Hopp til innhold

Tente milliardar trass i stor frykt for korona

Frykta var stor for at marknaden for det norske «gullet» skulle kollapse då pandemien kom. Men no går fabrikkane så det grin og aksjonærane kan gni seg i nevane.

Aluminiumsbarrar aluminium

MANGE VIL HA: Norsk aluminium blir rekna som svært rein og god til bruk i bilindustrien.

Foto: Hydro

Faktisk så går aluminiumsverka til Norsk Hydro så bra at dei i løpet av våren kjem til å betale ut over 2,6 milliardar kroner i utbyte til aksjonærane.

– 2020 blei veldig mykje meir positivt enn kva vi trudde tidleg i fjor då pandemien slo inn, seier fabrikksjef ved Hydro Høyanger, Arne Martin Kjærland.

Dei norske aluminiumsverka leverer kvart år millionar av tonn råaluminium til eksport, ikkje minst til den stadig veksande bilindustrien.

Men då koronaen slo inn over Vest-Europa i februar og mars i fjor, gjekk lufta ut av ballongen.

Bilfabrikkane stengde ned, og etterspurnaden etter det verdfulle norske metallet sank som ein stein.

VOLKSWAGEN EMPLOYEE HOLDS AN EMBLEM OF THE NEW GENERATION "GOLF" CARS IN A PRODUCTION LINE AT THE ...

POPULÆRT: Bilindustrien i Europa tar kvart år unna fleire millionar tonn med norsk aluminium. Særleg fordi det stadig kjem krav om at bilane skal vere lettare og dermed ha redusert forbruk.

Foto: Christian Charisius / Reuters Creative

– Sterk etterspurnad

Men i EU var frykta stor for ein industrikollaps, så i løpet av nokre månader rulla hjula igjen på dei gigantiske fabrikkane.

– Dei kom utruleg raskt tilbake, noko som gjorde at vi fekk ein sterk etterspurnad og god marknadssituasjon som har hjelpt oss veldig mykje, seier Kjærland.

I staden for ei frykt for blodraude tal, enda Hydro opp med eit resultat etter skatt på over 3,5 milliardar kroner.

– Eg er imponert over organisasjonen vår, som klarar å halde hjula i gang i eit år prega av pandemien, seier konsernsjef Hilde Merete Aasheim i Hydro.

Fabrikksjef Ingrid Guddal og prosjektleder Haakon Haakonsen på Norsk Hydro aluminium fabrikk på Karmøy

FULL FART: Dei norske aluminiumsverka til Norsk Hydro leverte milliardoverskot i 2020 trass pandemien. Her frå verket på Karmøy.

Foto: Gwladys Fouche / Reuters / NTB

– Betre utsikter

Mange bedrifter i Noreg er avhengig av at industrien går bra i Europa og resten av verda.

Men mykje tyder no på at dei nedadgåande trendane ein såg i mars 2020 ikkje har slått til i den grad ein kunne frykte.

– Det er synleg at deler av industrien no gjer det betre og har betre utsikter framover, seier Stein Lier-Hansen i Norsk Industri.

Som ein nestor innan industri og NHO er han glad for at til dømes Hydro og Elkem no kan syne til gode resultat for siste kvartal i 2020 – og for året sett under eitt.

Mekling i frontfaget

TYDELEG: Stein Lier-Hansen i Norsk Industri meiner at det er svært viktig for norsk industri at det er kontroll på pandemien.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Må ha kontroll på pandemien

– Eg er ein forsiktig optimist. Men eg trur at vi gradvis handterer dette og at næringslivet får ein meir normal kvardag. Men at vi må leve med tøffe restriksjonar i lang tid framleis er eg ikkje i tvil om, seier Lier-Hansen.

Men han fryktar framleis konsekvensane dersom pandemien igjen skulle kome ut av kontroll i landa vi eksporterer til.

– Om ikkje dei får kontroll med pandemien, så vil store industribedrifter i dei landa stenge ned, og då vil etterspurnaden av råvarer og produkt bli redusert veldig raskt.