Hopp til innhold

Tillitsvalt: – Vi må køyre på med 7 prosent

I år kan lønna di auke med over 5 prosent. Det er ikkje nok for dei tilsette ved Hydro Karmøy.

Tillitsvalgte Hydro

Frå venstre: Johannes Våga og Henning Fylkesnes.

Foto: Gisle Jørgensen

Det er mykje spenning knytt til lønnsoppgjeret i år.

Etter fleire år utan reallønnsvekst ønsker arbeidstakarar ta igjen den tapte kjøpekrafta.

Dei krev høgare reallønn og gjer seg klar for tøffe forhandlingar.

– Eg forventar ei auking på rundt 6 til 7 prosent, seier Per Frode Johansen, tillitsvalt i (IE&FLT) ved Hydro Karmøy.

Tillitsvalgte Hydro

Tillitsvalt IE og nestleiar i Alnor Kjemiske Fagforeining Per Frode Johansen fortel at streikeviljen er stor.

Foto: Gisle Jørgensen

Det er høgare enn det ei rekke økonomar ventar. Dei trur lønnsveksten skal ligge på litt over 5 prosent.

Det kan gje ein reallønnsvekst på omtrent 1 prosent. Det er gitt at prisane ikkje stig meir enn 4 prosent.

Arbeidstakars tur

I fjor trudde dei tilsette ved Hydro Karmøy at dei hadde klart å forhandle til seg høgare lønn, men ein uventa høg prisvekst åt opp kjøpekrafta.

I år vil dei sikre seg at det ikkje skjer.

– Vi må køyre på med 7 prosent, seier eg. Og det er medlemmene veldig einige, seier Johannes Våga.

Tillitsvalgte Hydro

Tillitsvalt Johannes Våga meiner ein må be om mykje i starten av forhandlingane og så heller forhandle seg ned.

Foto: Gisle Jørgensen

Dei tilsette viser til at det går svært bra for norsk eksport om dagen. Handelsbalansen dei to siste åra har vore høgaste nokosinne, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Norsk industri forventar også auka omsetning og eksport, ifølge konjunkturrapporten deira for 2024.

Lønnsforhandlingar i Norge er lagt opp på ein måte kor det er eksportindustrien som setter rammene for alle lønnsforhandlingar. Når eksportindustrien gjer det bra blir det meir rom for lønnsaukingar.

Les også Nei, det er ingen økonomisk krise nå     

matvarepriser

– Eg forventar at lønna følger prisane i butikken, på bensin og på straum. Eg vil ha at det som eg får i lommeboka mi er litt sånn som det var før, seier kollega og tillitsvalt Henning Fylkesnes.

Dei peiker på at arbeidsgivar Hydro har og gjort det godt økonomisk dei siste åra.

Ikkje tida for auking

Men ikkje alle meiner eit kraftig lønnsoppgjer vil gje ein lønnsfest.

Økonomiprofessor ved Noregs handelshøgskole Ola H. Grytten meiner det faktisk kan gje svakare kjøpekraft.

– Eg forstår veldig godt at folk har lyst på litt høgare kjøpekraft etter magre år, seier han, men legger til:

– Vi har erfaring frå historia om at når ein aukar lønn for å kompensere for høg prisvekst og rente, så bidrar det i seg sjølv til at prisane stig enda meir.

Ola Grytten på fiskerikonferansen The Next Wave

Om lønna går opp, kan og renta gå opp. Det gir totalt mindre kjøpekraft, åtvarar NHH-professor Ola H. Grytten.

Foto: Hans-Olav Landsverk

For eksempel kan bedriftene måtte sette opp prisane for å få råd til å betale meir i lønn.

Prisane kan og gå opp når arbeidstakarane får meir å bruke pengar på, noko som gjer at bedriftene kan sette opp prisane.

Han viser til Noregs Bank styrer etter eit mål om 2 prosent årleg prisvekst. For å nå dette vil banken enten måtte sette opp renta meir, eller vente med å sette ho ned, åtvarar han.

Så folk vil tape pengar på å meir i lønn?

– Ja, på kort sikt kan ein få mindre pengar av meir lønn.

Les også Setter opp renta nok en gang

Sentralbanksjef Ida Wolden Bache

Han samanliknar avgjerda til Noregs Bank om å heve renta med å gå til tannlegen.

– Det er som å gå til tannlegen. Det er ein kur som er vond når den står på, men på sikt så er det faktisk det beste for oss.

– Og vi må ikkje gløyme at årsaka bak at vi har den kuren er at vi åt for mykje godteri. Vi hadde for høg kjøpekraft.

Avventande i Oslo

På Youngstorget i Oslo førebur partane seg for forhandlingane. Frode Alfheim, forbundsleiar i IE&FLT er tydeleg på kva som er målet.

Forbundsleder Frode Alfheim i Industri Energi & Forbundet for ledelse og teknikk (IE&FLT)
Foto: Anders Eidesvik / NRK

Vi skal få ein sterk reallønsauking når vi set sluttstreken for oppgjeret i år.

– Kor mykje tenker du då?

– Eg skal vere veldig forsiktig med å definere akkurat kva prosenten blir, men vi skal betydeleg over anslaga for å sikre oss ei reallønnsoppgang.

Han ventar på tal frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU) som kjem i midten av februar.

Tala vil gje ein oversikt over lønn- og prisutvikling som dannar grunnlaget for forhandlingane.

Forbundsleder Frode Alfheim i Industri Energi
Foto: Anders Eidesvik / NRK

Om forhandlingane skulle bli harde, så er ikkje fagforbunda redde for å rasle med streikesabelen.

– Streikeviljen er stor den. Vi forventar reallønnsvekst og er klar for å få det, seier Per Frode Johansen hos Hydro Karmøy.

I fjor blei medlemmer organisert i Industri Energi & FLT ved Hydro Karmøy tatt ut i streik da forhandlingane mellom NHO og LO braut saman.

Streiken varte i tre dagar før LO vann fram med krava som var viktigast for dei.

Om det vil gjenta seg vil tida vise.

Hydro Årdal i streik

I fjor blei anlegga til Hydro på Karmøy og i Årdal ramma av streik.

Foto: Sondre Dalaker

AKTUELT NÅ