Hopp til innhold

Læraren deira seier opp fordi han er redd for tryggleiken til elevane

Den splitter nye båten utdannar unge fiskarar som skal ut i landets farlegaste yrke. No har læraren sagt opp fordi han meiner opplæringsfartøyet er for farleg.

Elevar på Skulebas

FOR FARLEG? Elevane på «Skulebas» gjer seg til fiske i Lofoten, men får ikkje bruke garn. Utstyret på den nye båten er for farleg, meiner læraren.

Foto: Steinar Lote / NRK

Sommaren 2023 kom det nye fiskefartøyet, MS «Skulebas» heim til Måløy i Nordfjord.

Ein dag skulen hadde venta lenge på.

Nye «Skulebas», ei stor og etterlengta gåve frå Vestland fylkeskommune, som skal sørge for skikkeleg opplæring til framtidas fiskarar.

No meiner faglæraren på fiske- og fanglinja ved Måløy vidaregåande skule at det er for farleg å reise ut på garnfiske med den nye skulebåten.

Faglærar Stig Oldeide meiner blant anna at utstyret til garnfiske på båten er farleg og i verste fall skadeleg.

I tillegg peikar han på fleire detaljar i båten som er uferdig.

– Dette er galskap. Det er ikkje trygt for elevane, og sikkerheit er noko av det viktigaste vi lærer elevane som skal ut i Noregs farlegaste yrke, seier Oldeide.

Skulebas

Stig Oldeide har lært opp framtidas unge fiskarar. Om tre månader går han på land i protest.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

Saka har tidlegare vore omtala i Firdaposten og Fjordenes Tidende.

Oldeide har over femti års erfaring som fiskar, skipper og reiar.

I protest og håp om å bli høyrd av båteigaren Vestland fylkeskommune, har han sagt opp stillinga som lærar ved Måløy Vidaregåande skule.

Ikkje bekymra for sikkerheita

Prosjektleiar for bygginga av MS «Skulebas», Stig Antonsen, meiner skulebåten er rusta til alle typar fiskeri.

Stig Antonsen står på ei flytebrykke i Brosundet i Ålesund. Bak han ser vi fiskebåtar som ligg til kai.

Antonsen er dagleg leiar for Cestan AS i Ålesund, som leiar prosjekt innan bygging og drift av offshore og fiskerifartøy.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Sikkerheita på Skulebas vurderer eg som veldig god. Den er bygd etter dei krava og reglane som er på ein slik båt og eg ser ikkje nokon fare med å vere om bord, seier Antonsen.

Han har ingen bekymringar for tryggleiken til elevane eller mannskapet om bord.

– Det må alltid til små justeringar på nybygde fiskebåtar, ein båt er aldri perfekt og dette er eit fartøy som er veldig kompleks for sin storleik. Nokre små kompromiss må det bli på eit slikt fartøy, seier Antonsen.

Noregs farlegaste yrke

Ein ny rapport frå SINTEF viser at 156 fiskarar har døydd på jobb sidan 2000.

Skulebas
Foto: Steinar Lote / NRK

I i fjor vedtok Stortinget ein nullvisjon om at ingen fiskarar skal omkomme på havet.

Talet på dødsulukker er framleis høge i fiskaryrket, med eit snitt på over fem omkomne per år mellom 2010 og 2021.

Så langt i 2024 viser ulukkesstatistikken til Sjøfartsdirektoratet at heile 95 personar er skadde, to omkomne og 52 er sjukmelde.

Frykta for elevane

I februar skulle MS «Skulebas» etter planen på tur til Lofoten, der elevane skulle lære seg å fiske med garn.

Men Oldeide nekta å ta med elevane på garnfiske og reiste til slutt berre med utstyr til linefiske om bord.

– Har det slått deg at du overdriv dette?

– Ja, det har eg reflektert over. Men kva val har eg? Det viktigaste er tryggleiken til elevane, seier Oldeide.

Om tre månader har oppseiingstida gått ut. Då står Måløy vidaregåande utan ein erfaren lærar.

Skulebas

Stig Oldeide sa opp stillinga si etter 4 år som kontaktlærar, for at elevar, som David Hamre Da Silva skal få ei trygg opplæring.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

Allereie under bygginga av nye «Skulebas» vart det stilt spørsmål ved tryggleiken til undervisningsfartøyet.

Oldeide seier han tok opp problemstillinga allereie då MS «Skulebas» vart bygd på verftet, Hvide Sande Shipyard i Danmark.

Læraren meiner maskina som dreg inn garna er plassert feil på dekket til båten, og noko han meiner fører til stor klemfare.

– Når vi trekker inn garn kan det henge seg fast, og då må ein ha sikt og plass til å utføre arbeidet manuelt på ein trygg måte.

Å løyse problemet seier han er enkelt.

– Berre eit par veker på verft for å flytte på utstyret, hadde løyst problemet utan for store kostnader, er forslaget til Oldeide.

Skulebas

Oldeide meiner dragebukken står to meter for langt framme på dekk. Det er dette maskineriet som dreg opp garn.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

– Ein ser at dette ikkje er bygd av erfarne fiskarar. Ein kvar som har vore ute på sjøen ser problemet med ein gong, seier Oldeide.

Og han er ikkje åleine om reaksjonen.

Nils Myklebust, tidlegare fiskar og fiskebåtreiar forstod med ein gong kvifor Oldeide var bekymra.

Fiskebåten "MS Skulebas"

MS «Skulebas» segla frå Danmark til Noreg i fjor sommar. Det nye fartøyet var etterlengta av Måløy vidaregåande skule.

Foto: Hvide Sande Shipyard / Hvide Sande Shipyard

– Eg synest det Stig gjer er modig og korrekt. Eg har snakka med fleire fiskarar som er heilt einige, dette er ei felles oppfatning om at noko er feil. Vi har all respekt for det Oldeide gjer, det krev ein del mot, seier Myklebust.

Går utover elevane

For ei veke sidan drog elevane til Lofoten for å fiske torsk med line, og får ikkje bruke det flunkande nye utstyret til garn.

Skulebas

Det skulle vore garn som vart hala om bord før avreise til Lofoten, men det blei lineagn.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

Elevane skal bli lærlingar til hausten.

Då skal fleire av dei arbeide med både line- og garnfiske.

No får dei ikkje praktisk opplæring i å bruke garn.

– Det er kjedeleg at vi ikkje får prøve å fiske med garn. Vi får dårlegare kunnskap, det er dumt synest eg, seier elev Tuva Moe Salomonsen.

Skulebas

Tuva Moe Salomonsen (17) frå Bremanger er einaste jenta i klassen på den populære linja.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

– Har du vore redd for at noko skulle skje medan du var om bord?

– Nei, eg har ikkje vore redd for meg sjølv eller dei andre elevane. Men eg vart redd for Stig ein gong han heldt på å klemme seg fast, seier Salomonsen.

Kjende til problemet

Tor Åge Gravdal, avdelingsleiar for maritim opplæring ved Måløy vidaregåande skule, innrømmer at problemet var kjent allereie under bygginga av MS «Skulebas».

– Det var litt usemje om korleis ulike ting skulle løysast. Fleire av prosessane tek tid og har gjort at det ikkje har kome heilt i mål, seier Gravdal.

Han støttar Oldeide i at utstyret som skal brukast til garnfiske ikkje er trygt, og seier problemet må løysast.

Les også Matvarebransjen mangler lærlinger – tror mange mener det er kjedelig

Johanne Omdahl Mortensen har en lederrolle i frukt- og grøntavdelingen hos Coop Mega i Arendal,

Skal sjå etter løysingar

Bjørn Lyngedal, avdelingsdirektør opplæring og kompetanse i Vestland fylke seier dei skal sjå på MS «Skulebas» så fort det lar seg gjere.

Bjørn Lyngedal

Bjørn Lyngedal seier fylkeskommunen skal løyse problemet så raskt dei klarer.

Foto: Valentina Baisotti

Blant anna skal folk med fagleg kompetanse om bord i båten for å vurdere om dragebukken er plassert feil og dermed kan føre til klemfare, slik Oldeide seier.

Lyngedal håpar på ei snarleg løysing slik at elevane får prøve alle reiskap før dei skal i lære til hausten.

– Eg kjenner ikkje til detaljar, men slik eg har forstått det har prosjektleiar gjort ein god jobb. Alle er ikkje einige om alt, men vi har tillit til Antonsen, seier Lyngedal.

Les også Sander gjekk tre år på studiespes, men fann ut at han ville bli røyrleggar

Sander Devold er lærling med Vard Langsten