Hopp til innhold

«All-time high»-aluminiumspris tyder god butikk for metallverka

I kroner har aldri aluminiumsprisane vore så høge. Det har mykje å bety for lokalsamfunn som Høyanger der smelteverket er hjartet i bygda.

Arne-Martin Kjærland

LÅGUTSLEPP: Fabrikksjef på Hydros metallverk i Høyanger, Arne-Martin Kjærland, fortel at dei er leiande i verda på å levere aluminium med lågt karbonavtrykk.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

I meir enn eitt århundre har smelteverket i Høyanger, finslipt kunsten å levere metall til verdsmarknaden.

Fabrikksjef Arne-Martin Kjærland fortel at dei no er leiande på å levere det verden vil ha – miljøvennleg aluminium.

– Det er eit enormt sug etter lågkarbonaluminium. Her er Høyanger fremst i klassen og dreg dette lasset i verda og leverer lågast CO2-fotavtrykk, seier han.

I dag ligg prisen på aluminium ligg nærmare 2800 dollar per tonn. Det betyr god butikk for hjørnesteinsbedrifta.

Høyanger verk

ALUMINIUMSVERK: Høge aluminiumsprisar tyder god butikk for Hydros verk i Høyanger.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

«All-time high» i kroner

Dei høge prisane er skulda høg etterspørsel og avgrensingar i produksjonen.

I Yunnan-provinsen i Kina har aluminumsverka måtte redusere produksjonen, grunna tørke og stans i vasskrafta, noko som får følger verda over.

Financial Times peiker også på statskuppet i Guinea som ei årsak. Landet har eit av verdas største førekomstar av bauksitt – det viktigaste råstoffet til produksjon av nytt aluminium.

Lågutsleppsmetall frå fjorden

Norsk Hydro er blant verdas ti største produsentar av aluminium og leverer rundt 1,4 millionar tonn med aluminiumsprodukt. Av det er over halvparten resirkulert.

Selskapet er likevel avhengig av å hente råstoffet bauksitt – i hovudsak frå Brasil.

Kombinasjonen av høg aluminiumspris og ei låg norsk krone gjev spesielt gode forhold for eksport. Hydro har nytt særs gode resultatar og analytikarar ventar at aksjen vil halde fram med å stige 12 prosent i løpet av neste år, ifølge E24.

Når marknaden vil ha metall med låge utslepp, står verk som i Høyanger spesielt stødig.

– For det første har vi naturressursane med rein vasskraft. I tillegg har vi ein enormt omstillingsdyktig og fleksibel arbeidsstokk her i Høyanger, som ser mogelegheiter der andre ser problem, seier han.

Fabrikken gjer mellom anna brusboksar og metalltubar om til ny aluminium.

– Vi tar inn det du hiv i søpla for å gjere det om til flunkande nye produkt, seier Kjærland.

Gjenvinning av aluminium i Høyanger.

ATTVINNING: Verket gjer mellom anna brusboksar og metalltubar om til nytt aluminium.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

– Merkar det i heile lokalsamfunnet

Arbeidarparti-ordførar i Høyanger, Petter Sortland er tydeleg på kor mykje Hydro har å seie for industristaden.

– Når Hydro går går godt, merkar vi det i heile lokalsafmunnet. Eg plar seie at når Hydro hostar, så harkar Høyanger.

Aluminiumsprisane er til glede for fleire enn berre i Høyanger, smelteverka på Husnes og i Årdal kan melde om minst like gode dagar.

Fabrikksjefen viser fram gammalt aluminium som snart skal smeltast om til blankt nytt metall.

– Fotavtrykket vert kraftig redusert. Vi brukar betydeleg mindre energi på å gjenvinne aluminium enn å produsere ny aluminium. Det er framtida. Vi må ta i bruk dei ressursane vi har.