Ordførarar slår alarm om status til geoparkar i Noreg
31 ordførarar og tre fylkesordførarar har signert eit opprop mot å kutta støtta til dei fire geoparkane i Noreg som har Unesco-status. To av desse ligg på Vestlandet, mellom anna i Sunnhordland. Sidan 2020 har staten løyvd éin million kroner til kvar park, men i år er støtta teke vekk. «Fire Unesco-statusar står her på spel,» heiter det i oppropet. Bak oppropet står blant andre fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland, pluss fylkesordførarane i Vestfold og Telemark. I tillegg er ein rad andre ordførarar frå både Nordland, Vestland, Rogaland, Vestfold, og Telemark, på lista.