Hopp til innhold

Hydro satsar milliardar på å bli verdsleiande i kampen mot klimaendringane

Aluminiumsgiganten Hydro tar no store grep for å bli karbonfrie, blant anna med ny teknologi, karbonfangst og resirkulering. Det fører til nye arbeidsplassar og investeringar i milliardklassen.

Her skal Hydro satse 100 millionar, inne i det gamle Fundo-bygget

HER SKJER DET: I dette industribygget skal Hydro bygge eit nytt smelteverk for skrapaluminium. Saman med investeringar i blant anna USA og Tyskland, gjer dette Hydro til verdsleiande på området.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Sidan 1886 har aluminium blitt produsert på same måten over heile verda, med utslepp av CO₂ som ein konsekvens.

No har Hydro utvikla ein ny, patentert metode for å produsere aluminium, der klor og karbon skal haldast i lukka kretsløp.

Dette fører til ein heilt avkarbonisert prosess for primæraluminium, altså utsleppsfri. Dei første voluma med av aluminium med nær null karbonutslepp blir levert alt i 2022.

Innan 2030 skal dei etablere eit pilotanlegg i industriell skala for produksjon av karbonfri aluminium. Ein teknologi Hydro har jobba med i småskala i fem år og som kan revolusjonere måten aluminium blir produsert på.

– Verda treng det grøne skiftet for å bekjempe klimaendringane. Dette er både vår største utfordring og vår største mogelegheit. Verda må redusere karbonutsleppa, seier konsernsjef i Hydro, Hilde Merete Aasheim.

Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, meiner at det Hydro gjer no er bra.

– Resirkulering av aluminium er enormt viktig, og det å slutte å ha tap av biologisk mangfald er noko som må bli standard for alle selskap i landet. Då kan ein løyse klimakrisa og naturkrisa samstundes, meiner Gulowsen.

Han forsikrar at miljørørsla vil følgje nøye med for å sjå om Hydro held dei lovnadane dei kjem med i dei nye bærekraftsmåla.

Ola Sæter og Petter Sortland

TO GLADLAKSAR: Ola Sæter er leiar for primærproduksjon i Hydro, Petter Sortland er ordførar i Høyanger. I dag kunne dei sleppe den gode nyheita om at Hydro skal bruke over 100 millionar i bygget bak dei.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Nye arbeidsplassar

Men Hydro har fleire nyheiter i ermet denne desemberdagen i 2021.

I industristaden Høyanger i Sogn står jubelen i taket etter at Hydro har bestemt seg for å bygge det første anlegget for resirkulering av aluminium i stor skala.

Dette betyr i praksis at dei no investerer over 100 millionar og sikrar 20 nye, faste arbeidsplassar i Høyanger.

Investeringa i Høyanger blir gjort i det som på folkemunne blir kalla Fundo-bygget.

Her var det i mange år storproduksjon av bilfelgar, men fabrikken gjekk konkurs i 2009 og 350 menn og kvinner mista jobben.

– Resirkulering i praksis

– Det å kunne ta tilbake 30.000 tonn med skrap og gjere det om slik at det er like godt som første gongen vi produserte det, er viktig. Dette er resirkulering i praksis. Vi tar brukt skrapavfall og får det tilbake som nytt.

Det seier konserndirektør for metall i Hydro, Eivind Kallevik.

No kjem det 20 nye Hydro-arbeidsplassar i bygget.

– Eg synest dette er ganske flott og viktig for lokalsamfunnet, seier Kallevik.

Petter Sortland (Ap) er ordførar i Høyanger og ein særs nøgd mann.

– Det er symbol i dette, det er gjenbruk av eit gamalt industrianlegg som likevel er topp moderne. Det er sirkulære Høyanger i praksis. Eg er veldig stolt og audmjuk.

Han forsikrar om at dei skal gjere det dei kan for å vere eit godt vertskap for denne satsinga til Hydro.

Investerer stort i Noreg

Men først og fremst handlar dette om det store bildet. Hydro har opp igjennom åra fått klare krav om å investere meir i den norske fastlandsindustrien.

No har dei bygd stort på Karmøy, gjenopna på Husnes og skal investere 750 millionar på Sunndalsøra.

Eivind Kallevik seier at desse investeringane er svar på gode forretningsmoglegheiter som Hydro også kan utvikle i Noreg.

Han trekk fram den kompetansen dei har ute på verka med gode operatørar og teknologar.

– Det andre som er viktig er dei langsiktige rammevilkåra som styresmaktene legg på plass med CO₂-kompensasjon. Det gjer det mogleg for oss å investere i Noreg.

Nikolai Astrup representerer Høgre i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget. Han meiner at det Hydro no gjer er viktig for å nå klimamåla.

– Eg trur det kjem til å vere eit konkurransefortrinn i framtida at vi produserer med grøne innsatsfaktorar og at selskap som Hydro investerer mykje i ny teknologi og blir verdsleiande, seier Astrup.

Set seg tøffe klimamål

Miljøvenleg vasskraft og langsiktige kraftavtalar er grunnlaget for Hydro sine anlegg i norske lokalsamfunn frå nord til sør.

At dei no investerer i nye smelteverk og infrastruktur på desse stadane gir ringverknader.

– Kvar arbeidsplass tel, spesielt når det er Hydro som står bak dei arbeidsplassane. Vi forstår at dei meiner alvor når dei legg store ressursar i denne etableringa. For oss er dette utruleg gledeleg, konkluderer Høyanger-ordførar Petter Sortland.

Hydro la måndag fram sine ambisjonar og bærekraftmål, og dei er tydelege:

  • Oppnå nullutslepp i heile selskapet innan 2050 eller tidlegare
  • Oppretthalde målet om kutte globale CO₂-utslepp innan 2030 samanlikna med 2018
  • Satse stort på resirkulering av skrapmetall
  • Ikkje ha tap av biologisk mangfald i nye prosjekt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger