Hopp til innhold

Arbeidar fekk flytande metall over seg ved Hydro i Årdal

Ein person har fått brannskadar etter ei arbeidsulukke ved Hydro Aluminium i Øvre Årdal. Ti personar blei evakuerte frå verket.

Arbeidsulukke ved Hydro i Årdal

EKSPLOSJON: Det skal ha vore ein eksplosjon ved Hydro sitt verk i Øvre Årdal.

Foto: Lasse Styve Andersen / Porten.no

Ein arbeidar ved Hydro Aluminium i Øvre Årdal er skadd etter å ha fått flytande metall over seg.

Naudetatane melde først at det hadde vore ein eksplosjon ved verket, eksplosjonen skal ha skjedd i samband med mating av kaldt metall i ein omn.

– Det vart ein kraftig smell og ein mindre sprut av metall ut av omnen, heldigvis har alle følgt rutinane så det var ingen i faresona, men det sat ein person i eit køyretøy som fekk lettare brannskade, fortel Are Indrelid, ved Hydro i Årdal.

Informasjonssjef Anders Vindegg i Hydro fortel at personen fekk tilsyn av helse på staden.

– Personen er no til lege, men det skal ikkje vere alvorlege skader. Det er vi glade for, seier han.

Varsla sjølv

Vaktkommandør Dan Inge Gjesdal ved 110 Vest stadfestar at hendinga skjedde i tilknyting til ein smelteomn i metallstøyperiet.

– Det brenn ikkje, og er ikkje fare for lekkasje, seier Gjesdal.

Det var smelteverket sjølve som varsla om hendinga klokka 1223 i dag.

Brannvesenet rykka ut til staden med tre bilar, i tillegg til politiet.

– Me vil samle inn vitneopplysingar og undersøke kva som har vore årsak til eksplosjonen, seier innsatsleiar på staden Svein Inge Harberg.

Mellom ti og 12 personar blei evakuerte frå anlegget som i ettermiddag blei frigitt av politiet. Dei vil gjennomføre avhøyr av den skadde personen som fekk reise heim etter sjekk av lege.

Arbeidsulukke ved Hydro i Årdal

– Det var ingen andre i nærleiken. Alle er evakuerte ut, og situasjonen er under kontroll, seier innsatsleiar for brann i Årdal, Gaute Johnsgaard.

Foto: Lasse Styve Andersen / Porten.no

Anlegget stengt ned

Det skal ikkje vere fare for lekkasje eller noko form for spreiing.

– Vi veit ikkje årsaka til ulykka, men vi undersøkjer sjølvsagt saka vidare. Vi tar alle slike hendingar ved verka våre på største alvor. Ei ulukke er ei for mykje, seier Vindegg.

Operasjonsleiar Steinar Hausvik ved Vest politidistrikt seier anlegget er stengt ned.

– No er vi i ein etterforskingsfase. Vi jobbar på staden med å prate med dei som har informasjon, seier han.

Hovudtillitsvald ved verket, Torleif Sand, var på ein konferanse i Stavanger då han fekk beskjed om hendinga.

– Eg kjenner ikkje til hendinga, men håpar det går bra med den skadde, seier han.

ØVRE ÅRDAL: Verket ligg i Årdal, inst i Sognefjorden.