde vi budd i Tromsø no, seier Tanja.

Tanja Kvellestad Akse

STUDERER: Tanja kan gjere ferdig studiane i Tromsø sjølv om ho bur langt vekke.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Livet på bygda

Hyllestad er eit lite samfunn, men dei bygger store ting.

Har du køyrt ei ny ferje på Vestlandet dei siste åra, kan det godt hende den er laga her.

Her bygger folk supermoderne skip, men arbeidsplassane på skipsverftet er ikkje nok. Kommunen har verken vidaregåande skule, kjøpesenter eller lensmannskontor.

Næraste by er Førde, ein og ein halv time vekke.

Hyllestad

IDYLL: Hyllestad i Sogn.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Det har blitt 250 personar færre i Hyllestad dei siste tjue åra. No er det 1300 menneske att.

Kva er vi på leiting etter når vi flyttar, og kvifor flyttar så få tilbake?

Folkevandringa som endrar landet vårt

Aldri har vi budd så mange her til lands, men veksten skjer ikkje over alt.

NRK har henta ut flyttetal for alle norske kommunar dei siste tjue åra. Tala viser korleis det år for år renn ei rekkje med små og store elvar frå utkantane og inn til dei større stadane.

Dei store byane veks mest, men straumen renn også frå småbygder til kommunesenter, og frå mindre kommunar til småbyane.

Også frå Hyllestad.

Amalie Virkesdal Bråstad og Sandra Mjømen har vore vener så lenge dei kan hugse.

Amalie Virkesdal Bråstad (t.v) og Sandra Mjømen

FLYTTA: Amalie Virkesdal Bråstad og Sandra Mjømen

Foto: Therese Pisani / NRK

Åtte år kan vere lang tid. No må dei le av seg sjølve når dei ser klassebiletet frå Hyllestad skule, i den vesle sofaen i ei lita leilegheit i Bergen sentrum.

Amalie og Sandra

Amalie og Sandra ville til byen, Bergen er berre eit par timar med båt frå Hyllestad.

NRK sine tal viser at mange gjer slik som dei, flyttar til nærmaste storby.

Hyllestad-Bergen

Til sommaren er studietida over. Likevel er dei ikkje klare for å reise heim.

– Eg er veldig glad eg vaks opp i Hyllestad, eg sakna ingenting i oppveksten min, seier Bråstad

Men skal dei tilbake må fleire av dei nærmaste venene også flytte heim.

– Å ha nokon å henge saman med er utruleg viktig, seier dei.

Sandra Mjømen (t.v) og Amalie Virkesdal Bråstad

UTDANNING: Venninnene reiste ut for å gå på skule.

Foto: Therese Pisani / NRK

Det andre er jobb. Sandra har bachelor i folkehelse, og studerer no pedagogikk.

– Ein kan fort bli avhengig av at kommunen har ledige jobbar om ein flyttar heim, seier ho.

Nokon må tape skal andre vinne kampen om menneska

Dei fleste kommunane her til lands har ambisjonar om å vekse.

Men skal ein kommune vinne kampen om tilflyttarane må ein annan kommune nødvendigvis tape. Konkurransen om menneska er blitt tøff i Noreg.

Det finst sider med livet på bygda som lokkar for Amalie. Det å berre kunne gå ut i ein stor hage ein sommardag, vandre rett ned til sjøen og ta seg eit bad. Springe på fjellet.

Men ho skal ikkje til Hyllestad. Når ho er ferdig med master som lærar har ho fått jobb i Lofoten det neste skuleåret.

Dit reiser ho på eit nytt eventyr saman med tre veninner frå studietida i Bergen.

– Det blir spennande, og ein veit jo ikkje om det skjer noko undervegs som gjer at ein blir lenger.

Amalie Virkesdal Bråstad

OPPLEVE NOREG: Amalie Virkesdal Bråstad vil jobbe eit år i Lofoten.

Foto: Therese Pisani / NRK

Barn flest blir født i Oslo

Dei verkeleg store flyttestraumane renn mot den største byen i Noreg, og den har store konsekvensar både for byen og bygda.

Ingrid

Då Ingrid B. Risnes var ferdig med ungdomsskulen i Hyllestad, flytta ho fyrst til Sogndal for å gå på vidaregåande. Der gav tre venninner kvarandre ei utfordring: Kva om dei hoppar av skulen i Sogndal, og tar siste året i Oslo?

Ingrid jobber i barnehage og bor i Nittedal sammen med hunden Ei

OSLO: Ingrid B. Risnes reiste til Oslo alt som tenåring.

Foto: Cicilie S. Andersen / NRK

– Til slutt var det berre eg av oss som reiste, smiler Ingrid.

Det var eit lukkeleg val.

– Oslo har moglegheiter, det er det sosiale, jobb, tilboda og butikkane. Eg trivs kjempegodt her.

Hyllestad-Oslo

Det er storbyane som vinn kampen om dei unge menneska. Ein konsekvens er at meir enn eit av seks barn som vart født i Noreg i fjor, er innbyggar i Oslo kommune.

Oslo har fleire fødslar enn Bergen, Trondheim, Stavanger, Bærum og Kristiansand, til saman.

Fødslar i 2020

Graf som viser Oslos fødselstall er likt Kristiansand, Bærum, Stavanger, Trondheim og Bergen tilsammen

Andre stadar i landet vårt blir det no nesten ikkje født barn.

Nær 1 av 3 norske kommunar hadde 20 eller færre fødslar i fjor. Barnekull som ikkje er store nok til å fylle eit enkelt klasserom, i ei heil kommune.

Dei siste åra har talet på slike kommunar nesten dobla seg.

Kommunar med færre enn 20 fødslar (Alle tal etter dagens kommunegrenser)

Antall kommuner der det fødes under 20 barn

I 54 kommunar i Noreg er situasjonen endå verre, i desse kom det mindre enn 10 barn til verda i fjor.

Årsaka er ikkje berre at unge reiser frå distrikta, men også at nordmenn flest får stadig færre barn.

I 2020 var talet gått ned til 1,48 barn per kvinne. Det er ny botnrekord i Noreg, for fjerde året på rad.

Ingrid er barnehageassistent, og har nettopp kjøpt seg leilegheit i nabokommunen Nittedal saman med ei venninne. Det blei løysinga i ein beintøff bustadmarknad i Oslo.

Det fine med Nittedal er at det er nær byen, men samstundes heilt inntil Nordmarka, perfekt for ei som elskar hunden sin.

Ingrid jobber i barnehage og bor i Nittedal sammen med hunden Ivy

PÅ TUR: Ingrid B. Risnes og hunden Ivy.

Foto: Cicilie S. Andersen / NRK

Begge foreldra bur framleis i Hyllestad, men for å flytte heim måtte det ha vore fleire tilbod og valmoglegheiter.

– Då kunne det kanskje vere noko å diskutere, men eg er ikkje ferdig med bylivet.

Ingrid jobber i barnehage og bor i Nittedal sammen med hunden Ei

BLIR VERANDE: Ingrid er glad i Hyllestad, men flyttar neppe tilbake.

Foto: Cicilie S. Andersen / NRK

Men er det håp for utkantane i desse flyttestraumane?

Småbyane som reddar distrikta

I eit rekkehus nokre hundre meter unna sentralsjukehuset i Førde er Kristin Eide (23) og sambuaren i sving med målarkosten. Dette er deira aller fyrste huskjøp.

Kristin Eide
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Kristin utdanna seg til industrimekanikar etter at ho reiste frå Hyllestad.

Kristin

No jobbar ho i Equinor, og har tatt utdanning ved den tekniske fagskulen.

– Fagskulen med deira tilbod var avgjerande for at vi bur i Førde, seier Kristin.

Rekkehusa står tett i tett. Førde får stadig fleire innbyggarar.

Også for Hyllestad er Førde nærmaste småby, fleire i klassen har flytta dit.

Hylestad - Førde

Her finst sjukehus og høgskule, butikkar og hotell. Frå småflyplassen er det 50 minuttar til Gardermoen.

For sjølv om distrikta slit, finst det stadar langt unna storbyane folk flyttar til.

Ofte er det vellukka industrikommunar langs kysten, gjerne med høg arbeidsinnvandring. Innvandringa har berga folketalet i mange distriktskommunar.

Den andre gruppa suksesskommunar i distrikta er småbyar med mange tilbod, slik som Førde.

Slike stadar er strødd ut over heile landet, ofte fordi politikarane har bestemt at det skulle vere sjukehus eller høgskule der. Døme er Alta, Sogndal, Bø i Telemark, og Steinkjer.

Kristin har ikkje heilt sett foten ned for å flytte tilbake til Hyllestad. I ein jobb med nordsjøturnus med to veker på jobb og fire veker fri kan ein nesten bu kor som helst.

– Hyllestad er ein kjempefin plass å vekse opp.

Dessutan har ho nokon der som kan trenge ho:

– Mamma og pappa bur der, seier ho ettertenksamt.

Kristin Eide

FØRDE: Utdanningstilboda i Førde førte til at Kristin Eide kan bu her.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Kristin seier ho tenker på foreldra sine, at dei ein dag blir eldre, og kan trenge hennar hjelp.

Dei neste åra blir det stadig fleire eldre, det skapar trøbbel i kommunane der dei unge flyttar vekk. Det er alt mangel på helsepersonell i landet vårt.

I Hyllestad er nesten ein fjerdedel av innbyggarane over 70 år. No er det blant det høgaste i landet, men resten av Noreg kjem etter.

Prosent av befolkninga over 70 år

Kart over kommuner med prosentvis aldersfordeling over 70 år

Framover må mange små kommunar gjere tøffe val. Det blir mindre pengar til dei unge som er att, fordi fleire eldre treng omsorg.

Far til Kristin var eigentleg blitt pensjonist, så vart han vald til ordførar i Hyllestad.

Kristin ser kor hardt faren og dei andre i lokalsamfunnet jobbar for å skape tilflytting.

– Eg håpar inderleg at dei lukkast. Om ikkje det blir eg som flyttar tilbake håpar eg andre har lyst å flytte dit, seier Kristin.

Folk bur nærmare kvarandre

Vi flyttar når vi jaktar på utdanning, på dei rette jobbane eller den rette kjærasten.

Men vi flyttar også etter familie, barndomsvener, og etter eit liv med god plass og meir tid.

Det store fleirtalet i Noreg bur i byar og tettstadar med vekst i folketalet, men i fylgje Statistisk sentralbyrå vil framleis eit mindretal velje å flytte til utkantane.

Så langt veit ein heller ikkje korleis koronapandemien vil påverke oss.

– Det blir spennande å sjå statistikkane for dei neste åra, når alle har hatt så mykje tid til å sitte inne og gruble over liva sine, seier SSB-forskar Stefan Leknes.

Kart over forventa endringar i folketal

Kart over befolkningsendring i Norge

Håpet om ei framtid

Vesle Conrad stabbar på små lette føter kring om på leikeplassen, rett på utsida av skulen der klassebiletet med mora vart tatt for åtte år tilbake.

Tanja håpar han skal få så mange leikekompisar som råd. At det skal vere nok barn til eit fotballag.

– Det er ikkje slik at ein går og tenker på slike ting heile tida, men eg trur alle håpar eit eller anna skal skje som gjer at utviklinga vil snu snart, seier ho.

Tanja Kvellestad Akse

MAMMA: Å få barn på bygda som 22-åring var heilt normalt i Noreg før, no er Tanja nesten eit unntak i statistikkane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Tanja synest det er fint å bu her, ho likar småpraten på butikken og at venene bur i nabolaget. Frå sentrum ser ein dei svære fjella, og kan gå ned til dei lune strendene.

Dessutan har dei foreldre her som kan passe Conrad. Til dømes når dei skal i biljardklubben.

Biljard er kjempepopulært i Hyllestad. Sambuaren Jardar var juniornoregsmeister i biljard sju år på rad.

– Eg trur ikkje ting er dødsdømt i Hyllestad, eg trur slettes ikkje det, seier Tanja.

Ho meiner at om det er kjekt å vere ung ein plass, så er det større sjanse for at folk flyttar tilbake.

På ungdomsskulen synest ho det var lite å finne på i Hyllestad. Ho hugsar dei sa ifrå om at dei måtte få fleire møteplassar.

Ho synest kommunen har skjerpa seg. Ny idrettshall, nye lokale til biljardklubben. No har kommunen også kutta i barnehageprisane.

Tanja håpar sentraliseringa vil roe seg, men meiner det også finst andre mål for eit lokalsamfunn enn å berre jakte på fleire innbyggarar. Ho trur det kan bli fint å vekse opp i Hyllestad likevel, sjølv om sonen sitt klassebilete vil ha færre born enn hennar.

– Kanskje må ein fokusere meir på å gjere det bra for dei som trass alt er her, vere litt tolmodige også?

Statistikk og prognosar i artikkelen er henta frå Statistisk sentralbyrå. For prognosar er det brukt hovudalternativ.

Klassebiletet øvst i saka er fotografert av Marianne Breidvik.

Hei!

Har du noko på hjartet etter å ha lest denne saka? Send meg gjerne dine innspel.

Denne saka er ein del av «Den store folkevandringa», eit samarbeidsprosjekt mellom lokalaviser organisert i Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK

Saman lager vi saker om korleis folk i Noreg flytter på seg, kva det gjer med samfunnet vårt og kva framtida vil bringe.