Onsdag møtte KrF-gruppeleiarane i kommunane i Sunnhordland mannsterke opp på ferjekaien i Sandvikvåg heilt nord på Stord.
Dei har mobilisert kraftig etter at et fleirtal i fylkesutvalet i Vestland valde å droppe Hordfast i sitt forslag til ønskeliste for Nasjonal transportplan (NTP) for åra 2022-2033. Øvst på lista står utbygginga av ny E16 og jernbane mellom mellom Bergen og Voss.
– Vår klare oppfordring er å få inn formuleringar slik at Hordfast ligg inne i NTP i første periode, seier initiativtakar Jarle Jakobsen frå Sveio KrF.
Kostar mange milliardar
To av landets desidert dyraste samferdsleprosjekt ligg i Vestland fylke:
- Ny jernbane og europaveg på den ulukkesutsette strekninga mellom Bergen og Voss. Førebels prislapp: 33 milliardar kroner.
- Ferjefri kyststamveg mellom bergensregionen og Sunnhordland i retning Stavanger. Førebels prislapp: 37 milliardar kroner.
Spenninga er knytt til om begge prosjekta vil bli prioriterte i komande Nasjonal transportplan for perioden 2022-2033.
Samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) seier førebels ikkje nei til nokon av prosjekta.
– Mitt mål er at det skal vere fleire gode prosjekt for Hordaland når vi legg fram vårt forslag til NTP. Både E16 og Hordfast er gode prosjekt.
– Så håpet er ikkje ute for å få begge deler?
– Det kan du trygt seie, svarar Hereide.
Grip inn i naturen
Hordfast er eit omstridd prosjekt, mellom anna på grunn av høg kostnad, stor trafikkvekst og store inngrep i natur dersom motorvegen skal byggast.
Jacobsen i Sveio KrF seier at ein firefelts motorveg ikkje nødvendigvis er den beste løysinga.
– Vi må sjå på tunnelløysingar, to og tre felt. Men det er klart at dette vil gå litt ut over naturen, seier Jacobsen.
KrF-aren meiner at klimagassutsleppa vil bli kompensert ved at fleire av ferjesambanda i området vert nedlagde.
Kan bli delt på midten
12. mai skal fylkestinget gi sitt endelege forslag til prioritering i ny NTP.
Gruppeleiar i Vestland KrF, Trude Brosvik, seier ho vil jobbe for eit breiast mogleg fleirtal inn mot fylkestinget. Sjølv stemde ho og dei andre fleirtalspartia i fylkesutvalet mot å prioritera Hordfast.
– Dette handlar ikkje om å snu, men om å jobbe klokt. Eg trur det er ein dårleg strategi å gå til departementet og vere delt på midten i viktige prioriteringar, seier Brosvik.
Gruppeleiar i Bømlo KrF, Morten Helland, trur ikkje departementet kjem til å legge altfor mykje vekt på kva fylkespolitikarane fell ned på.
– Med eit så viktig prosjekt både regionalt og for Vestlandet, trur eg dei vil gjere sine eigne vurderingar dersom dei får ein delt innstilling frå Vestland, seier Helland.
Ministeren seier han vil lytte til signala som kjem frå hans eige distrikt.
– Dette er ei prioritering fra lokalt og regionalt hald, som vi naturleg nok vil lytte til. Men regjeringa kjem òg til å se på heilskapen når vi skal dra denne typen konklusjonar, seier Hareide.
Vil ha rassikring først
I Indre Hardanger er Ullensvang-ordførar Roald Aga Haug blant dei som støttar prioriteringa frå fylkesutvalet.
Ordføraren har liten tru på at Hareide vil klare å finne pengar både til å realisere Hordfast-brua og ny E16 mellom Bergen og Voss.
– Historia har vist at det har han ikkje pengar til. Då må ein prioritere slik fylkesutvalet har gjort, med å sette rassikringa øvst, seier Aga Haug.