– Det er ei god kjensle når vi kan levere så gode resultatet under vanskelege forhold med høge råvareprisar og vanskar med transport under pandemien.
Det seier Andreas Dåvøy Forfod som er områdeleiar for støyperiet i Høyanger. I den vesle sognebygda kunne hjørnesteinsbedrifta i fjor notere seg for eit overskot på 434 millionar kroner.
– No kan vi skyte fram brystkassa og gi kvarandre ein klapp på skuldra, seier Forfod.
– Kvartalsresultatet på 122 millionar kroner set punktum for 2021 som eitt av tidenes beste resultat for Hydro Høyanger, seier fabrikksjef Arne-Martin Kjærland
Fjorårets resultat for alle metallverka til Hydro kringom i verda er blant tidenes beste også for konsernet. 28 milliardar er meir enn ei dobling av resultatet frå 2020.
Slik gjorde dei norske metallverka til Hydro det i 2021:
- Karmøy: 1.802 millionar kroner
- Husnes: 1.193 millionar kroner
- Årdal: 1.398 millionar
- Høyanger: 434 millionar kroner.
- Sunndal: 3.238 millionar kroner
GODT SOM GULL: Høge aluminiumsprisar gir pengar i kassen for Hydro.
Foto: PER-IVAR KVALSVIK / NRKRekordproduksjon
Ved Hydro sitt verk i Sunndal produserte dei i fjor 422.823 tonn med primæraluminium. Det er det høgaste produksjonsvolumet nokosinne for metallverket.
– Saman med høge priser for aluminiumsprodukt og framleis svak kronekurs mot dollar, er dette resultatet ei rekordnotering ved Hydro Sunndal, seier fabrikksjef Roar Ørsund.
Han rosar Sunndal-organisasjonen for evna deira til å utnytte ein sterk aluminiumsmarknad med høg produksjon.
– Vi leverer på det vi skal, og det gode resultatet set oss i stand til å vere offensive i korleis vi kan utvikle bedrifta vidare, seier, seier Ørsund.
HØG PRODUKSJON: Roar Ørsund er fabrikksjef ved Hydro Sunndal.
Foto: PER-IVAR KVALSVIK / NRKMeir resirkulering
I Årdal og Høyanger jobbar dei no med å bruke meir resirkulert aluminium i produksjonen.
– Det gir oss gode resultat på botnlina, men ikkje minst gjer det at vi kan levere og produsere aluminium med lågare C02-avtrykk, seier fabrikksjef Wenche Eldegard i Årdal.
Det har medverka til at 2021 vart eit av dei beste åra for metallverket inst i Sognefjorden nokosinne.
– Vi har hatt god utvikling i aluminiumsprisane og ein god marknad gjennom året, noko som har bidrege til at Hydro Årdal leverer eit av tidenes beste årsresultat, seier Eldegard.
GODE TAL: Wenche Eldegard er fabrikksjef i Årdal.
Foto: Øyvind Breivik / HydroHåpar det og dryp på «klokkaren»
Hydro har tidlegare hatt tradisjon for å vere rundhanda med bonusar når det går godt for verksemda.
– Vi har ikkje fått offisielle signal, men alle bonusutløysande faktorar burde slå inn denne gongen. For oss tilsette kan det då vere snakk om ein prosentdel av ei månadsløn basert på resultatet, seier støyperileiar Forfod i Høyanger.