Portrett Magne Sylvarnes

LIVSVAL: Magne Sylvarnes, bonde på Sylvarnes i Vik kommune. – Eg har alltid hatt lyst å drive med gard.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Magne ville ikkje på TV – så såg heile Noreg livet hans

Plutseleg kom «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» på tunet til Magne Sylvarnes. Det stille livet hans på den veglause garden blei løfta fram for all verda. Kva skjedde?

Det meste på den veglause garden Sylvarnes i Vik er bratt.

Traktorvegen opp frå kaien, dei grøne bøane med utsikt over Sognefjorden, kålåkeren, og den korte vegen mellom huset og fjøsen. Der som Magne Sylvarnes går kvar dag.

Klokka er 5, og det er mørkt første gongen han rundar hjørnet forbi låvedøra, passerer mjølketanken og går inn til 20 kyr og kalvar. Han seier hei til dei, og så startar stellet under det låge taket.

Han mjølkar dei, gir dei fôr, og så må han skuve og skrape skit langs rennene bak båsane. Han opnar luka som dekker til eit hol i golvet, og nedi møkakjellaren endar skiten. Då er han ferdig.

Ku i fjøsen på Sylvarnes

DYREKJÆR: – Eg likar alle dyr, det har eg alltid gjort, seier Magne Sylvarnes.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Magne Sylvarnes trivst med arbeidet, utan store maskinar, og det enkle livet han har valt.

Men var det noko å vise fram for omverda?

Første kontakt

Det var ein seinsommardag i 2015. Det var ingen telefonar, ingen spørsmål, før to karar sat i stova i kårhuset på Sylvarnes. Han kjende den eine frå før. Han andre jobba i NRK. Då gjorde Magne Sylvarnes det han alltid gjer: Gjestane må få kaffi.

Han skjønte at dei ville noko, fordi folk tek ikkje turen forbi utan eit ærend. Ein hurtigbåt med plass til ei handfull bilar går til og frå Sylvarnes tre dagar i veka, men stoppar berre om du melder frå på førehand.

Han frå NRK var Arve Uglum, den førre programskaparen til «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Uglum takka ja til kaffi.

Huset til Magne Sylvarnes

RIKE OG HEIM: Magne Sylvarnes bur i det kvite huset på Sylvarnes. Her vil han vere til han ikkje kan ta vare på gard og heim lenger.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Framleis var det ikkje noko spørsmål. Berre prat om stort og smått, eit triveleg lag i stova.

– Så begynte dei å prate om det. Det var slik det begynte.

Uglum meinte at Magne kunne vere ein god mann for programmet, at livet hans var verdt å vise fram for fleire.

Så kom spørsmålet: Ville han vere med?

Det første som slo Magne var at, nei, dette ville han ikkje. «Huff, nei, det der kan eg ikkje tenke meg», sa han til seg sjølv.

– Å vise seg på TV er litt skremmande, sant. Eg er ikkje akkurat typen som har lyst å stikke meg fram.

Magne lurte òg på korleis det skulle ta seg ut. Korleis det skulle gå om så mange fekk sjå kvardagen og livet hans. Godt over ein halv million sjåarar kvar sundag. Og så reprisane oppå det igjen, og det ligg ute på nett for alltid.

Nei, han trong tenke. Han frå NRK måtte reise utan eit ja eller eit nei.

Sylvarnes frå fjorden

LANGS SOGNEFJORDEN: Båtvegen er den raskaste måten å kome til og frå Sylvarnes. Magne Sylvarnes bestiller ferja i føreveg.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Kontroll på si eiga historie

Instinktet var å seie nei. Då slapp Magne å bekymre seg for det usikre.

– Det betyr mykje for oss menneske å bevare kontrollen over våre eigne historier, seier Fanny Duckert.

Fanny Duckert, professor i psykologi.

BRA ELLER DÅRLEG?: Fanny Duckert, professor i psykologi, veit kva som kan skjere seg når ein stiller opp på TV.

Foto: Julie Pike

Ho er professor i psykologi og har skrive «I medienes søkelys» saman med Kim Edgar Karlsen. Boka handlar mellom anna om det som kan gå gale når folk stiller opp på TV.

– Det ein er redd for er jo å dumme seg ut i offentlegheita, å bli ledd av.

Viss dei rundt deg opplever deg som dum, umoralsk eller latterleg, gjer det vondt. Duckert kallar det «den ultimate redselen».

Tenketid

Fleire haustveker gjekk frå NRK-besøket på Sylvarnes. Ingenting var bestemt. Mora, som budde i kårhuset på garden, måtte få seie sitt. Ho var heller ikkje ein tilhengar av tanken på å brette ut livet sitt på TV.

I tillegg hadde Magne hjelparen Marek å ta omsyn til, og ofte var det frivillige arbeidarar innom garden. Kva ville dei seie til dette?

Hesten i tunet på Sylvarnes

TRADISJON: Hesten er eit viktig arbeidsverktøy for Magne Sylvarnes. Hunden er arbeidskamerat.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Langs denne delen av Sognefjorden, «nabolaget» til Magne, ligg det fleire stader som Sylvarnes. Om lag ti gardar ligg spreidde frå blindvegane Ortnevik og Arnafjord på kvar si side, men dei fleste er fråflytta.

Finden heiter plassen som ligg litt aust og så litt sør for Sylvarnes, inn ein fjordarm. Femten minutt unna med båt, og den køyrer Lars Finden helst sjølv.

Lars Finden i båt

SJØVAND: Lars Finden har ikkje lyst på bilsertifikat. «Det har eg aldri trunge.» Båten er det viktigaste framkomstmiddelet hans.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Han fekk besøk i den aller første sesongen av serien, i 2002, før det var blitt allemannseige, før det gjekk an å vite kva ein gjekk til. Magne Sylvarnes hadde 71 episodar å førebu seg på; Lars Finden hadde ingen.

– Me visste ikkje om dette programmet, fordi det var jo første gongen. Folk hadde ikkje fått med seg kva det var for noko.

Og det var skummelt.

– Du kvidde deg ganske mykje til det, men då Oddgeir Bruaset kom med stemma si, roa du deg fort ned, seier han om programmet sin skapar, som leia serien gjennom 13 sesongar.

Lars Finden hadde òg ein fordel som Magne Sylvarnes ikkje hadde. Det fanst nemleg éin openberr tilleggsgrunn til å takke ja.

– Me dreiv med turisme, så det vart ein vinn-vinn-situasjon for oss.

I programmet fekk han vist fram heile Finnafjorden, riket sitt, der han fraktar turistar til og frå og arrangerer turar, festar og middagar.

«Det eksploderte», seier han om effekten programmet hadde. Og det hjelper framleis på, nesten 20 år etter. Det går jo i «reprise, reprise, reprise!», seier Lars Finden.

– Det er berre eit par dagar sidan eg fekk ein telefon om eit arrangement.

Lars Finden bur framleis på plassen der ikkje så mange lenger kan tenke seg å bu, og han likte å vere med. Men han har ikkje sett programmet meir enn den eine gongen det gjekk på TV ein søndagskveld i 2002. «Det er ikkje så kjekt å sjå seg sjølv.»

Naobar på kaien på Sylvarnes

GODE NABOAR: Lars Finden og Magne Sylvarnes er ikkje næraste naboar. Det finst éin fjordgard med ein fastbuande mellom dei.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Det skumle

Fanny Duckert, psykologiprofessoren, har sjølv opplevd at det ho har sagt ikkje kjem ut slik ho tenkte det skulle. Det kan handle om små eller store ting, viktig eller uviktig, men det kjennest uansett vondt.

– Det er ganske skummelt.

Og dei som lagar TV har kanskje ein idé om kva programmet skal bli, som ikkje rimar med det den som skal bli filma trur skal skje.

– Eit viktig premiss er at du kan føle deg trygg på kva målsettinga med programmet er, seier ho.

Mykje kan altså gå gale for ein mann som har vanskeleg for å seie nei – ei svakheit Magne Sylvarnes alltid har hatt.

Neste kontakt

Mora sa ja, dei som jobba og hjelpte han på garden sa ja. Då kunne ikkje Magne Sylvarnes vere den som protesterte.

Magne kaster kål i åkeren
Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Uglum ringde meg opp att. Då spurde han om eg hadde tenkt meir på dette, om eg hadde teke ei avgjerd.

Det hadde han: «Ja.»

Éin ting var at han skulle vere seg sjølv, ikkje prestere noko utover det han gjer kvar dag. Men det var noko meir òg, noko som låg inni han.

– Eigentleg trur eg ein har godt av å utfordre seg sjølv og takle ei slik utfordring.

– Trong du utfordringa?

– Det er fort gjort at ein blir gåande som ein einstøing, som ikkje vil snakke med folk lenger.

Ein sånn ville han ikkje bli.

Så mannen frå NRK tok med seg enda ein mann frå NRK, fotograf Torje Bjellaas, og dei flytta inn på Sylvarnes for nokre dagar.

Alt skulle filmast: Magne som slår graset med ljå berrføtt, kalven hans som rømmer, smøret som må vaskast. Og dei store arbeidsnevane til Magne som må hjelpe mora med dei italienske øyredobbane hennar.

– Det var ikkje noko skodespel, seier han.

Ein søndag, ein vanleg novemberkveld i 2016, blei programmet sendt på NRK1 i beste sendetid. Magne sette seg ned føre TV-en, spent, saman med 551.120 andre nordmenn.

39 minutt gjekk, og han kjende seg att. Det var det viktigaste.

Så begynte telefonen å ringje. Dei ville fortelje han kva dei syntest. Dommen var tydeleg: Dei likte det. Dei likte korleis Magne stod fram, korleis han arbeidde på garden, og dei likte kor trygg han var.

Magne Sylvarnes på låvetrappa

MED BERRE NEVANE: Det som skil Magne Sylvarnes si drift frå meir moderne drift er mangelen på maskinar, både ute og inni fjøsen.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Ingen hadde tykt han var dum eller rar. Han høyrde heime i seg sjølv og på den veglause garden langs Sognefjorden.

– Det var ikkje så gale, seier han.

For dei som kjenner Magne Sylvarnes godt, så er «ikkje så gale» ei utelukkande positiv tilbakemelding.

– Eg trur eg vaks på det.

Han har alltid måtta ta båten til Vik sentrum for å kjøpe det han treng. Etter at Magne var på TV, kom folk stadig bort til han, sa hei og «så flott programmet om deg blei». Han kjende dei ofte ikkje, men dei ville prate.

– Dei kjende sikkert ikkje deg heller, men dei hadde vel sett deg på TV?

– Kanskje det.

Sylvarnes, Vik kommune

PRISVERDIG DRIFT: Dei grøne bøane er omringa av skog, fjell og fjord og haldne nøye ved like av Magne.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

I 2017 fekk han òg ein pris. Sogn og Fjordane fylkeskommune skreiv at han har gjort ein «særleg innsats» for kulturlandskapet på Sylvarnes. Han måtte halde tale.

– Eg måtte jo seie nokre ord, halde tale. Eg kunne ikkje berre ta prisen og springe ut.

Det var stressande, men det gjekk fint.

Alt har eigentleg gått fint. Magne kjenner seg trygg i livsvalet han tok. Å stille opp i «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» gjorde at han kunne kjenne seg enda tryggare.

Han tek ein pause for å finne orda som best skildrar kva det har hatt å seie for han, at han sa ja til å bli med i programmet.

– Eg kunne fort ha blitt ein slik som ikkje vil vere så mykje i lag med folk.

Sjå heile episoden om korleis Magne Sylvarnes driv garden på Sylvarnes her:

Magne Sylvarnes meiner han var skapt til å driva gard i dei bratte bakkane på heimstaden, men bakkane var ikkje skapte for moderne gardsdrift. Her er det berre hest, løypestreng og sjølvberging som nyttar. Programleiar: Arve Uglum.

SYLVARNES I VIK: Magne Sylvarnes nyttar hest, løypestreng og sjølvberging for å få livet og garden til å gå rundt.