Hopp til innhold

Straumkrisa fører til milliardinvesteringar i vasskraft

Nye skattereglar skal stimulere til meir vasskraftutbygging. NVE-sjefen varslar om ein straum av utbyggingssøknader.

Montering av nytt løpehjup til Vamma kraftverk

VAMMA KRAFTVERK: Slik ser det ut når eit nytt skovlhjul vert montert.

Foto: Hafslund Eco

I Lærdal i Sogn heng ei snor i fargane til det ukrainske flagget. Men ikkje lenge.

Statssekretær i Klima- og miljødepartementet Aleksander Øren Heen (Sp) tek fram saksa og klippar ho i to.

– Krigen i Ukraina har skapt energimangel og høge kraftprisar. Dette kraftverket vil bidra til å betre energisituasjonen i Noreg og Europa, seier han.

Mork kraftverk i Lærdal opna denne veka og er del av ei større satsing signert Hafslund Eco, som potensielt skal forsyne det norske straumnettet med ytterlegare 700 gigawattimar.

Det svarer til forbruket til 35.000 bustadar.

Lars Oust i Hafslund Eco Vasskraft

Prosjektleiar Lars Oust i Hafslund Eco Vasskraft fortel at dei har planar om å bygge fleire nye kraftverk over heile Sør-Noreg.

Foto: Bård Siem / NRK

– Meir produksjon av straum er det som skal til for å få ned kraftprisane. Vi snur kvar stein for å få det til, seier Kristin Lian, som er administrerande direktør i Hafslund Eco Vasskraft.

Hafslund Eco har ti vasskraftprosjekt

Hafslund Eco har ti utbyggingsprosjekt under planlegging, frå Sarpsborg i sør til Grotli i nord.

Foto: Håvard Nyhus

Fire store vasskraft-søknader det siste året

Vyane står tilsynelatande i kontrast til biletet som vart teikna i Klassekampen sist veke. Det viste at responsen på dei nye skattereglane som skulle stimulere til meir vasskraftutbygging har vore laber.

Under det nye «kontantstraumskatt-regimet» kan kraftprodusentane trekkje frå kostnadar til opprusting og utbygging på skatten same år som investeringa.

Likevel viser nye tal frå NVE at det berre har komme inn fire store vasskraft-søknader sidan skatten vart justert. (Småkraftverk sorterer ikkje under dei nye skattereglane, og er difor ikkje med.)

  • Syrtveitsfossen kraftverk i Otravassdraget
  • Svartisdal kraftverk i Rana kommune
  • Mauranger 2 i Kvinnherad
  • Randselva kraftverk i Tyrifjorden

Direktør i Energi Noreg, Eivind Heløe, seier til NRK at oversikta i Klassekampen gir eit skeivt bilete av den faktiske situasjonen.

– Tilbakemeldingane frå medlemsbedriftene våre seier at omlegginga av skattesystemet vil utløyse mange nye vasskraftprosjekt, seier han.

Tilsvarande signal kjem frå NVE-sjef Kjetil Lund.

– No går selskapa gjennom gamle ringpermar og tek fram minnebrikkene for utbyggingsprosjekt som tidlegare var ulønnsame. Kraftselskapa flaggar overfor oss at konsesjonssøknadene vil komme, og det vil bli mange, seier han til Stavanger Aftenblad.

NVE-direktør Kjetil Lund

– Kraftselskapa flaggar overfor oss at konsesjonssøknadene vil komme, seier NVE-sjef Kjetil Lund. 

Foto: Catchlight/NVE

Lyse investerer 5 milliardar

I juni varsla NVE at dei vil prioritere større vasskraftprosjekt framfor småkraft, dersom det vert kø i saksbehandlinga.

– Inntrykket mitt er at dei nye skattereglane gjer at kraftselskapa no har ei rekkje nye prosjekt under utvikling, som etter kvart kjem til NVE i form av konsesjonssøknader, seier Nikolai Astrup, som er energipolitisk talsperson i Høgre.

I august varsla Lyse at dei vil investere inntil 5 milliardar kroner til opprusting og utviding av kraftverka i Røldal-Suldal (RSK). Planane inkluderer tre nye kraftverk som til saman kan auke kraftproduksjonen med 200–250 GWh.

Det svarer til straumforbruket til 10.000–12.500 husstandar.

HER SKJER DET: Det nye vasskraftverket i Sunnfjord vil produsere om lag 250 GWh straum, noko som svarar til forbruket til rundt 12.000 hushald.

Det nye vasskraftverket i Sunnfjord vil produsere om lag 250 GWh straum, noko som svarar til forbruket til rundt 12.000 hushald.

Foto: Jølstra kraft

2,3 TWh ny vasskraft sidan 2020

Mellom 2020–2022 har om lag 2,3 TWh ny vasskraft vorte sett i produksjon i Noreg, fordelt på 85 vasskraftverk.

Det meste av dette skuldast opprustingar av gamle vasskraftverk og etableringar av små vasskraftverk.

Men noko skuldast også nye og store elvekraftverk (sjå faktaboks).

I Hurdalsplattforma heiter det at Støre-regjeringa «vil auke norsk vasskraftproduksjon, blant anna ved å oppgradere og fornye eksisterande vasskraftanlegg».

Bakgrunnen er framskrivingar frå Statnett som viser at Noreg treng mellom 20 og 35 TWh ny fornybar kraftproduksjon innan 2030 for å unngå kraftunderskot.

Tal på potensialet for ny vasskraft sprikjer

Spørsmålet er kor mykje av kraftunderskotet som skal dekkast av vasskraft, og kor mykje det er mogleg å byggje utan å ofre for store naturverdiar.

Her sprikjer anslaga.

NVE har rekna «det realistiske potensialet» for ny vasskraft i Noreg til 22,7 TWh.

Av dette er 15,1 TWh nye vasskraftverk, medan 7,6 TWh kan hentast frå opprusting og utviding.

Ein studie ved NTNU er meir optimistisk og seier at norske vassdrag kan produsere 15–20 fleire terawattimar berre ved hjelp av opprusting og utvidingar.

pj1cwkSgN7k

I Hurdalsplattformen skriv Støre-regjeringa at ho vil «auke norsk vasskraftproduksjon, blant anna ved å oppgradere og fornye eksisterande vasskraftanlegg.»

Foto: Torstein Bøe / NTB

Dagleg leiar i Grønnkraft, Rune Skjevdal, seier til NRK at «det gjerne tek fleire år å utvikle og utarbeide nye søknader».

At det er få søknader akkurat i dag er difor ikkje overraskande. Men det er stor pågåande aktivitet i bransjen for å bringe fram nye prosjekt som ei direkte følgje av eit etterlengta skattegrep.