Hopp til innhold

Bjørnafjorden kommune seier nei til Hordfast-brua

Bjørnafjorden kommune vil ikkje ha Hordfast-brua, men heller utgreiing av ferjefri E39 med indre trasé. Det blei vedteke i går, og skapar reaksjonar.

Hordfast-bru over Bjørnafjorden (illustrasjon)

NEI TIL BRUA: Vertskommunen for den planlagde flytande Hordfastbrua, Bjørnafjorden kommune, seier nei til denne brua i ei høyringsuttale.

Foto: Statens Vegvesen

– Som ny politisk leiing er det eit tydeleg signal om kva Bjørnafjorden ønskjer. Vi ønskjer ikkje den brua, seier Trine Lindborg, ordførar i Bjørnafjorden kommune.

Saman med ordførarane i Kvam, Samnanger, Kvinnherad og Ullensvang har ho utarbeidd ei høyringsuttale der dei vel utgreiing av ein indre trase, heller enn gigantbrua over Bjørnafjorden.

Ifølgje Lindborg er det kostbare E39-prosjektet ein utruleg viktig veg for området. Ho meiner alternativet med ein indre trasé er betre enn brua, fordi den opnar opp for eit mykje større område.

– Det er fleire som kan kople seg på denne vegen. Ein kan ikkje kople seg på ei bru som går midt uti fjorden. Ikkje kan ein køyre av og ikkje kan ein køyre på, seier ho.

Trine Lindborg

UTGÅTT FRIST: Ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg, signerte først uttala saman med fire andre kommunar, men med atterhald om eit politisk godkjenning. Den fekk ho 17. april.

Foto: Silje Thalberg / NRK

Nylege anslag frå Statens vegvesen kan tyde på at bilistane må betale nesten halvparten av milliard-brua. Ordføraren i vertskommunen meiner det vil vere betre for både dei og nabokommunane utan brua.

– Vi meiner at denne løysinga legg til rette for ei sterkare verdiskaping i heile fylket vårt, seier Lindborg.

– Synd for heile Vestlandet

– Eg syns det er synd for både Vestland fylke og for heile Vestlandet, fordi ein no har jobba lenge med ein trasé, og valet er tatt, seier Terje Søviknes.

Han er tidlegare ordførar i Os kommune, som fram til kommunesamanslåinga med Bjørnafjord hadde fleirtal for Hordfast-brua. No er det politiske biletet endra.

– Denne type omkampar resulterer berre i at andre prosjekt kjem framfor i køen, og vår region tapar, seier Søviknes.

Terje Søviknes

UREALISTISK: Terje Søviknes ser ikkje på ei ny utgreiing av ein indre trasé som realistisk. Os kommune, som Søviknes var ordførar for, blei slått saman med Bjørnafjord og Fusa kommune.

Foto: NRK

Likevel trur ikkje Søviknes høyringsuttala frå vertskommunen kjem til å bremse arbeidet med brua.

– Prosjektet ruller nok vidare, så sånn sett betyr ikkje denne uttala frå Bjørnafjorden kommune veldig mykje. Det kjem altfor seint, seier han.

Ei rotete opptakt

Opptakta til vedtaket har òg skapt diskusjon. Ordførar Lindborg signerte nemleg uttala saman med dei fire andre kommunane to veker før den politiske vedtekta. Det reagerer Søviknes på.

– Vi hadde litt diskusjonar i går om prosess på møtet i går, seier Søviknes.

Lindborg sjølv seier signeringa av høyringsuttala hadde atterhald om at det måtte kome politisk godkjenning i kommunen, og den fekk ho. På gårsdagens måte starta ho med å forsvare framgangsmåten hennar.

– Ein meir demokratisk måte kan eg ikkje finna ut at vi skal klara å behandla det på, sa Lindborg på formannskapsmøtet.

Bergensalliansen, med sine 17 kommunar, klarte ikkje komme med ei felles uttale innan fristen. Lindborg forklarer dette med at medlemmane ikkje var einige, og at tida blei for knapp.