Hopp til innhold

Krigen i Ukraina lammar fleire store bilprodusentar

Stengde fabrikkar i Ukraina forplantar seg heile vegen til bilmarknaden i Noreg. – Men det er eit luksusproblem, seier Tore Eide som ventar på sin elbil.

Bilfabrikk i Wolfsburg

FÆRRE BILAR PÅ GRUNN AV KRIGEN: I februar vart det registrert 8.147 nye bilar i landet. Det er ein nedgang på nær 24 prosent.

Foto: Volkswagen

Literprisen på bensin og diesel ligg på godt over 20 kroner og mange drøymer om rask overgang til elbil. Det kan bli lettare sagt enn gjort.

På Vassenden i Jølster har Tore Eide venta mei enn eitt år på bilen han bestilte i februar i fjor. Då var utsiktene levering hausten 2021. Grunna koronaen vart leveringa utsett til juletider, og deretter til mai 2022.

Så gjekk russarane til åtak på Ukraina, no er fabrikken som skal levere bilen til Tore nedstengd.

– Men det er eit luksusproblem mot dei lidingane som korona og krigen har ført med seg. Eg kan gjerne vente i mange år om det kan hjelpe å få slutt på krigen, seier Tore.

Elbilkjøpar Tore Eide har venta over eitt år på nyebilen.

ELBILKJØPAR: Tore Eide og familien såg behov for ein fullverdig familiebil med god plass og lang rekkevidde. Over eitt år etter ventar dei framleis på nyebilen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Blir påverka av krigen

– Somme har venta godt over eitt år og dei ventar framleis på elbilen sin, seier Christina Bu, som er generalsekretær i Elbilforeininga.

Ho legg til:

– Vi ser at ein del bilmerke blir påverka av krigen fordi dei har mange underleverandørar i både Ukraina og Russland.

Generalsekretær i Norsk elbilforening Christina Bu

KRIGEN PÅVERKAR: Generalsekretær i Elbilforeininga, Christina Bu, seier ein må rekne med at krigen i Ukraina vil føre til at det tek lengre tid å få tak i nye bilar.

Foto: Norsk elbilforening

Det viser også att i registreringstala. Ifølgje fagbladet Motor vart det registrert 8.147 bilar i februar. Det er ein nedgang på nær 24 prosent – og berre halvparten av toppåret 2017.

80 prosent av nybilsalet så langt i år har vore elbilar.

Spesielt tyske bilar

Koronapandemien førte med seg at tilgangen på mikrobrikker som blir brukt i høgteknologiske bilar vart dramatisk redusert.

Som følgje av krigen i Ukraina er også ein fabrikk som produserer leidningsnett til ein del bilmerke stengd. Spesielt dei tyske bilmerka er råka.

Europas største bilprodusent, Volkswagen, har stoppa produksjonen ved fabrikkane i Zwickau og Dresden. Også fabrikkane i Wolfsburg, Emden og Hannover kan bli stengde.

Til Motor seier kommunikasjonsdirektør Øyvind Rognlien Skovli hos landets største bilimportør Harald A. Møller, at det er uråd å seie korleis utfordringane vil forplante seg.

– Dette er delar som er vesentlege i produksjonen av bilar, spesielt elbilar. Utover at ventetida blir lenger, så veit vi ikkje korleis det slår ut for kunden, seier han til NRK.

Øyvind Rognlien Skovli

FORSEINKA: Pandemien, ekstreme vêrforhold, brann og krigen i Ukraina forseinkar leveransen av nybilar. – Utfordringa er omfattande for heile bransjen, seier kommunikasjonsdirektør hos bilimportør Harald A. Møller, Øyvind Rognlien Skovli.

Foto: Kilian Munch

Ukrainsk fabrikk stengt

I Sunnfjord kommune i Vestland er Norodd Rørstadbotnen salsleiar ved bilforhandlaren Berge & Co i Førde. Han ser utover dei glinsande nybilane i butikken og legg ikkje skjul på at han er uroa for framtida.

– Det er synd det skal vere slik, det er også vanskeleg å kommunisere ut til kundane, seier han, men legg til:

– Bilen kjem til slutt. Det er trass alt verre for dei som bur i Ukraina.

Litt lengre borte i gata ligg bilforhandlaren Frydenbø. Av nybilar er det berre kinesiske merke dei leverer umiddelbart. Så langt har ikkje krigen i Ukraina påverka ventetida, men han fryktar det vil skje på sikt.

– Vi avhengige av ein konstant straum av leveransar for å halde oppe omsetjing og inntening, seier Geir Farsund ved Frydenbø.

Geir Farsund, salssjef Frydenbø

SPENT: Geir Farsund ved bilforhandlaren Frydenbø i Førde fortel at du må vente mellom fire og ti månader dersom du bestiller ein Volvo.

Foto: Bård Siem / NRK