Hopp til innhold

Denne plastkassa er skulebiblioteket til elevane

Trass i at opplæringslova gir elevar rett til eit skulebibliotek, manglar mange skular ei fullverdig skulebibliotekteneste.

Karoline Festervoll Bolstad og Endre Fugle Kvile viser fram skulebiblioteket dei har på Breim skule. Kvar klasse får ei plastkasse med bøker to gonger i halvåret.

PLASTKASSE SOM SKULEBIBLIOTEK: Karoline Festervoll Bolstad og Endre Fugle Kvile går i sjette og sjuande klasse på Breim skule. To gonger i halvåret får kvar klasse ei kasse med bøker som skal vere skulebibliotek.

Foto: Arne Stubhaug

– Me er langt unna eit godt nok tilbod, seier universitetslektor i skulebibliotekkunnskap ved Universitetet i Agder, Ingeborg Eidsvåg Fredwall.

På universitetet har dei kontakt med skulebibliotekarar i heile landet.

– Eg kan derfor si at det er langt igjen til at alle elevar i den norske skulen har tilgang til gode skulebibliotek.

Etter at bibliotekfilialen på Byrkjelo blei lagt ned for to år sidan på grunn av dårleg råd i kommunen, har Breim skule fått bokkassar frå folkebiblioteket i kommunen.

Kvar klasse får ei kasse med bøker som skal vare i omtrent to månadar.

Fryktar for lesegleda

– Eg fryktar at det blir mindre leseglede blant elevane. Eg er og bekymra for framtidig leseglede og engasjement for bøker, seier spesialpedagog Bente Ellingvåg på Breim skule.

– Me opplever at mange elevar ikkje finn bøker dei har lyst til å lese, og at lesegleda går ned.

Spesialpedagog på Breim skule, Bente Ellingvåg, står med ei plastkasse som er skulebiblioteket til ei klasse på skulen.

Spesialpedagog på Breim skule, Bente Ellingvåg, er ikkje nøgd med skulebibliotektilbodet dei har fått på skulen.

Foto: Arne Stubhaug

Vil heve kompetansen

Det må bli tydelegare i opplæringslova kva eit skulebibliotek er og kva krav som bør vere til eit skulebibliotek, seier Ingeborg Eidsvåg Fredwall.

Ho meiner det er viktig å heve kompetansen blant skulebibliotekarar.

– Me veit at det berre er omtrent 20 prosent av dei som jobbar i grunnskolen som har ei bibliotekfagleg utdanning.

Det må også bli strengare krav til skoleeigarar om å utrusta og kjøpe inn ei samling til skulebibliotek sånn at samlingane er gode nok, og det er nok litteratur.

Kommunalsjefen for oppvekst i Gloppen kommune, Per Arne Strand, meiner dei oppfyller krava i opplæringslova, fordi skuleelevane har tilgang til eit bibliotek.

– Om det er eit godt nok tilbod, er svaret nei.

Store skilnadar i landet

Ein bokkasse er på ingen måte eit skulebibliotek, og eit skulebibliotek er heller ingenting utan ein skulebibliotekar.

Det seier forbundsleiar i Bibliotekarforbundet, Veronicha Angell Bergli. Ho ser at det er store skilnadar på kvaliteten på skulebibliotek i landet, og at barneskulen er den store taparen.

Det er i dag liten grad eigne dedikerte skulebibliotek og skulebibliotekressursar på barneskulen. Nokre stadar har satsa på skulebibliotek, og dei ser også resultat av den satsinga. Men for mange stadar er det ein lang veg å gå, dessverre.

Ingeborg Eidsvåg Fredwall er universitetslektor i skulebibliotekarkunnskap ved Universitetet i Agder.

På Universitetet i Agder underviser Ingeborg Eidsvåg Fredwall framtidige skulebibliotekarar.

Foto: Kjetil Samuelsen

– Har ikkje vore prioritert nok

– Me og ser at det er ønskeleg å ha bøker som kan stimulere til leselyst. Det er viktig for dei som skal lære seg å lese, men sånn som ting har vore har det ikkje vore prioritert høgt nok, seier kommunalsjefen i Gloppen kommune, Per Arne Strand.

– Me jobbar med å søke middel for å kunne få opp aktiviteten rundt skulebibliotek, spesielt på dei to skulane som tidlegare hadde ein bibliotekfilial nær seg.

På Sande bibliotek i Sunnfjord kommune har dei eit stort utval av bøker, og fungerer også som eit skulebibliotek for Sande skule.

Biblioteket skal utvidast sånn at det er meir plass til klassebesøk, men også for at andre vaksne og frivillige organisasjonar kan nytte biblioteket på same tid.

Foto: Anna Sambor

Skulebibliotek rett over vegen

Ein halvannan time køyretur unna Breim skule, ligg Sande skule.

Heller ikkje her har dei eige skulebibliotek, men nyttar seg av bibliotekfilialen rett over vegen.

Dette biblioteket er meir ope, altså kan skulen bruke biblioteket både før og etter opningstid når bibliotekaren ikkje er der.

Det er Anna Sambor som er bibliotekar på Sande bibliotek. Der er ho to dagar i veka. Ho tar imot klassebesøk, gir elevar anbefalingar til bøker og hjelper med skuleoppgåver. Ho hjelper også lærarar med prosjekt.

– Eg synest samarbeidet med skulen går veldig fint. Lærarane er veldig flinke til å bruke biblioteket, men eg skulle ønske me hadde meir ressursar. Det kan bli litt travelt.