Hopp til innhold

Bilistane kan måtta betala halvparten av gigantbrua

Statens vegvesen anslår at over 17 milliardar kroner av ferjefriprosjektet Hordfast kan betalast med bompengar. Men dei kan ikkje seia kva bilistane må betale for kvar passering.

Illustrasjon av Hordfast

50/50: Bilistane kan betala halvparten av Hordfast-utbygginga sør for Bergen, ifølge Vegvesenet.

Illustrasjon: AMC

– Bompengenivået blir nok høgt, konstaterer utbyggingsdirektør i Statens vegvesen, Kjell Inge Davik.

I eit fersk anslag frå Vegvesenet er prisen på ferjefri motorveg sør for Bergen redusert til 36,7 milliardar kroner.

Men i det same anslaget er bompengeandelen av gigantutbygginga auka til 17,4 milliardar kroner. Førre anslag var 11 milliardar kroner i bompengar.

Dermed aukar bompengeandelen for prosjektet frå 27,5 prosent til 47,4 prosent. Justert for inflasjon er forskjellen om lag 5,6 milliardar kroner meir i bompengar.

Naturinngrep gir kort reisetid

Planen om ferjefri kyststamveg på delstrekninga frå Stord nordover mot Bergen inneber ei fem kilometer lang flytebru over Bjørnafjorden og ei stor bru over Langenuen.

For tilhengjarar er målet utvida bu- og arbeidsregionar og kort reisetid for bilistane og transportnæringa, ved å knytte Bergen, Haugesund og Stavanger tettare saman.

Med motorveg og fartsgrensa 110 km/t blir reisetida Stavanger-Bergen halvert til om lag to timar.

Motstandarar er opptekne av den høge prislappen for staten, bompengetaksten for bilistane, mangedoblinga av trafikken, klima- og naturkonsekvensane, og å heller bruka milliardane på trafikksikring andre stader, som ny jernbane og E16 Bergen-Voss.

Uggdalkrysset

SKJERINGAR: Ein firefelts motorveg vil endre det kuperte landskapet i kommunane Tysnes, Stord og Bjørnafjorden (eldre illustrasjon frå Tysnes).

Foto: Illustrasjon: Statens Vegvesen

Mykje høgare bompengar

Samferdsledepartementet har sett som krav at bompengeandelen i Nasjonal transportplan (NTP) for perioden 2022–2033 ikkje skal overstiga 29 prosent.

Hordfast-anslaget frå Vegvesenet er altså over 47 prosent.

– Ja, det er mykje høgare enn snittet. Totalt sett skal me ikkje vera over 29 prosent i bompengebelastning på riksvegnettet, men det vil variera frå prosjekt til prosjekt, seier Davik i Vegvesenet.

– Kva vil ein så høg bompengeandel bety for både bompengetakstane og finansieringsgrunnlaget for Hordfast?

– Eg kjenner ikkje detaljane. Dette skal me jobba vidare med når me lagar bompengeproposisjonen.

Det er dokumentet Stortinget får for å avgjera om Hordfast skal byggjast.

– Då blir betalingsviljen simulert, blant anna i høve til dagens ferjetakstar. Og så vil det jo alltid vera ei politisk avgjerd kor stor del av kostnadane staten skal ta, seier Davik.

Kjell Inge Davik.

DYRT FOR TRAFIKANTANE: – Bompengenivået blir nok høgt, konstaterer utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen.

Foto: Jo Vegard Aardal/Statens vegvesen

NHO: – Positiv enn så lenge

Næringslivets hovudorganisasjon har Hordfast blant sine prioriterte samferdsleprosjekt.

– Utbygginga har såpass stor betydning for bu- og arbeidsmarknadsområde og næringslivet at eg trur ikkje det første ein skal ta tak i er å krangla på bompengeandelen.

Det seier Grete Karin Berg, fungerande regiondirektør i NHO Vestland.

– Enn så lenge er me opptatt av at prosjektet skal realiserast sjølv om bompengeandelen nå er berekna til ein litt høgare andel.

Grete Karin Berg, NHO Vestland

HÅP?: – Det kan tenkast at det kan komma meir frå staten, men milliardane renn jo ut av statskassen for tida, seier Grete Karin Berg i NHO Vestland.

Foto: NHO

Miljørørsla: – Steindyrt

Miljøvernorganisasjonane er samstemte mot planane om Hordfast og resten av ferjefri kyststamveg mellom Kristiansand og Trondheim.

Ein kraftig auke i bompengeandel ser dei som eit ekstra motargument.

– Vegvesenet prøver seg med ein gigantisk bompengebløff. Over 17 milliardar kroner i bompengar vil gi mykje dyrare passering enn dagens ferjebillett. Det vil skremma så mange frå å køyra vegen at finansieringsgrunnlaget for heile prosjektet blir dramatisk svekka, meiner nestleiar Tom Skauge i Naturvernforbundet Hordaland.

Sakshandsamar Roald Kvamme i Noregs Miljøvernforbund meiner Hordfast må skrinleggjast viss trafikantane må betala halvparten av utbyggingskostnaden.

– Det blir steindyrt per passering. Eit snilt reknestykke gir 7–800 kr per passering med det trafikkgrunnlaget Vegvesenet sjølv har rekna inn, meiner Kvamme.

Roald Kvamme (Hordaland Ap) ved Alversundbrua Fv 565

STEINDYRT: Roald Kvamme i Noregs Miljøvernforbund meiner Hordfast ikkje er gjennomførbart viss det vil kosta 700–800 kr per passering for bilistar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Vegvesenet: – Teoretisk anslag

Sjølv om Vegvesenet no oppgir at bompengeandelen er auka til 17,4 milliardar kroner, er dette ikkje avgjort, ifølge prosjektleiaren for Hordfast.

– Dette er ei rein teoretisk berekning av potensialet. Kor stort lån som let seg finansiera, har me ikkje sett på enno. Og det er ikkje teke stilling til om me skal føreslå ei anna fordeling mellom staten og bompengar enn i den gjeldande NTP, skriv prosjektleiar Signe Eikenes til NRK.

– Først når dette er gjort, går det an å seie noko om prisen for trafikantane. Den er avhengig av både storleiken på innsparingane og kor stor trafikken vert.

Signe Eikenes, prosjektleiar i Hordfast, Statens Vegvesen

IKKJE UTREKNA: – Prisen for trafikantane er avhengig av innsparingane og kor stor trafikken vert, seier prosjektleiar Signe Eikenes.

Foto: Leif Rune Løland/NRK

Senioringeniør Erik Johannessen har gjort denne og tidlegare nytteanalysar av Hordfast. Han forklarer at bompengeandelen på 17,4 milliardar kroner er basert på følgjande premissar:

  • Trafikkprognosar på om lag 6.500 bilar i døgeret i opningsåret med bompengar, om lag 10.000 utan bompengar.
  • Sjablongmessige verdiar for bompengetakstar som er like for alle NTP-prosjekt: 2 kr/km for lette og 6 kr/km for tunge køyretøy, pluss ein bomsats på 40 prosent over dagens ferjetakst.

Usikker statsstøtte

NHO Vestland håpar at Hordfast-planleggjarane finn nye innsparingar, men er usikker på om staten kjem til å ta ein større del av kostnadane.

– Det kan tenkast at det kan komma meir frå staten, slik at bompengeandelen vil gå ned. Men me må også vera realistiske. Milliardane renn ut av statskassen for tida. Me har jo fått signal om at det ikkje kjem til å bli meir pengar til samferdselsprosjekt i den kommande perioden enn det var no, seier Berg.

  • Les alt om ferjefri E39 her.