Hopp til innhold

Straumprisane svekker elbil-interessa

Dei høge straumprisane har svekka appetitten på elbilar. Samstundes varslar regjeringa at fleire elbil-privilegium syng på siste verset.

Lading av elbil i gata

MEIR LUNKNE: Ein av fire seier dei har vorte meir lunke til elbil på grunn av straumprisane

Foto: Gorm Kallestad / NTB

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det er ikke unaturleg at folk vert mindre interesserte i elbil når kostnadene aukar, seier Børre Skiaker i Kongelig Norsk Automobilklub (KNA).

Så langt i år er fem av seks nye bilar ein elbil, og i april rulla elbil nummer 500.000 ut på norske vegar.

No svarer ein av fire at dei har vorte meir lunke til elbil på grunn av straumprisane. Undersøkinga er gjennomført av Norstat på vegner av Noregs Automobil-Forbund (NAF).

Overraskande når vi veit at straum framleis er det desidert billigaste drivstoffet, seier Nils Sødal i NAF i ein pressemelding.

Til grunn for utrekninga legg han straum- og drivstoffstatistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Drivstoffprisane er frå februar. Straumprisane er frå dei siste tre månadene i 2021, inkludert nettleige, avgifter og straumstøtte.

Vår melding er klar: Ikkje la deg skremme av tidvis høge straumprisar. Elbilen er energieffektiv, og det løner seg å byte, seier Unni Berge, som er leiar for kommunikasjon og samfunnskontakt i Elbilforeningen.

I 2021 utgjorde elbilar 64,5 prosent av nybilsalet.

Egil Steinsland i Noregs Bilbransjeforbund (NBF) har ikkje sett teikn til auka skepsis på kundesida.

Basert på informasjonen vi har, så går også elbilar unna i bruktbilmarknaden. Det er freistande å tolke svaret som at folk er blitt meir skeptisk til å bruke straum, enn elbil i seg sjølv, seier han.

Bommen på Bybrua i Stavanger

STAVANGER: – Det vil bli eit nytt bompengeoppgjer i Vestland dersom vi hevar satsane, seier Sigbjørn Framnes (Frp).

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Elbilistane må bidra meir

Tidlegare i mai melde NRK at store samferdselsprosjekt får trøbbel med finansieringa fordi elbilar betaler mindre bompengar.

– Elbilistane må bidra meir. Det handlar om byrdefordeling, seier Jenny Følling (Sp), samferdselspolitikar i Vestland og ordførar i Sunnfjord.

I april vart det vedteke ein ny Oslopakke 3-avtale, som inneber å auke bompengane med 40 prosent.

Elbilane får den største auken målt i prosent.

– Det er bra at fleire køyrar elbil. Men dei opptek like mykje plass på vegane som fossilbilar, og dei genererer svevestøv, forklarte fylkesråd for finans, Edvin Søvik (Ap)

Bomstasjonen i Jørgen Løvlandsgate i Oslo

OSLO: I dag er elbilandelen 32 prosent i Oslo, men kan passere 90 prosent i 2030.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

Statsråden vil vurdere bruksfordelane for elbilar

No melder samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) at regjeringa skal sjå nærare på bruksfordelane for elbilar i byområde.

– Kollektivtransporten er i ein krevjande omstillingsperiode etter pandemien, og vi må sjå nærare på ulike verkemiddel som kan få fleire til å velje kollektivtransport. Fordelane ved bruk av elbilar i byane kan ha bidrege til at fleire vel bilen i dag, og vi ber derfor no Statens vegvesen om å vurdere bruksfordelane for elbilar i og i nærleiken av byområda, seier han i ei pressemelding.

Stortinget har vedteke ein regel om at elbilar maksimalt skal betale 50 prosent av den «vanlege» bompengesatsen.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap)

KLAR FLATE: – Elbilar gir oss grønare transport, men de har også ei klar konkurranseflate mot kollektivtransporten i byområda, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Foto: Remi Sagen / NRK

Signala frå regjeringa vert motteke med uro hos Elbilforeningen.

Vi vil åtvare politikarane mot å tru at elbilsalet går av seg sjølv. Dei må unngå å skape usikkerheit om at det vil løne seg å velje elbil også framover. Det er difor uheldig at samferdselsministeren vil greie ut endringar i miljørabatten for elbilar i bompengeprosjekt, seier Unni Berge i Elbilforeningen.

Fleire verkemiddel er aktuelle for å redusere elbil-fordelane i byområde. Det handlar om bompenge-satsar, om bruk av kollektivfelt og om parkering.

– Elbilar gir oss grønare transport, men dei har òg ei klar konkurranseflate mot kollektivtransporten i byområda. Vi må gjere det meir attraktivt å reise kollektivt, sykle og gå. Derfor skal vi sjå nærare på ulike verkemiddel som kan bidra til dette, seier Nygård.

Statens vegvesen har også fått i oppdrag å vurdere tilgangen til kollektivfelt, og om å vurdere bompengebetaling og parkering for elbilar.

Bompenger protest

IKKJE AKTUELT: Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) avviser at staten vil gå inn med direkte støtte til Bypakke Bergen eller andre bypakker.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB