Andreas Forfod

FANN FRAMTIDA: Andreas Forfod frå Høyanger reiste ut etter russetida, men kom tilbake til heimbygda og industrien som ingeniør.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Andreas fann framtida i industrien

HØYANGER (NRK): For få år sidan var metallindustrien nærast ei dødsdømd næring i Norge. Gamle og ureinande verk. Det var ikkje der ungdommen såg føre seg ei framtid. No har det snudd. Kva skjedde?

Litt av svaret har kanskje dei fire personane som ein hustrig vinterdag har samla seg rundt langbordet i kantina ved Hydro sitt aluminiumsverk i Høyanger. Felles for dei alle er at dei kjem frå same kommunen, er unge, velutdanna og gjerne ser for seg ei framtid «på verket».

– Hydro er ein veldig attraktiv arbeidsgjevar. Det er eit multinasjonalt konsern med store mogelegheiter, seier Endre Hatlem, med bachelorgrad i geologi frå Bergen.

Økonomistudent med fagbrev

No studerer han arealplanlegging i Trondheim. Men i påske- og sommarferien er han ein av dei som jobbar på metall-laboratoriet, der han kvalitetssikrar metallet. Og det er hard konkurransen om jobben.

– Det er ein attraktiv arbeidsplass. Det ser vi når Hydro lyser ut sommarjobbar. Det er mange frå mitt kull som har sommarjobb her.

Tina Bruaas

STUDENT: Ved sidan av studiane er Tina Bruaas er ein av dei som held kontrollen på økonomien i elektrolysehallen.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Tina Bruaas tek mastergrad i økonomi i Bergen, men har alt skaffa seg fagbrev i elektrolysefaget. No jobbar ho i ei 20 prosent stilling som controller i A-hallen for å følgje opp den økonomiske drifta av einaste elektrolysehallen i Høyanger.

– Hydro er ei veldig god og trygg bedrift der det jobbar mange kjekke folk som kan mykje. Det er svært lærerikt å jobbe her.

Valde bort Nordsjøen

Dei to andre kollegaene, Martin Myklebust og Andreas Forfod deler same synspunkta. Forfod skreiv bachelor-oppgåva på gassreinsen med fokus på svovelutslepp. Sidan har han jobba i med ulike oppgåver ved verket. No jobbar han med eit prosjekt på sovelutslepp.

Martin Myklebust

TRIVAST: Martin Myklebust studerer økonomi og jobbar på kaien til verket i feriane.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Planen min var å reise i Nordsjøen. Men på slutten av ungdomsskulen byrja nedgangstidene der. Då søkte eg heller ei prosessrelatert utdanning for å verte meir allsidig, seier han.

Samtalen med ungdommane er som musikk i øyra til informasjonsdirektør i Hydro, Halvor Molland.

– Eg vert veldig stolt av ungdommen som ønskjer å jobbe i bransjen. Det syner at aluminium har framtida framfor seg, i motsetnad til kva ein kanskje trudde for 10 år sidan. I alle fall i Norge.

– Meir attraktiv arbeidsgjevar

Knut Sunde, direktør i bransjeorganisasjonen Norsk industri, stadfestar trenden. Tidlegare var det oljeindustrien som lokka til seg ungdommane, og bedrifter som Hydro sleit med å få tak i høgt utdanna søkjarar. Men då nedgangstidene i oljen starta, snudde straumen.

Andreas Forfod
Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Hydro har investert i oppgraderingar av verka og gjort store kvantesprang i utvikling av ny teknologi som gjer at dei framstår som ein svært attraktiv arbeidgjevar i dag, seier Sunde.

Måtte stengje gamle omnar

For få år sidan var det brukt omgrep som solnedgangsindustri om dei norske metallverka. Kraftprisane var høge og behovet for investeringar i ny og meir miljøvenleg teknologi skrikande. Gamle elektrolyseomnar måtte stengjast på grunn av nye miljøkrav.

Halvor Molland

GODT MILJØ: Halvor Molland i Hydro forsikrar at selskapet vil satse på dei fem metallverka i Norge.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– For 10 år sidan gjekk kraftprisen til himmels. Det var vanskeleg å sjå for seg kraftkontraktar som gav oss lønsemd. Samstundes kom finanskrisa og klimaet vart våtare, noko som gjorde at det vart meir kraft tilgjeneleg. Brått sat Norge med eit kraftoverskot. Det kan vi eksportere gjennom kablar eller aluminium – det siste er kraft i fast form, oppsummerer Halvor Molland.

Norsk metall er etterspurd

At selskapet fekk forhandla fram langsiktige avtalar om kjøp av kraft til ein gunstig pris var avgjerande for at industrien overlevde i Norge, men det er ein avgjerande faktor til. For medan store konkurrentar kjøper kraft frå ureinande kolkraftverk, er den norske aluminiumsproduksjonen tufta på rein, fornybar energi. Og slikt sel i 2018 i ei verd der blant andre bil- og bygningsbransjen etterspør stadig meir miljøvenlege materiale.

– Aluminium produsert på norsk vasskraft er jo noko av det beste ein kan få tak i på grunn av miljøaspektet. Metallet vi produserer har eit veldig lågt karbonfotavtrykk og er difor etterspurd, forklarar Molland.

Endre Hatlem

HEIM MED GRAD: For nokre år sidan ville det vere heilt uaktuelt for ungdom å satse på norsk indutstri. For Endre Hatlem ligg framtida no i aluminiumsindustrien. I feriane jobbar han i laboratoriet, der han sjekkar kvaliteten på metallet.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Spesialistane i Høyanger tener pengar

– Vi ønskjer å satse ved alle dei fem aluminiumsverka i Norge, seier Molland på spørsmål om framtida til det minste metallverket og arbeidsplassen til ungdommane vi har snakka med.

Høyanger metallverk

MINST: Metallverket i Høyanger.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Verket i Høyanger motbeviser på mange måtar dei økonomiske lovene ved å drive så godt som dei gjer. Dei kan raskt snu seg rundt og støype andre typar legeringar. Det gjer at dei vanskelegaste produkta som vert leverte i små volum ofte vert laga i Høyanger. Desse produkta har ofte den største fortenesta, seier Molland.

Det er slik som gjer det utfordrande og interessant for Andreas Forfod og jamaldringane hans.

– Det er mange mogelegheiter. Berre du vil, kan du gjere kva du vil.