Hopp til innhold

Vil kjøpa aksjar i gigantbrua dei er i mot

Naturvernforbundet er sterk motstandar av planen om ferjefri E39 sør for Bergen. Men no ønsker dei å bli aksjeeigar i lobbyselskapet for prosjektet.

Hordfast-bru over Bjørnafjorden (illustrasjon)

TIL SALS: Fem aksjar i Hordfast AS kan bli selde billig, når Bjørnafjorden kommune vil ut av prosjektet.

Foto: Statens Vegvesen

– Viss me får aksjeposten, vil me bruka første høve til å fremja forslag for Hordfast AS om å leggja arbeidet på is.

Det seier fylkesleiar Gabriel Fliflet i Naturvernforbundet i Hordaland.

– Først bør framlegget om ein flott nasjonalpark på Reksteren og Tysnesøy bli grundig vurdert.

– Så de vil bli aksjeeigar for å laga bråk på generalforsamlinga i Hordfast?

– Det får me sjå. Stilen vår er ikkje trøbbel og bråk, men fornuft.

Kyststamveg

Hordfast er del av ambisjonane om ferjefri kyststamveg Stavanger-Trondheim. Lobbyselskapet Hordfast AS arbeider for fjordkryssingsprosjektet gjennom tre kommunar mellom Bergen og Haugesund.

Der er ny E39 planlagt som motorveg på ei fem kilometer lang bru over Bjørnafjorden, vidare gjennom Tysnes, og på bru over fjorden Langenuen til Stord.

– Me håpar ingen svart hest kjem opp på oppløpssida og overbyr oss fullstendig.

Gabriel Fliflet, Naturvernforbundet

Hordfast er ønska av mange, men politisk omstridd og i konkurranse med ny E16 og jernbane Bergen-Voss på grunn av høg prislapp og store miljøkonsekvensar.

Frp-styrte Os kommune kjøpte i si tid fem aksjar i Hordfast AS for 20.000 kroner per stykk. Kvar aksje er pålydande 1000 kroner. Men etter samanslåinga med Fusa til Bjørnafjorden kommune, forsvann den borgarlege fleirtalsmakta, inkludert det lokalpolitiske fleirtalet for firefeltsbru mellom Os og Tysnes.

Leiar i Naturvernforbundet i Hordaland, Gabriel Fliflet

MOLDVARP: Fylkesleiar Gabriel Fliflet seier Naturvernforbundet i Hordaland prøver å kjøpa Hordfast-aksjar for å motarbeida prosjektet.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Indre trasé

Kommunestyret i Bjørnafjorden ønsker heller ein indre ferjefri trasé via Fusa som regjeringa valde vekk i 2013. I juni vedtok dei å selja Hordfast-aksjane.

NHO eig 100 av dei 143 aksjane i Hordfast AS. Resten er fordelt mellom ni kommunar inkludert Bjørnafjorden, og næringsråda i Bergen, Stord, Bømlo, Haugaland og Stavanger.

Tidlegare i haust fortalde NRK at ordførar Trine Lindborg (Ap) ikkje hadde fått svar frå nokon av dei andre aksjeeigarane om å kjøpa Bjørnafjorden sine aksjar.

– Null respons. Kanskje dei ikkje har så stor tru på prosjektet lenger, sa Lindborg.

Mange ønsker Hordfast, så det er rart at dei ikkje er interessert i aksjane våre.

Trine Lindborg, ordførar i Bjørnafjorden

Den einaste som no har kontakta ordføraren for å kjøpa aksjane, er Naturvernforbundet i Hordaland.

– Dette gjer me i sympati med kommunen som trekker både støtta og eigardelen sin. Me forstår godt at dei vil selja seg ut og at ingen andre vil kjøpa aksjane deira. Ein kan ikkje byggja framtida ved å byggja ned rik natur og femdobla trafikken, meiner Fliflet.

Trine Lindborg, Ap-ordførar i Bjørnafjorden

VIL SELJA: – Kommunestyret har ikkje sett ein minstepris, seier ordførar Trine Lindborg (Ap) i Bjørnafjorden.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Fullmakt

Dagleg leiar i Hordfast AS, Øyvind Halleraker, vil ikkje kommentera interessa frå naturvernforbundet.

– Det er i tilfelle ei sak mellom aksjonærane, men me veit jo at naturvernforbundet er mot Hordfast.

– Er det overraskande at det er vanskeleg å finna ein kjøpar?

– Aksjane gir inga avkastning eller utbyte, så det er meir ei støtte for prosjektet enn ei investering, og kommunane som ønsker å bidra aktivt er jo allereie med.

Øyvind Halleraker i Hordfast AS på Sandvikvåg ferjekai

INGA INVESTERING: Dagleg leiar Øyvind Halleraker i Hordfast AS konstaterer at ein motstandar ønsker å bli medeigar.

Foto: Jon Bolstad / NRK

No er det opp til Lindborg kven ho vil selja til, og kva aksjane skal kosta.

– Kommunestyret har gitt ordføraren fullmakt, og det står ingenting om minstepris, men eg vil jo ha mest mogleg for dei. Mange ønsker Hordfast, så det er rart at dei ikkje er interessert i aksjane våre, seier Lindborg.

Fliflet seier Naturvernforbundet kan betala noko som er mykje nærmare 5000 kroner enn 100.000 kroner for dei fem aksjane. Han har informert Lindborg om at det kjem eit bod i løpet av veka.

– Me håpar ingen svart hest kjem opp på oppløpssida og overbyr oss fullstendig.