Hopp til innhold

Elbilar fører til milliardtap – elbileigar Eva er open for å betale meir

Høgare elbil-andel gjer at store samferdselsprosjekt får trøbbel med finansieringa. No opnar statsråden for å heve bomsatsane for elbilar.

Eva Elbilist

FÅR RABATT: Elbileigar Eva Steigen betaler langt mindre enn fossilbil-eigarar i Bergen.

Foto: Anna Sophie Lehne Drangsland / NRK

– I ei ideell verd hadde kanskje staten finansiert meir av vegprosjekta her i Bergen, seier Eva Steigen (38).

Men ho vedgår:

– Det hadde vore ein ønskesituasjon, men elles synest eg at alle må vere med og bidra.

– Kor viktig var bompengerabattane for at du valde elbil?

– Det var nok ein liten faktor i familieøkonomien, men ikkje veldig viktig.

OPPDATERT klokka 14:12: NRK gjer for ordens skuld oppmerksam på at Steigen er nestleiar i Bergen Ap.

– Det handlar om byrdefordeling

– Elbilistane må bidra meir. Det handlar om byrdefordeling, seier Jenny Følling (Sp), samferdselspolitikar i Vestland og ordførar i Sunnfjord.

I dag betalar elbilistane fire kroner per bompassering i Bergen, mot 26 kroner for dei som køyrer dieselbil.

I dag nyttar 30 prosent av bilistane i byen elbil. Innan 2030 vil andelen truleg passere 70 prosent.

– Med denne utviklinga seier det seg sjølv at elbilistane må bidra meir, seier Følling.

Ferske utrekningar viser at Bypakke Bergen vil gå glipp av 8 milliardar kroner fram mot 2037 om bomsatsane for elbil ikkje blir auka.

Hovudutval for samferdsel og mobilitet i Vestland har difor vedteke å auka bompengesatsane for elbilar.

Men kor mykje bomsatsane i Bergen kan aukast er ikkje klart før Samferdselsdepartementet eventuelt godkjenner endringa.

Bompenger protest

IKKJE AKTUELT: Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) avviser at staten vil gå inn med direkte støtte til Bypakke Bergen eller andre bypakker.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Halverte bominntekter i Oslo

Inntektssvikten gjeld ikkje berre for Bergen. Nye tal viser at Oslopakke 3 ligg an til halvere bompengeinntektene sine innan 2030.

I dag er elbilandelen 32 prosent i Oslo, men kan passere 90 prosent i 2030. Fredag vart det klart at det er semje om å auke takstane i Oslo, Elbilar vil framleis få sterke rabattar.

«Finansieringa er svært utfordrande, spesielt fordi forventa bompengeinntekter er vesentleg redusert», heiter det i Handlingsprogram 2022–2025 for Oslopakke 3.

– Inntektene har vorte vesentleg lågare enn då vi vedtok bomtakstane i 2016. I tillegg har mange av prosjekta vorte vesentleg dyrare enn forventa, seier Sekretariatsleiar for Oslopakke 3, Terje Rognlien.

Nasjonale reglar seier at bomtakstane for elbil ikkje kan vere meir enn halvparten av kva det kostar å passere med bensinbilar.

– Økonomisk vil det vere ekstremt viktig for oss at det blir gjort endringar i dette regelverket, seier Rognlien.

Bomstasjonen i Jørgen Løvlandsgate i Oslo

OSLO: I dag er elbilandelen 32 prosent i Oslo, men kan passere 90 prosent i 2030.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

Vil la bomselskap gå konkurs

I Vestland vil Frp ikkje vere med på å auke bomsatsane for elbilistane i Bypakke Bergen.

– Det vil bli eit nytt bompengeoppgjer i Vestland dersom vi hevar satsane, seier Sigbjørn Framnes (Frp).

Han meiner staten må dekkje heile inntektssvikten på 8 milliardar kroner for Bypakke Bergen. I staden for å auke bomtakstane meiner han at bompengeselskapa må gå konkurs.

Kollega i utvalet, Marthe Hammer (SV), meiner Frp sitt forslag er «direkte useriøst».

– Vi kan ikkje la bomselskapa gå konkurs, seier ho.

Ho legg til at staten må dekke delar av inntektstapet, og vil supplere med høgare rushtidsavgift. I tillegg opnar ho for å heve gjennomsnittstaksten for bompasseringar.

Bommen på Bybrua i Stavanger

STAVANGER: – Det vil bli eit nytt bompengeoppgjer i Vestland dersom vi hevar satsane, seier Sigbjørn Framnes (Frp).

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Ministeren avviser direkte pengestøtte

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) avviser at staten vil gå inn med direkte støtte til Bypakke Bergen eller andre bypakker.

– Nei, det er ikkje aktuelt. Det ville vore ein heilt ny politikk som det ikkje er finansielt grunnlag for i staten, seier han.

Når det spørsmålet om å endre regelverket, slik at bomselskapa kan auke bomsatsane for elbilar, er ministeren meir positiv.

Han har nyleg teke initiativ nettopp til å gjennomgå rabattordninga for elbilar i bomringar.

– Vi ser dei finansielle utfordringane det blir peika på frå Oslopakke 3, Bypakke Bergen og andre bypakkar. Difor vil vi sjå på regelverket, seier han.

Statens vegvesen har fått jobben med å evaluere regelverket. Det vil kome ein konklusjon i løpet av året, lovar Nygård.

Til bomselskap som eventuelt kan stå i fare for å gå konkurs, seier ministeren:

– Då er det er partane i bypakkene sitt ansvar å kutte prosjekt. Eg forstår at det ikkje er ei festleg affære å gå inn i, men dette er ein del av verkemidla dei har lokalt.

Jon-Ivar Nygård

SER PÅ 50 PROSENT-GRENSA: Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) har bede Vegvesenet om å sjå på regelverket som nektar bomselskapa å krevje meir enn 50 prosent av fossilbil-takst for elbilar.

Foto: Birger Kjølberg